Som alltid når vi er på tur, er strikketøyet med. Eg strikkar gjerne når vi køyrer, men og når vi har slått oss til ro. Denne ferien har eg i hovudsak strikka vottar og labbar, for hausten og vinteren kjem nok i år og.
Først å fremst var det dei yngste barnebarna som fekk vottar då vi kom heim. Mønstera er henta frå Votteboka til Jorid Linvik. Dei fleste er strikka i PT5 frå Rauma, men ekornvottane er strikka i restegarn frå Sjølingstad Uldvarefabrik.
Dette restegarnet var og nok til Nettvotten når eg sløyfa stripene på bråtet. Dette er ein damestørrelse, designer Wenche Roald/vottelauget.
I votteboka til Jorid Linvik er det og mønster til desse vottane, eg har strikka dei i Rauma PT5.
Det eg kosa meg mest med å strikke var nok denne jakken. Den er designa av Pinneguri og heiter Barnejakka Eivor, mønster finn du her på Ravelry. Synest den vart fin til den vesle prinsessa vår. Jakken er strikka i Drops Alpakkasilke.