søndag 25. mars 2018

Xstatic for me - genser med innstrikka ermer.

Eg likar så godt gensere med isatt arm,  og kan dei strikkast frå toppen og ned 
er det supert. Då er det lite montering og at på til kan ein tilpasse størrelsen 
etter kvart som arbeidet glir framover.
Denne gangen har eg valgt eit mønster av Isabell Kraemer, kjøpt på Ravelry, med framgangsmåten "continguous set-in-sleeves". Mønsteret kan kjøpast HER. Designeren har fleire fine modellar.
Denne framgangsmåten gircei litt skrå skulder, men etter vask så er genseren 
fin på. Dessverre vokste genseren litt i vask, og går litt ut i bruk, men den er behageleg i bruk. Skylda for det må eg legge på garnvalget, Malabrigo Silky Merino.
Designeren har laga ein ny vri på avfellinga, den gav ei fin avslutning. 
Halsutringinga er kledeleg, litt open.
Strukturmønsteret er og med å gir liv til dei glatte partia. Vil 
anbefale framgangsmåten i dette mønsteret, det har gode forklaringar. 
Mønsteret er på engelsk.

fredag 23. mars 2018

Damejakka Trudilutt - teststrikking.

Pinneguri er ei av mine favorittdesignarar, ho lager mønster med god passform til både liten og stor. Fleire av hennar design er blant mine favorittjakker.

Denne gongen har eg fått teststrikka Damejakka Trudilutt, ho byggjer på same leist som barnejakka Trudilutt. Den teststrikka eg i fjor før mønstetet vart publisert i bladet Garn. Mønsteret til Damejakka Trudilutt kjem i salg på Ravelry etter påske, så det du får her er ein sniktitt av ein av vårens nyheiter.

Denne jakka er strikka i Rauma Finull på pinne 2,5 og 3 mm. Det kjekke er at det ikkje er så lange trådspenn at trådane må tvinnast, med unntak av litt rundt dei store rosene då. I følgje Pinneguri har ho har funne inspirasjon i boka Selbuvotter av Anne Bårdsgård.

Her er ryggen på jakka, med rosene slik eg har plassert dei. Det morosame her er at strikkaren sjølv plasserer dei store rosene, det vil gje litt variasjon i korleis dei kjem til å bli. Men rosene på albogane finn ein mål på korleis dei kan plasserast.

Denne gongen har eg montert jakka med band over klippekanten, det kjem eg gjerne til å gjera igjen. Vil kanskje då bruke eit litt stramare band, det bølga seg litt denne gangen.

Dersom du er interessert i Pinneguri sine design finn du dei på HER på Ravelry. Denne jakkka er dei mi gode, kjekke nabo som skal bruka, eg håper ho vil få stor glede av ho.

Til slutt ein stor takk til deg som ser innom bloggen, ja til og med legg igjen ei helsing. Eg ønskjer dåke alle ei god påske! Håper våren melder sin ankomst desse ftidagane.

tirsdag 13. mars 2018

Huer - lette arbeid på pinnane

Av og til er det kjekt å ha eit litt lettare arbeid på pinnane. Då tyr eg gjerne til huer, både av det lettstrikka og krevjande slaget. Dette kan vera restestrikk og bilstrikk eller kanskje som fordjupning i ein teknikk.

Som fordjupning har eg strikka ei hue i brioche, dette som oppfølging av sjalet eg viste i ein blogg tidlegare. Dette er ei hue designa av Raina K og heiter Hearts in Head. Link til mønsteret på Ravelry finn du her.


Hua er strikka i Cool Wool Merinowolle på pinne 3 mm. Det er kjekt med huer i brioche, dei kan snuast og brukast med begge sider ut. Det blir nesten som to huer i ei.

Denne sida er strikka som retta.

Men kanskje er ho like fin med denne sida ut? Det får den som ein gong skal bruke huo bestemme.

Ei anna hue som er kjekk å strikke er JC - lue. Dette oppskrifta er og på norsk, oppskrifta kan du finna her. Denne er strikka i ein rest Hjertegarn frå Hillesvåg på pinne 2.5 mm. Dettever den tredje hua av same slaget i vinter, populære herrehuer som sitt godt på hovudet.