søndag 24. februar 2013

Camilla, eit flott namn på desse labbane!


Eg har vore med på Bittami sin "rødstrømpealong" og har strikka desse labbane etter det flotte mønsteret som ho har delt med oss som deltok. Målet er at alle skal vera ferdig med labbane og bruke dei på kvinnedagen 8. mars.

Labbane har Bittami gitt namnet Camilla etter Camilla Collett. Ei beundringsverdig kvinnesakskvinne som vart fødd for 200 år sidan. Det må eg sei er eit namn som høver svært godt!

Mønsteret fekk vi i 5 delar, og då krev det tolmod å vente på neste del. Var klar med pinnane til kvar ny mønsterdel, utolmodig som eg kan vera når det gjeld slike ting.







Eg har strikka labbane i eit garn eg fekk frå Zirkona våren 2012 når dei var på "garnvandring" her i Bergen. Garnet har ho farga sjølv og har nokre herlege sjateringar.

Det såg ut som det kunne verta litt knapt med garn, så helen strikka eg i ein og ein halv tråd av sisu. Prøvde først med både enkelt og dobbelt garn, men vart ikkje heilt fornøyd. Løysinga då vart å dele den eine slik at garnet vart 6-delt. Helen vart også litt forsterka då, så det kan kanskje forlenge levetida. Som de ser vart det ein haug med avrevne fibrar som hamna i bosset.



mandag 18. februar 2013

Alongstrikking og andre prosjekt!

Ei stund sidan siste blogg og det skuldast ikkje at eg ikkje held på med handarbeid! Litt sjukdom og travle tider har gjort at denne oppgåva kom litt i bakleksa. No vil eg difor gje ei lita oppdatering i kva eg har brukt tida på på handarbeidsfonten til ... og litt til.
LHL har gåande ein kampanje der dei set føkus på hjarte og karsjukdommar hos kvinner.
I det høve fekk eg spørsmål om Os Husflidslag kunne hjelpe til med å markere dette arbeidet.
Eg synest det er eit viktig arbeid LHL her driv og svara ja, både på vegne av laget og meg sjølv.

Nokre av medlemane strikka hjarte hos oss, det same gjorde medlemmane i LHL, avdeling OS. Det kom inn mange flotte hjarte, og dei pynta opp på den kvite veggen der dei no heng.



For fredag sette vi opp utstillinga på Amfi Os i andre etasje. Leiinga på senteret her er svært hjelpsomme og vi fekk låne utstyr og trapp. Synes det er kjekt å kunne samarbeide med andre lag, verta kjent med kva andre driv med.

Litt rart å tenke på at vi kvinner har andre symptom enn menn ved hjartesjukdom, men kanskje ikkje like rart at det er menn som har vore i fokus når det gjeld forskning?
Vil du lesa meir om dette arbeidet finn du info hos LHL


Alongar har elles vore ei stor freisting dette året. Før eg rakk trekke pusten og tenkje meg om hadde eg starta på to stykker.
Vottealongen til Projo skal gå gjennom heile året, skal strikke eit par vottar kvar månad. Her får vi velja mellom 2 mønster kvar månad, blir spennande å sjå kva som dukkar opp No er eg godt gang og dei to første para er ferdige.





Over er bilde av januarvottane "brennende kjærlighet". Mønsteret kjøpte eg hos Jorid Linvik. Dei er lett tova og passar ei litt smal damehand.

Til høgre ser du "Stripeleik" av Marianne Nesse strikka etter eit gratismønster på Ravelry

Begge desse para er strikka i Ask - Hifa 2 frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Dei veg berre 140 gram til saman, så dette er eit drygt garn i bruk.





Innimellom hjartestriking og alongar har eg fått gjort ferdig dette sjalet som eg tenkte kunne verta ein gevinst til Husflidslaget sin basar til hausten. Sjalet er strikka i dobbel tynn bouclegarn kjøpt på eit garnutsal på Oleana fabrikken for nokre år sidan. Mjukt og godt og svært lett. Vart gjerne litt langt, men sidan det er strikka på langs, "får det bli som det er når det ikkje vart som det sku...."


På pinnane no har eg hentesett og labbar i ein along! Det skal dåke få sjå når dei er ferdige............

......... må ha litt å skriva om i neste blogg og!