torsdag 10. oktober 2013

Kjole med mariusmønster.

Det er alt for lenge sidan eg laga ein blogg, no får eg sjå om eg ikkje kjem i gang att. Får starte med å vise kjolen eg har strikka til minste gullet vårt.
Utgangspunktet var nokre nøster med babygarn kjøpt i Flensburg i sommar. 2 nøster beige og 2 nøster ubleika babygarn. Merket var Lana Grossa "Cool Wool Baby". Garnet er godt å strikka og drøyt i bruk, Kjolen veg berre 115 gr i str 1 år. Superwash er garnet og, det gjer stellet lettare for travle småbarnsmødre.

Eg veit mammaen liker dei tradisjonelle norske mønstera, og mine tankar for då til ein eigen variant av MARIUSMØNSTERET. Utgangspunktet fann eg i denne boka:
Eg ville ikkje strikka den vanlege varianten, men laga min eigen vri. Bærestykket på denne kjolen synest eg så fint, men likar godt ein kjole utan armar. Då kan dei ofte bruka den mykje lenger. Lettare å pynta den opp eller vera kvardagsleg, alt kva dei brukar til av strømpebukser og toppar.
Valet vart då å strikka mariusmønsteret nede med det runde bærestykket oppe. Utgangspunktet tok eg i denne kjolen med setesdalsmønster men gjorde ein del endringar.
  • Felte 18 masker 3 gonger oppover mønsteret for å få eit litt utskrått
  • Strikka riller ved opplegget på armane og som avslutning  
  • Hekla tungekant nede på skjørtet for at den ikkje skulle bretta seg opp.

Vart jo fornøyd med resultatet då, må eg tilstå. Litt stor, men kan brukast også no. Var så heldig å ha prinsessa på besøk ein dag, måtte då prøva kjolen på for å sjekke størrelsen. Tilbehøret var ikkje plukka med omhu, men greit nok synest eg.

Er ho ikkje eit sjarmtroll?

4 kommentarer:

  1. Godjenta er kjempesøt i denna kjolen. Likte den godt i din lyse variant! Lykke til med basar og aktiviteter for yrkesstova! Dåke er flinke damer som holder i hevd, gamle handarbeidsteknikkar!

    SvarSlett
  2. Så nydeleg og søt ei jente! Kjolen var flott, bærestykke var veldig fin til den kjolen.

    SvarSlett
  3. Knallfin kjole -lyse og lekre farger gjorde seg til dette mønsteret. Og hullmønster oppe er bare søtt!!
    Og riktig så søt er også den lille tullemoren :))

    SvarSlett
  4. Nydelig kjole til ei herlig, lita jente.

    SvarSlett