fredag 23. mars 2018

Damejakka Trudilutt - teststrikking.

Pinneguri er ei av mine favorittdesignarar, ho lager mønster med god passform til både liten og stor. Fleire av hennar design er blant mine favorittjakker.

Denne gongen har eg fått teststrikka Damejakka Trudilutt, ho byggjer på same leist som barnejakka Trudilutt. Den teststrikka eg i fjor før mønstetet vart publisert i bladet Garn. Mønsteret til Damejakka Trudilutt kjem i salg på Ravelry etter påske, så det du får her er ein sniktitt av ein av vårens nyheiter.

Denne jakka er strikka i Rauma Finull på pinne 2,5 og 3 mm. Det kjekke er at det ikkje er så lange trådspenn at trådane må tvinnast, med unntak av litt rundt dei store rosene då. I følgje Pinneguri har ho har funne inspirasjon i boka Selbuvotter av Anne Bårdsgård.

Her er ryggen på jakka, med rosene slik eg har plassert dei. Det morosame her er at strikkaren sjølv plasserer dei store rosene, det vil gje litt variasjon i korleis dei kjem til å bli. Men rosene på albogane finn ein mål på korleis dei kan plasserast.

Denne gongen har eg montert jakka med band over klippekanten, det kjem eg gjerne til å gjera igjen. Vil kanskje då bruke eit litt stramare band, det bølga seg litt denne gangen.

Dersom du er interessert i Pinneguri sine design finn du dei på HER på Ravelry. Denne jakkka er dei mi gode, kjekke nabo som skal bruka, eg håper ho vil få stor glede av ho.

Til slutt ein stor takk til deg som ser innom bloggen, ja til og med legg igjen ei helsing. Eg ønskjer dåke alle ei god påske! Håper våren melder sin ankomst desse ftidagane.

1 kommentar:

  1. Bare så flott og nydelig! Digger når rosene kjem litt her og der! Ha riktig God Påske!

    SvarSlett