mandag 29. oktober 2012

Oppbevaring av magebelter

Å veta kva garn er laga av og kva det er brukt til er viktig. Dei fleste garn har på seg magebelte eller lapp der det står om garnet. Her finn ein og korleis eit plagg skal stellast, strikkefastleik, kva det inneheld, antall meter mm.

Som regel heng eg med eit slikt magebelte på eit plagg når eg gjev det bort for å sikre at mottakar får denne informasjonen. Men sjølvsagt hender det at både dei og eg lurer på korleis plagget skal stellast? Å stole på at eg skal hugse slikt har efg funne ut er "toppen av optimisme".

 
No har eg funne mi løysing på dette. Eg har kjøpt meg eit fotoalbum på europris med plastlommer. Her skriv eg inn litt informasjon, gjerne kor mykje garn eg har brukt, om eg likte garnet, kor det er kjøpt ol.
 
 
Så no vonar eg og trur eg skal klare å halda betre oversikt. Men det er det vel berre tida som vil vise?

fredag 26. oktober 2012

VM- genser 2013

Reklame for Dale sin VM-genser 2012 fanga barnebarnet fort. "Bestemor kan du strikke ein slik genser til meg? Men den må ha glidelås? Kan du det?" Når 6-åringen ser på meg med sine blå augo er det greit å svara ja!

Guten er det varme slaget, så eg ville strikka genseren i Daletta. Eg kom heim og viste han garnet, men då lyste skuffelsen i augo. Fargen var ikkje den rette, den skulle vera mellombrun og svart, nett som Petter Northug sin.

Brun var ikkje å få i Daletta, så eg gjekk nokre rundar med meg sjølv og guten. Enden på den visa vart at eg bytta tråden inn i Sisu.  Så genseren er strikka i sisu svart og brunbeige. Barnemønstera er eigentleg berre i Falk, noko som eg for tjukt og varmt til guten vår. Eg har difor strikka masketalet på damegenseren i XS med lengdene til 8 år, og utan felling og auking i sida.


No er genseren ferdig strikka og montert, akkurat i tide til at vinteren kom.Litt arbeid er det på dette mønsteret, men når resultatet er bra kan eg ikkje klaga. Likar eigentleg ikkje glidelås på strikkaplagg, men dette er så kort at det gjekk fint å få inn i listene. Fin i størrelsen vart den, og guten som eigentleg ikkje er så glad i ullgensarar har lova å bruke den flittig!

onsdag 3. oktober 2012

Nybakt meisemamma!

Mange gonger har eg høyrt om det lekre garnet frå Wollmeise, noko som har gjort meg svært nyskjerrig. Kvifor har dette garnet ein så spesiell klang? Når så ei venninne la ut info på facebook at garnet var tilgjengeleg, var eg ikkje vegen lang inn til sida deira. Om eg lot meg freiste? Ja det kan du vera trygg på. Bestilling sendt og betalt, så vente i spenning.

Endeleg kom hentelapp med innbetaling av toll. Endeleg var pakken komen. Skulle nesten hatt bilde frå postkonteret... eller bilen. For ute i bilen vart pakken raskt opna, kunne ikkje vente til eg kom heim.


Inne i den vatterte posen kom endå ein pose fram, men denne gongen med tekst på. Spennande innpakning med andre ord. Ei lita flaske med ullvaskemiddel datt og ut av pakken.

 
Med nærare inspeksjon av posen oppdaga eg at teksten er oversetting av engelske strikkomgrep til tysk! Så den må nok takast godt vare på. Kan kanskje komma vel med ein eller annan gong?

Så over til innhaldet i posen. 5 hesper med deilig ullgarn. Passe tynt til pinne nr 2.5 mm. ¤ av hespene er i ein herleg djup Lavendel og ei i ein djup turkis dei har kalla Aquarius. Litt leit at eg ikkje klarte å få fram dei utruleg flotte fargane på bildet til tross for mange forsøk i varierande lys, ute og inne.

 
Gleder meg til å strikke meg noko av dette garnet, men først må eg nyte det i hespeform. Kva det skal bli får vi koma tilbake til i seinare blogg.