fredag 30. august 2013

Babysett - gevinst til basaren 2013

Kvart år når ferien er slutt, ja helst litt før, er det basaren som krev litt innsats. Og med basaren meiner eg sjølvsagt basaren i OS HUSFLIDSLAG. Å vera eigar av eige hus krev pengar til vedlikehald og opprustning. Og når ein starta med slike ting renn pengane fort ut.

Huset vårt heiter "Yrkesstova" og er bygd av  barakker frå ubåthamna på Hatvik frå siste verdskrig, og vart bygd i 1946. Det fekk eit påbygg på slutten av 70-talet. Her har vi alle våre aktiviteter. Heldigvis er medlemmane flinke å støtta opp om basaren med gevinstar og loddsal. Det gjer arbeidet enklare for styret.

I år er ein av gevinstane eg bidreg med eit hentesett. Eg har strikka det i eit garn frå Hillesvåg som heiter Sol, eit deilig og tynt superwashgarn. Synes det er greit at det kan vaskast i maskin når eg ikkje kjenner mottakaren. Brukte berre 107 gr, så det er drøyt i strikk. Strikka på på pinne 2,5 mm, blir lekkert dtynt og fint til eit lite nor. Eg valgte å strikka det i ein kjønnsnøytral farge og etter eit mønster i Sandneskatalog som heiter Tema 24.

torsdag 29. august 2013

Sommarens småstrikk!

Sjølv om det er sommar er det godt å "ha eit strikketøy på hendene", også når det er ferie. Mange gonger når det er varmt tyr eg til småstrikk. Då er det greit med labbar, huer, vottar, pulsvantar og lignande. Store plagg vert utruleg varme nedover fanget, dessuten skal jo sola sleppe til å gje litt farge til ein solhungrig kropp. Men litt strikk på eit stort plagg vart det no og, eg fekk jo gjort ferdig tunikaen eg blogga om tidlegare i veka.

Eg relaterer ofte mine idear etter kor eg får dei. I Trondheim i mai vart eg gjort merksam på JC'hua. Den synest eg såg flott ut og skulle vera grei å strikka i fleire størrelser og design. Med på ferien vart ein pose med restegar i tjukkelsen Smart, Falk og liknande. Noko av det er no blitt til 2 huer, den tredje strikka eg i DK frå Wollmeise. Brukte ein rest etter tunikaen min.

Dette er hua til barnebarnet på 2,5 år. Han tok den godt ned over øyrene og nekta ta den av. Strikka i restar av Smart. 100 masker på p 3,5 mm. Hua veg 48 gr.

Dette er hua eg strikka i DK frå Wollmeise, ein rest etter tunikaen min. Dette truddee eg var ein vaksen størrelse, men barnebarnet på 7,5 år synest den var heilt perfekt. Så då vart den hans. Her la eg opp 120 gr på p 3,5 og hua veg 74 gr.

Den siste hua brukte eg opp 3 restar Falk og Smart. 120 masker på p 3,5. Passar ein gut som går første åra på skulen. Vert nok ein gevinst på haustens basar.

Av restane mine strikka eg og junivottane i Projo's vottealong. Mønsteret heiter Midnattsol og er eit randi K design. Desse passa til eldste barnebarnet mitt, ligg på vent til vinteren kjem. Håper det vert riktig lenge til!

Rettferd er viktig for ei bestemor. Yngste mann i flokken måtte og få noko feriestrikk. Tidlegare i vår tinga eg ein pakke hos Marte Helgetun med karbonpinnar og mønster/garnpakke til nokre små tøflar. Synest dei såg så søte ut. Dei er strikka i Hverdagsgarn frå DSA og vart fine etter toving. Litt lange enda, men jenta veks fort. Kan sterkt anbefale både tøffelpakken og pinnane frå Marte. Servicen er også topp.

3 nøster med labbegarn kjøpt i Bormio i fjor sommar fekk og vera med på ferien, av dei vart det 2 par labbar. Eit par til eit barnebarn og eit par til boksen der eg samlar ferdige ting med ukjent mottakar. Alltid greit å ha litt på lur.

Til sist vil eg ta med eit bilde frå vottealonegn sitt juliprodukt. ( uff --- ser eg skulle ha hatt ein krøllfri duk ---) Eit par lange pulsvantar strikka i Drops alpakka etter eit mønster frå Drops. Tok med garn og mønster på helgas hyttetur og strikka ivrig i veg. Skulle vera nok med eit nøste, men då mangla eg 4 omgangar. Kjedeleg!!! Heldigvis var det meir garn heime, og no har eg somla meg til å gjera dei ferdig. Også desse får komma i kassen med ferdige produkt med ukjent mottakar.

Garnslanking er eit omgrep som kanskje ikkje kan brukast her- men eg har i alle fall brukt garn frå lageret mitt.  Likevel er det vel slik at garnbruken i desse småplagga ikkje gjer noko stort innhogg i lageret mitt.

Til slutt vil eg takka alle som ser innom bloggen min. Det set er utruleg stor pris på! Ønskjer dåke ein flott dag :-)

onsdag 21. august 2013

Tunika i meisegarn!

Då vi var på tur til Trondheim såg eg eit mønster eg berre fall for, ein nydeleg tunika, i Familien nr 10/2013. Tankane kverna rundt, den tunikaen måtte eg berre ha! Sølvi var snill og lånte meg mønster, og på lager hadde eg DK frå Wollmeise. Hadde kjøpt 4 hesper på 200 gr kvar, fann ut at det skulle vera nok til denne modellen. Fargen heiter Lapislazuli og er ganske djup og kald i fargen.

Eg starta på dette prodjektet i vår, og har strikka på det samstundes som eg og har ei jakke på pinnane. Dette er vel omtrent så langt eg var komen då ferien byrja i midten av juli. Resten vart feriestrikk i bubilen.

Som alltid når eg finn eit mønster eg likar må det gjere endringar under vegs. Strikkefastleiken var ikkje lik på garnet eg brukte og det i mønsteret, måtte leggja opp litt fleire masker. Det skulle vera to ulike mønsterstriper oppover bolen, ei flette og eit med riller og rette masker. Fletta var fin, men eg synest den andre var litt kompakt. Den bytta eg ut med eit holmønster som gjer eit litt mindre kompakt uttrykk. Oppdelinga i felt gjer at tunikaen fell veldig fint, tråden er det også godt fall i.

Fletta øverst skulle strikkast for seg å syast på. Må tilstå eg liker betre å strikka saman når det er mogeleg. Fann ut at kan eg strikka saman årsteppet, må eg kunne strikke fletta på tunikaen og. Talde ut omgangar i mønster og fann ut kor mange masker eg kunne ha for å få eit heilt mønster midt bak og midt på eit mønster framme. Streva litt med å få ei fin samanfelling og overgang mellom flette og bol. Er fornøyd med løysinga eg kom fram til.

Neste utfordring var å få eit fint parti over fletta. Eigentleg skulle det strikke like høgt framme og bak. Problemet mitt er at eg ikkje likar plagg som er utringa bak? Strikka difor ei rundfelling og avslutta med ein rullekant.

Tunikaen er eg svært fornøyd med. Berre synd at eg ikkje klarar å få fram den flotte djupe blåfargen på bileta. Men ser du for deg smykkesteinen med same namn i ein djup farge, er det nok ganske nært fargen på tunikaen. Denne skal verta lun og god utover hausten og vinteren. Meisegarnet er det ein fornøyelse å ha på pinnane, ikkje noko minus at dette garnet er superwashbehandla. Kanskje det er av interesse at eg brukte 780 gr i str 44.

mandag 19. august 2013

Ikkje enkelt å handla garn i ferien!

Garnkjøpa denne ferien gjekk ikkje som planlagd, men litt vart det no med heim. Og det er ikkje det at ikkje reiseføgje la til rette for handel, men det er mykje som skal takast hensyn til før garnet vert med meg heim.

For å få kjøpa garn må eg først
  • Bruka Knitmap for å finna ein butikk på ruta vi skal køyra
  • Vera på staden når butikkane har ope
  • Klara å finna parkering til 2 bubilar, noko som ikkje alltid er like enkelt
Vårt første forsøk var i Agen i Frankrike på vegen mellom Carcasonne og Bordeaux. Her kom vi ein laurdag i lunsjen. Vi klarte parkera bilane og sjåførane vart igjen med bilane. Veninna mi og eg tok GPS,en og fann greit vegen til garnbutikken. Blant anna viste desse syklane oss vegen.
 

Butikken var stengd!!!! men det var jo lunsj, kanskje butikken ville opna igjen? Skiltet i butikken tilsa at butikken skulle vore open, men......? Ved å spørja oss litt fram fann vi ut dei fleste butikkane opna att ca kl 2... eller halv 3.... eller? Det er jo gjerne slik at heilt presis er dei ikkje altid i Frankrike.

Inne i butikken lyste flotte garn mot oss, blant anna frå Bergere De France. Store lappar om sal var det og. 50 % avslag. Vi venta ..... og venta....... og venta! Men til slutt måtte vi berre returnere utan garn.

Neste stopp, Bordeaux,  hadde fleire garnbutikkar. Men der var vi på ein søndag. Og ingen av garnbutikkane heldt oppe. Så då var det å sjå fleire stader der vi skulle kjøra. Kom til at det kanskje vart i Kassel, Tyskland, eg skulle gjera eit nytt forsøk på garnkjøp.

Men før vi kom til Tyskland hadde vi eit anna spennande mål. Eit fabrikkutsal i St. Junien i Frankrike. Her ligg fabrikken Georges Morand som syr dei herligaste hanskar. Var her i 2007 og kjøpte hanskar. Dei har eg enno, men no trengs det ei fornying. Makan til luksushanskar kjøper eg ikkje her heime. Dei er leverandør til fine butikkar som Harrods og Saks. 2 par vart det på meg, pluss nokre som skal vera gåver.

Då vi nerma oss Kassel fann eg fram til garnbutikkane på GPS, vi skulle vandra litt i sentrum. Og vi skulle kjøpe tråd! Inne i sentrum var det ikkje råd å finna parkering til bilane. og det vart sightseeing på Wilhelmshoehe. Eit impoerande slott og park. men garn vart det heller ikkje her.

Gleda vart då større då vi kom til Flensburg. Her visste eg det var garn å få. Gledeleg overraska vart eg og. Det var komen ein ny garnbutikk i gågåta, var knappe 2 år gamal. Her var det mykje snaddeer å få kjøpt! Enda meir å kjenna på, vurdere opp mot planlagde prosjekt, drøyma seg bort i......

Synes eg ikkje var så verst beskjeden med mine labbegarnkjøp og eit deilig babygarn i beige og ubleika.

På bildet kan de sjå nokre av mine kjøp, noko er alt vorte gåver ved heimkomsten!

fredag 16. august 2013

Lagersal hos MALSEN OG MOR!

Ikkje før er eg heime frå ferie før eg lar meg freiste til å handle garn.  Godt er det at eg har strikka litt i ferien, slik at ikkje går for mykje i pluss! Men feriestrikkinga mi får eg komme tilbake til i ein annan blogg.

I dag vil eg dele mine garnkjøp i går ettermiddag. Eg var så heldig å få Sølvi på besøk med blomster og tebrød på dagen i går. Slike besøk er utruleg kjekke, og sidan eg skulle ta livet litt med ro etter ein bagatellmessig operasjon, gjorde selskapet ekstra godt. Sølvi fortalde at ho skulle på lagarsal på Landås og då vart freistnaden for stor. Den som heiv seg med var meg! "Eit godt teikn på at du er frisk" var kommentaren frå gemalen. Ja for det er vel den stillinga han har når det gjeld garn og strikking. Han har berre eit ord for slik galskap" Strikkomani" Kanskje han har rett i at eg er "strikkoman"? Det gode er at eg er ganske sikker på at eg ikkje lir av den sykjo åleine.

På Landås fann vi raskt fram, og her var det mykje som freista! Shetlandull og silke, kvar for seg og i blanding. Fargar som kunne verta lekre plagg og tilbehør. Gode tilbod og meir eksklusive garn. Ja her vert det nok meir handel når eg treng meir garn.......  eller kanskje før.
 
 
Lekre fargar og garnkvaliteter i oversiktlige hyller, då lar eg meg lettare freiste!
 
 


Shetlandsull i herlige fargar, tynt og lekkert! Det skal eg nok prøve med tid og stunder.
Herlig silkegarn med glans og nydelig tvinn i to tjukkelser! Kunne nok verta nydelege sjal
av dette garnet.

Her er mine kjøp! 2 nøster Malsens Tweed som skal verta pulsvantar og Sarah Tweed til jakke. Sarah Tweed er eit blandingsgarn av 50 % morbærsilke, 10 % bourettesilke og 40 % ull frå BC GARN. Det er litt mørkare enn bildet viser, blåsvart med blå spetter.

Ikkje berre var det lekkert garn å få kjøpt, men uvanleg hyggeleg selskap fekk vi av fleire strikkeglade damer. Ideer, tanker om kvaliteter og fargar vart flittig diskutert. Det var nesten som vi vart kasta ut ved stengetid.

Tusen takk til Sølvi som inspirerte meg til å komma meg ut av huset, Malsen og Mor som inviterte og til dåke hyggelige damer som eg møtte!

Lar du deg freiste til handel hos Malsen og Mor finn du nettbutikken her.