onsdag 21. november 2012

Ei ferdig vevrenning - og draumen om nye arbeider

Veving er noko av det eg har tatt til med dei 2 siste åra. Eg har ein vev heime og så er eg aktiv i vevgruppa i Os husflidslag. Sidan eg aldri har lært å veva og ikkje har gått noko kurs er det mykje å finna fram til. Mønster, utstyr, teknikkarog ikkje minst ord og uttrykk. I fjord sette eg opp ei raud og beige renning heime. Denne vart i lengste laget, men no har eg fått klipt ho ned. Det gjennstår oppdeling og falding av løparane no.


Her ser det korleis resultatet vart før falding og rulling. Mønsteret til desse løparane kjøpte eg hos Seljord garn- og vevsenter, der kjøpte eg og cottolin til renninga. Dei er servicevennlege og hjelpsomme. Kan trygt anbefale å kjøpe hos dei. Til innslag har eg stort sett brukt lin av litt ulik type, kun¨til den siste som er litt beige på venstre sida er det brukt bomull. Synes lin gir flotte løparar med glans og fin overflatte og som ligg godt på bordet.


På ein Monica.vev i vevgruppa har eg vevd eit sjal i hundetann-mønster på 4 skaft. Her er det renning til fleire sjal, så eg må nok vente litt før eg får gjort det ferdig med frynser og toving. Då skal det nok komme eit bilde av det ferdige resultatet og meir informasjon.


I går fekk ein spennande konvolutt i posten, ei vevbok kjøpt på nettet. Her er det mykje spennande. Gleder meg til å komma så langt i mine prosjekt at eg kan setja opp noko frå denne boka. Er glad for at handarbeidsbøker kan lesast som underhaldning for oss som har mykje å læra. Ein eller annan gong får eg håpe at dette kan eg meistre :)

4 kommentarer:

  1. Løperene dine er kjempefine! Stilig å se hvor forskjellige løpere du har laget på samme renning:)
    Skal bli spennende å se sjalet ditt etter toving.
    Jeg er jo så heldig at jeg har fått se i vevboken din. Den inneholdt virkelig mange lekre mønstre.

    SvarSlett
  2. Den vevboka så spennende ut! Så artig det hadde vært om flere prøvde seg på samme oppsetting og kunne hjelpe hverandre når vi står fast.
    Jeg har vevd halvdreiel som ligner litt på forsidebildet, og mener jeg brukte 4 skaft og fire trøer - og det er jo overkommelig . .
    Så trivelig å få kontakt med deg igjen etter at vevgruppa på Trådsnella ble borte . .

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, denne boka byggjer på 4 skaft og 4 eller 6 trøer, om ein vil ha eigne trøer for lerretsvev. Alle renningane har 800 trådar. Då skal ein kunne hovle om til nye mønster under vegs. Alltid kjekt med felles interesser. Ideen om å setja opp same renninga og hjelpe kvarandre er god. Den får vi ta opp ved eit pasande høve.

      Slett
  3. Du er så flink Åshild :) ha ei fortsatt god jul, kos deg

    SvarSlett