fredag 30. august 2013

Babysett - gevinst til basaren 2013

Kvart år når ferien er slutt, ja helst litt før, er det basaren som krev litt innsats. Og med basaren meiner eg sjølvsagt basaren i OS HUSFLIDSLAG. Å vera eigar av eige hus krev pengar til vedlikehald og opprustning. Og når ein starta med slike ting renn pengane fort ut.

Huset vårt heiter "Yrkesstova" og er bygd av  barakker frå ubåthamna på Hatvik frå siste verdskrig, og vart bygd i 1946. Det fekk eit påbygg på slutten av 70-talet. Her har vi alle våre aktiviteter. Heldigvis er medlemmane flinke å støtta opp om basaren med gevinstar og loddsal. Det gjer arbeidet enklare for styret.

I år er ein av gevinstane eg bidreg med eit hentesett. Eg har strikka det i eit garn frå Hillesvåg som heiter Sol, eit deilig og tynt superwashgarn. Synes det er greit at det kan vaskast i maskin når eg ikkje kjenner mottakaren. Brukte berre 107 gr, så det er drøyt i strikk. Strikka på på pinne 2,5 mm, blir lekkert dtynt og fint til eit lite nor. Eg valgte å strikka det i ein kjønnsnøytral farge og etter eit mønster i Sandneskatalog som heiter Tema 24.

5 kommentarer:

  1. Lekkert sett, og det føyer seg nok inn i rekka over mange andre lekre gevinstar. Den basaren støttar eg alltid opp om, og eg har vunne bra også:)

    SvarSlett
  2. Et nydelig sett, Åshild!
    Babytøy strikket i tynt ullgarn er bare en super gevinst :))

    SvarSlett
  3. Nydeleg hentesett i enkelt og fint mønster, blir ein flott gevinst!

    SvarSlett
  4. Helt nydelig Åshild, heldig den som får dette :)

    SvarSlett
  5. Så heldig dere er som har et slikt hus i husflidslaget. Det inspirerer til dugnadsinnsats og mange plasser er dugnad den nye møteplassen. Lekker jakke du har strikka også!

    SvarSlett