Sjølv om det er sommar er det godt å "ha eit strikketøy på hendene", også når det er ferie. Mange gonger når det er varmt tyr eg til småstrikk. Då er det greit med labbar, huer, vottar, pulsvantar og lignande. Store plagg vert utruleg varme nedover fanget, dessuten skal jo sola sleppe til å gje litt farge til ein solhungrig kropp. Men litt strikk på eit stort plagg vart det no og, eg fekk jo gjort ferdig tunikaen eg blogga om tidlegare i veka.
Eg relaterer ofte mine idear etter kor eg får dei. I Trondheim i mai vart eg gjort merksam på JC'hua. Den synest eg såg flott ut og skulle vera grei å strikka i fleire størrelser og design. Med på ferien vart ein pose med restegar i tjukkelsen Smart, Falk og liknande. Noko av det er no blitt til 2 huer, den tredje strikka eg i DK frå Wollmeise. Brukte ein rest etter tunikaen min.
Dette er hua til barnebarnet på 2,5 år. Han tok den godt ned over øyrene og nekta ta den av. Strikka i restar av Smart. 100 masker på p 3,5 mm. Hua veg 48 gr.
Dette er hua eg strikka i DK frå Wollmeise, ein rest etter tunikaen min. Dette truddee eg var ein vaksen størrelse, men barnebarnet på 7,5 år synest den var heilt perfekt. Så då vart den hans. Her la eg opp 120 gr på p 3,5 og hua veg 74 gr.
Den siste hua brukte eg opp 3 restar Falk og Smart. 120 masker på p 3,5. Passar ein gut som går første åra på skulen. Vert nok ein gevinst på haustens basar.
Av restane mine strikka eg og junivottane i Projo's vottealong. Mønsteret heiter Midnattsol og er eit randi K design. Desse passa til eldste barnebarnet mitt, ligg på vent til vinteren kjem. Håper det vert riktig lenge til!
Rettferd er viktig for ei bestemor. Yngste mann i flokken måtte og få noko feriestrikk. Tidlegare i vår tinga eg ein pakke hos Marte Helgetun med karbonpinnar og mønster/garnpakke til nokre små tøflar. Synest dei såg så søte ut. Dei er strikka i Hverdagsgarn frå DSA og vart fine etter toving. Litt lange enda, men jenta veks fort. Kan sterkt anbefale både tøffelpakken og pinnane frå Marte. Servicen er også topp.
3 nøster med labbegarn kjøpt i Bormio i fjor sommar fekk og vera med på ferien, av dei vart det 2 par labbar. Eit par til eit barnebarn og eit par til boksen der eg samlar ferdige ting med ukjent mottakar. Alltid greit å ha litt på lur.
Til sist vil eg ta med eit bilde frå vottealonegn sitt juliprodukt. ( uff --- ser eg skulle ha hatt ein krøllfri duk ---) Eit par lange pulsvantar strikka i Drops alpakka etter eit mønster frå Drops. Tok med garn og mønster på helgas hyttetur og strikka ivrig i veg. Skulle vera nok med eit nøste, men då mangla eg 4 omgangar. Kjedeleg!!! Heldigvis var det meir garn heime, og no har eg somla meg til å gjera dei ferdig. Også desse får komma i kassen med ferdige produkt med ukjent mottakar.
Garnslanking er eit omgrep som kanskje ikkje kan brukast her- men eg har i alle fall brukt garn frå lageret mitt. Likevel er det vel slik at garnbruken i desse småplagga ikkje gjer noko stort innhogg i lageret mitt.
Til slutt vil eg takka alle som ser innom bloggen min. Det set er utruleg stor pris på! Ønskjer dåke ein flott dag :-)
Velkommen til blogen min! Her vil eg nok mest skriva om mine handarbeidsprosjekt og det som høyrer dei til. Eg er glad i det meste som gjeld handarbeid, men strikking er nok favoritten. I tillegg til å strikka sit eg gjerne ved veven og symaskina. Eg er nok mest glad i å strikka og sy klær. I veven har det vorte mest løparar. Det hender eg broderer litt og, men det må eg tilstå ikkje er ofte. Dei fem barnebarna er nok dei som eg oftast lagar noko til.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Her var det mykje fint du har fått til av restegarn, du har jobba godt i sommar :)
SvarSlettSkal si at restegarnet forvandlet seg til flotte luer og votter!
SvarSlettKlart at minstemann også må få seg noe... Skjønne tøfler!
Veldig greie sokker i en fin farge.
Og når det gjelder vottealongen -fine bidrag her :)
Og hvor mange hender har du da Åshild? :) pluss den flotte tunikaen som du gjorde i sommer. Masse fint du har laget, du verden.... Heldige barn :) god helg til deg, går fort mot okt no ;)
SvarSlett