mandag 18. november 2013

Gåve til ei sprek dame på 50

Mi kjære søster fylte 50 år tidlegare i haust. Som gåve frå oss fekk ho tilbod om å plukke seg ut eit strikkeplagg eg kunne lage til henne. Valet hennar var ei trøye med mønster på strikka i eit ullgarn.

Då ho kom på besøk for at vi skulle sjå på kva ho kunne tenke seg, nemnde ho eit mønster som eg ein gong har brukt i ei jakke til meg sjølv. På vårmarknaden i Lærdal kjøpte eg to nøster Kauni, og dei låg framme den dagen. Det kjekke er at ho fall pladask for dei fargane, og dei kunne kombinerast med svart. Då var planen klar, og det var berre å setja i gang.

Fargane på kaunigarnet var i lilla, oransje, raudt og grønt. Eg likte kontrasten det skapte til den svarte bunnfargen som er Ask - hifa 2 frå Hillesvåg ullvarefabrikk. Det vart eit lett plagg, veg berre 420 gr. Synes ikkje det er mykje for ei dobbel jakke i voksen størrelse.

Størrelsen vart stort sett som planlagt. Kanskje armane kunne vore litt vidare øverst, men så er jakke lett å få innunder eit ytterplagg. Gledeleg å få veta at jakka alt er brukt fleire gonger sidan ho vart overlevert tidleg i haust.


fredag 1. november 2013

Smilande jente i ny skulegenser

Kvar morgon er eg så heldig at dei to eldste barnebarna kjem innom om morgon og får frukost og niste før dei går til skulen. Den eldste, som går i 4. klasse, for så lett til skulen i dag, for endeleg var genseren ho ønska seg ferdig.

Eg var så heldig å koma over nokre nøster med Sandnes Mini Alpakka til halv pris, og slike røvarkjøp kan ikkje eg gå forbi. Heime viste eg garnet til janta, som likte fargen. Ho var med å leita etter eit mønster og valde denne genseren frå Heftet 1301 2 - 12 år SISU BARN.

Mønsterfargane var ho og med å plukka ut, lysare lilla og kvitt. Har nokon vore innom døra når ho er her har ho vore rask med å visa fram arbeidet mitt. Stor var gleda i dag då ho kunne ta genseren på seg! Strålande kom ho heim og fortalde at den var så god i bruk!

No skal resten av garnet verta genser til familiens yngste, men det får eg koma tilbake til!

søndag 27. oktober 2013

Ein draum er realisert!

I mange år har eg drøymd om å kjøpe meg ei ny symaskin, ein overlock. Har høyrt andre skryta over si maskin og vorte nesten, men berre nesten, misunnelig. Ikkje det at eg syr så mykje, men planane er der. Har sydd mykje før i tida, men no er det helst litt bunader når barnebarna treng fornyast.
Men no er draumen komen i hus, eg klarte ikkje venta lenger. Turen gjekk til Tonje brodering på Hatlestad både ein og to gonger, eg hadde litt vanskeleg for å bestemme meg.  Eg trur eg kjem til å verta superfornøyd med valet mitt.

Overlocken er ikkje av dei mest avanserte eller av dei dyraste, men den kjem heilt sikkert til å dekke mine behov. For eg må tilstå at eg er flinkare til å leggja planar for kva eg vil sy enn å gjennomføre dei. Håpet er at dette skal snu no. Kanskje nokre av dei stoffa eg har kan verta brukande plagg i staden for skapfyll?

Må tilstå det er litt kjekkare å sy når vranga får eit meir profesjonelt utsjåande med reine fine saumar utan frynser. Utsida har alltid vorte bra, men å klippe frynser og sikksakke er ikkje blant favoritoperasjonane.

På arbeidsbordet låg det ein halvferdig kjole, der hadde den lagt sidan i februar. Men no har eg klart å gjera den ferdig. Og må tilstå eg er veldig fornøyd med den. Sitter bra og er behageleg på. Pynta den opp med litt store knappar for å feste lommene til kjolen i staden for ein stikning. Og fargen, ja den vart jo sjølvsagt lilla.

lørdag 26. oktober 2013

Superlett genser til meg sjølv

Eg kjøpte strikkegarn i Stockholm i fjor haust som skulle verta noko til meg sjølv. Garnet heiter BC Alpaca Flamè og består av 59 % alpaca, 19% ull, 15% acryl og 7 % polyamid.

Garnet er eit effektgarn med varierande tjukkleik og tvinn. Dette gir eit litt ujamnt strikk,
ser nesten ut som mønsterstrikk.

300 gram skulle vera rikeleg til eit plagg til meg. Dette synest eg høyrde lite ut,
så eg valde å starta ved halsen, strikke raglanarmar og så bolen til slutt. 
Ønske var å få ein "oversized" tunikagensar med 3/4 lange armar, og det fekk eg.
Veg berre 215 gram og då er den stor og god.

Har også vaska genseren, som alt er brukt mange gonger. Synes at den vart heller større
enn mindre i vask. Så no vaskar eg den på ullvask og 30 gr i maskina.
Genseren er lun og god i bruk, litt gjennomsiktig så eg må nok ha ein topp under.

Har også strikka eit par labbar til eit barnebarn, han fekk sjølv velge garn frå "lageret" mitt.
 Labbane er strikka i Lanagrossa Meilenweit. og veg 51 gr i skostr 35. Eit drygt og godt garn.
Fargen på bilete er ikkje heilt rett, dei er meir grå med turkise striper.

torsdag 10. oktober 2013

Kjole med mariusmønster.

Det er alt for lenge sidan eg laga ein blogg, no får eg sjå om eg ikkje kjem i gang att. Får starte med å vise kjolen eg har strikka til minste gullet vårt.
Utgangspunktet var nokre nøster med babygarn kjøpt i Flensburg i sommar. 2 nøster beige og 2 nøster ubleika babygarn. Merket var Lana Grossa "Cool Wool Baby". Garnet er godt å strikka og drøyt i bruk, Kjolen veg berre 115 gr i str 1 år. Superwash er garnet og, det gjer stellet lettare for travle småbarnsmødre.

Eg veit mammaen liker dei tradisjonelle norske mønstera, og mine tankar for då til ein eigen variant av MARIUSMØNSTERET. Utgangspunktet fann eg i denne boka:
Eg ville ikkje strikka den vanlege varianten, men laga min eigen vri. Bærestykket på denne kjolen synest eg så fint, men likar godt ein kjole utan armar. Då kan dei ofte bruka den mykje lenger. Lettare å pynta den opp eller vera kvardagsleg, alt kva dei brukar til av strømpebukser og toppar.
Valet vart då å strikka mariusmønsteret nede med det runde bærestykket oppe. Utgangspunktet tok eg i denne kjolen med setesdalsmønster men gjorde ein del endringar.
  • Felte 18 masker 3 gonger oppover mønsteret for å få eit litt utskrått
  • Strikka riller ved opplegget på armane og som avslutning  
  • Hekla tungekant nede på skjørtet for at den ikkje skulle bretta seg opp.

Vart jo fornøyd med resultatet då, må eg tilstå. Litt stor, men kan brukast også no. Var så heldig å ha prinsessa på besøk ein dag, måtte då prøva kjolen på for å sjekke størrelsen. Tilbehøret var ikkje plukka med omhu, men greit nok synest eg.

Er ho ikkje eit sjarmtroll?

fredag 30. august 2013

Babysett - gevinst til basaren 2013

Kvart år når ferien er slutt, ja helst litt før, er det basaren som krev litt innsats. Og med basaren meiner eg sjølvsagt basaren i OS HUSFLIDSLAG. Å vera eigar av eige hus krev pengar til vedlikehald og opprustning. Og når ein starta med slike ting renn pengane fort ut.

Huset vårt heiter "Yrkesstova" og er bygd av  barakker frå ubåthamna på Hatvik frå siste verdskrig, og vart bygd i 1946. Det fekk eit påbygg på slutten av 70-talet. Her har vi alle våre aktiviteter. Heldigvis er medlemmane flinke å støtta opp om basaren med gevinstar og loddsal. Det gjer arbeidet enklare for styret.

I år er ein av gevinstane eg bidreg med eit hentesett. Eg har strikka det i eit garn frå Hillesvåg som heiter Sol, eit deilig og tynt superwashgarn. Synes det er greit at det kan vaskast i maskin når eg ikkje kjenner mottakaren. Brukte berre 107 gr, så det er drøyt i strikk. Strikka på på pinne 2,5 mm, blir lekkert dtynt og fint til eit lite nor. Eg valgte å strikka det i ein kjønnsnøytral farge og etter eit mønster i Sandneskatalog som heiter Tema 24.

torsdag 29. august 2013

Sommarens småstrikk!

Sjølv om det er sommar er det godt å "ha eit strikketøy på hendene", også når det er ferie. Mange gonger når det er varmt tyr eg til småstrikk. Då er det greit med labbar, huer, vottar, pulsvantar og lignande. Store plagg vert utruleg varme nedover fanget, dessuten skal jo sola sleppe til å gje litt farge til ein solhungrig kropp. Men litt strikk på eit stort plagg vart det no og, eg fekk jo gjort ferdig tunikaen eg blogga om tidlegare i veka.

Eg relaterer ofte mine idear etter kor eg får dei. I Trondheim i mai vart eg gjort merksam på JC'hua. Den synest eg såg flott ut og skulle vera grei å strikka i fleire størrelser og design. Med på ferien vart ein pose med restegar i tjukkelsen Smart, Falk og liknande. Noko av det er no blitt til 2 huer, den tredje strikka eg i DK frå Wollmeise. Brukte ein rest etter tunikaen min.

Dette er hua til barnebarnet på 2,5 år. Han tok den godt ned over øyrene og nekta ta den av. Strikka i restar av Smart. 100 masker på p 3,5 mm. Hua veg 48 gr.

Dette er hua eg strikka i DK frå Wollmeise, ein rest etter tunikaen min. Dette truddee eg var ein vaksen størrelse, men barnebarnet på 7,5 år synest den var heilt perfekt. Så då vart den hans. Her la eg opp 120 gr på p 3,5 og hua veg 74 gr.

Den siste hua brukte eg opp 3 restar Falk og Smart. 120 masker på p 3,5. Passar ein gut som går første åra på skulen. Vert nok ein gevinst på haustens basar.

Av restane mine strikka eg og junivottane i Projo's vottealong. Mønsteret heiter Midnattsol og er eit randi K design. Desse passa til eldste barnebarnet mitt, ligg på vent til vinteren kjem. Håper det vert riktig lenge til!

Rettferd er viktig for ei bestemor. Yngste mann i flokken måtte og få noko feriestrikk. Tidlegare i vår tinga eg ein pakke hos Marte Helgetun med karbonpinnar og mønster/garnpakke til nokre små tøflar. Synest dei såg så søte ut. Dei er strikka i Hverdagsgarn frå DSA og vart fine etter toving. Litt lange enda, men jenta veks fort. Kan sterkt anbefale både tøffelpakken og pinnane frå Marte. Servicen er også topp.

3 nøster med labbegarn kjøpt i Bormio i fjor sommar fekk og vera med på ferien, av dei vart det 2 par labbar. Eit par til eit barnebarn og eit par til boksen der eg samlar ferdige ting med ukjent mottakar. Alltid greit å ha litt på lur.

Til sist vil eg ta med eit bilde frå vottealonegn sitt juliprodukt. ( uff --- ser eg skulle ha hatt ein krøllfri duk ---) Eit par lange pulsvantar strikka i Drops alpakka etter eit mønster frå Drops. Tok med garn og mønster på helgas hyttetur og strikka ivrig i veg. Skulle vera nok med eit nøste, men då mangla eg 4 omgangar. Kjedeleg!!! Heldigvis var det meir garn heime, og no har eg somla meg til å gjera dei ferdig. Også desse får komma i kassen med ferdige produkt med ukjent mottakar.

Garnslanking er eit omgrep som kanskje ikkje kan brukast her- men eg har i alle fall brukt garn frå lageret mitt.  Likevel er det vel slik at garnbruken i desse småplagga ikkje gjer noko stort innhogg i lageret mitt.

Til slutt vil eg takka alle som ser innom bloggen min. Det set er utruleg stor pris på! Ønskjer dåke ein flott dag :-)

onsdag 21. august 2013

Tunika i meisegarn!

Då vi var på tur til Trondheim såg eg eit mønster eg berre fall for, ein nydeleg tunika, i Familien nr 10/2013. Tankane kverna rundt, den tunikaen måtte eg berre ha! Sølvi var snill og lånte meg mønster, og på lager hadde eg DK frå Wollmeise. Hadde kjøpt 4 hesper på 200 gr kvar, fann ut at det skulle vera nok til denne modellen. Fargen heiter Lapislazuli og er ganske djup og kald i fargen.

Eg starta på dette prodjektet i vår, og har strikka på det samstundes som eg og har ei jakke på pinnane. Dette er vel omtrent så langt eg var komen då ferien byrja i midten av juli. Resten vart feriestrikk i bubilen.

Som alltid når eg finn eit mønster eg likar må det gjere endringar under vegs. Strikkefastleiken var ikkje lik på garnet eg brukte og det i mønsteret, måtte leggja opp litt fleire masker. Det skulle vera to ulike mønsterstriper oppover bolen, ei flette og eit med riller og rette masker. Fletta var fin, men eg synest den andre var litt kompakt. Den bytta eg ut med eit holmønster som gjer eit litt mindre kompakt uttrykk. Oppdelinga i felt gjer at tunikaen fell veldig fint, tråden er det også godt fall i.

Fletta øverst skulle strikkast for seg å syast på. Må tilstå eg liker betre å strikka saman når det er mogeleg. Fann ut at kan eg strikka saman årsteppet, må eg kunne strikke fletta på tunikaen og. Talde ut omgangar i mønster og fann ut kor mange masker eg kunne ha for å få eit heilt mønster midt bak og midt på eit mønster framme. Streva litt med å få ei fin samanfelling og overgang mellom flette og bol. Er fornøyd med løysinga eg kom fram til.

Neste utfordring var å få eit fint parti over fletta. Eigentleg skulle det strikke like høgt framme og bak. Problemet mitt er at eg ikkje likar plagg som er utringa bak? Strikka difor ei rundfelling og avslutta med ein rullekant.

Tunikaen er eg svært fornøyd med. Berre synd at eg ikkje klarar å få fram den flotte djupe blåfargen på bileta. Men ser du for deg smykkesteinen med same namn i ein djup farge, er det nok ganske nært fargen på tunikaen. Denne skal verta lun og god utover hausten og vinteren. Meisegarnet er det ein fornøyelse å ha på pinnane, ikkje noko minus at dette garnet er superwashbehandla. Kanskje det er av interesse at eg brukte 780 gr i str 44.

mandag 19. august 2013

Ikkje enkelt å handla garn i ferien!

Garnkjøpa denne ferien gjekk ikkje som planlagd, men litt vart det no med heim. Og det er ikkje det at ikkje reiseføgje la til rette for handel, men det er mykje som skal takast hensyn til før garnet vert med meg heim.

For å få kjøpa garn må eg først
  • Bruka Knitmap for å finna ein butikk på ruta vi skal køyra
  • Vera på staden når butikkane har ope
  • Klara å finna parkering til 2 bubilar, noko som ikkje alltid er like enkelt
Vårt første forsøk var i Agen i Frankrike på vegen mellom Carcasonne og Bordeaux. Her kom vi ein laurdag i lunsjen. Vi klarte parkera bilane og sjåførane vart igjen med bilane. Veninna mi og eg tok GPS,en og fann greit vegen til garnbutikken. Blant anna viste desse syklane oss vegen.
 

Butikken var stengd!!!! men det var jo lunsj, kanskje butikken ville opna igjen? Skiltet i butikken tilsa at butikken skulle vore open, men......? Ved å spørja oss litt fram fann vi ut dei fleste butikkane opna att ca kl 2... eller halv 3.... eller? Det er jo gjerne slik at heilt presis er dei ikkje altid i Frankrike.

Inne i butikken lyste flotte garn mot oss, blant anna frå Bergere De France. Store lappar om sal var det og. 50 % avslag. Vi venta ..... og venta....... og venta! Men til slutt måtte vi berre returnere utan garn.

Neste stopp, Bordeaux,  hadde fleire garnbutikkar. Men der var vi på ein søndag. Og ingen av garnbutikkane heldt oppe. Så då var det å sjå fleire stader der vi skulle kjøra. Kom til at det kanskje vart i Kassel, Tyskland, eg skulle gjera eit nytt forsøk på garnkjøp.

Men før vi kom til Tyskland hadde vi eit anna spennande mål. Eit fabrikkutsal i St. Junien i Frankrike. Her ligg fabrikken Georges Morand som syr dei herligaste hanskar. Var her i 2007 og kjøpte hanskar. Dei har eg enno, men no trengs det ei fornying. Makan til luksushanskar kjøper eg ikkje her heime. Dei er leverandør til fine butikkar som Harrods og Saks. 2 par vart det på meg, pluss nokre som skal vera gåver.

Då vi nerma oss Kassel fann eg fram til garnbutikkane på GPS, vi skulle vandra litt i sentrum. Og vi skulle kjøpe tråd! Inne i sentrum var det ikkje råd å finna parkering til bilane. og det vart sightseeing på Wilhelmshoehe. Eit impoerande slott og park. men garn vart det heller ikkje her.

Gleda vart då større då vi kom til Flensburg. Her visste eg det var garn å få. Gledeleg overraska vart eg og. Det var komen ein ny garnbutikk i gågåta, var knappe 2 år gamal. Her var det mykje snaddeer å få kjøpt! Enda meir å kjenna på, vurdere opp mot planlagde prosjekt, drøyma seg bort i......

Synes eg ikkje var så verst beskjeden med mine labbegarnkjøp og eit deilig babygarn i beige og ubleika.

På bildet kan de sjå nokre av mine kjøp, noko er alt vorte gåver ved heimkomsten!

fredag 16. august 2013

Lagersal hos MALSEN OG MOR!

Ikkje før er eg heime frå ferie før eg lar meg freiste til å handle garn.  Godt er det at eg har strikka litt i ferien, slik at ikkje går for mykje i pluss! Men feriestrikkinga mi får eg komme tilbake til i ein annan blogg.

I dag vil eg dele mine garnkjøp i går ettermiddag. Eg var så heldig å få Sølvi på besøk med blomster og tebrød på dagen i går. Slike besøk er utruleg kjekke, og sidan eg skulle ta livet litt med ro etter ein bagatellmessig operasjon, gjorde selskapet ekstra godt. Sølvi fortalde at ho skulle på lagarsal på Landås og då vart freistnaden for stor. Den som heiv seg med var meg! "Eit godt teikn på at du er frisk" var kommentaren frå gemalen. Ja for det er vel den stillinga han har når det gjeld garn og strikking. Han har berre eit ord for slik galskap" Strikkomani" Kanskje han har rett i at eg er "strikkoman"? Det gode er at eg er ganske sikker på at eg ikkje lir av den sykjo åleine.

På Landås fann vi raskt fram, og her var det mykje som freista! Shetlandull og silke, kvar for seg og i blanding. Fargar som kunne verta lekre plagg og tilbehør. Gode tilbod og meir eksklusive garn. Ja her vert det nok meir handel når eg treng meir garn.......  eller kanskje før.
 
 
Lekre fargar og garnkvaliteter i oversiktlige hyller, då lar eg meg lettare freiste!
 
 


Shetlandsull i herlige fargar, tynt og lekkert! Det skal eg nok prøve med tid og stunder.
Herlig silkegarn med glans og nydelig tvinn i to tjukkelser! Kunne nok verta nydelege sjal
av dette garnet.

Her er mine kjøp! 2 nøster Malsens Tweed som skal verta pulsvantar og Sarah Tweed til jakke. Sarah Tweed er eit blandingsgarn av 50 % morbærsilke, 10 % bourettesilke og 40 % ull frå BC GARN. Det er litt mørkare enn bildet viser, blåsvart med blå spetter.

Ikkje berre var det lekkert garn å få kjøpt, men uvanleg hyggeleg selskap fekk vi av fleire strikkeglade damer. Ideer, tanker om kvaliteter og fargar vart flittig diskutert. Det var nesten som vi vart kasta ut ved stengetid.

Tusen takk til Sølvi som inspirerte meg til å komma meg ut av huset, Malsen og Mor som inviterte og til dåke hyggelige damer som eg møtte!

Lar du deg freiste til handel hos Malsen og Mor finn du nettbutikken her.

torsdag 27. juni 2013

Litt vottestrikk og barnedåp.

Her i huset har det vore travelt men kjekt siste tida. Tid til litt strikking vert det likevel innimellom. No hat eg fått tatt eit lite krafttak på vottane som var lagt til sides for meir spennande prosjekt. Ikkje det at ikkje vottane er spennande med dei flotte mønstera vi får i Projo's vottealong. Synes dei er flinke å finna fram til varierte mønster, vert nok ei fin samling vottar når året er omme!

No er det april- og mai-vottane som er ferdige

Aprilvottane har eg strikka i Shetlandsgarn kjøpt hos Shilasdair i Skotland. Det var akkurat nok garn igjen etter ein genser, eg strikka til mannen, til eit par vottar. Eigentleg raske å strikka, brukte pinne nr 4. Det er Bittami som har laga mønsteret.

Maivottane er Annes Blomst av Wenche Roald. Dei strikka eg i Hillesvåg sitt Ask - Hifa 2. Eit garn eg er svært svak for, og som er rikt representert i lageret mitt. Sjølv om strikka på pinne 2,5 mm vart dei litt store til handa mi. Løysinga på det er å gje dei i gåve til nokon med større hender eller tove dei lett. Det får tida vise?
 
På pinnane no er ein flettegenser som eg såg mønster til i Familien i mai. Denne strikkar eg i Meisegarn (Wollmeise DK farge Lapislazuli ) eit herleg garn i ein nydeleg farge, synes eg. Gleder meg til den vert ferdig! Fargen er litt djupare enn det eg klarte få fram på bilete.

Elles er det barnedåp eg har vore opptatt av siste tida. På søndag vart Rebecca boren til dåpen, ei viktig hendig i familien. Foreldra har ikkje så stort hus, så då kunne dei ha selskapet hos oss. Skal det vera fest slik må det vaskast litt ekstra i krokar og krær - blanke vindauge er og nødvendig synes eg. Men det er nok viktig å sei ateg la lista sjølv for kva som skulle gjerast av førebuingar.
Svigerdatter vår pynta bordet, datter vår sørga for mykje av tillaginga av maten dei hadde kjøpt inn. Den andre bestemora frå Romania laga deilige varme rettar slik dei pleier ha, det smaka godt. Med andre ord var det ein skikkeleg familiedugnad.



Har så lyst å vise dåke bilete av nokre av den flotte familien min, alle fire barnebarna, dotter, son, svigerdatter og hennar søster. Vi hadde ein herleg dag og eit flott selskap.

fredag 7. juni 2013

Pelssaugarn - eit positivt bekjentskap!

Hillesvåg Ullvarefabrikk har starta å spinne eit nytt garn dei har kalla Norsk Pelsullgarn. Her kan du sjå dei flotte fargane dei leverer dette garnet i.

Hillesvåg ullvarefabrikk presenterer garnet slik:
  • Norsk Pelsullgarn er et 2- trådet, mykt og glansfult kardegarn. Garnet er velegnet til pledd, luer, votter og andre bruksplagg.
  • Ca. 260 m pr. 100 g, Nm 5,2/2 100% Norsk Pelsull.
  • Strikkefasthet: 22 masker = 10 cm på pinner nr. 3,5 - 4.
  • Leveres i hesper à 100 g (50 g kan også leveres).
Eg likte godt ein grålilla farge og har strikka meg ein genser. dette skulle vera ein genser som var litt sid og god, rekk godt ned på låra, og som luna godt på kalde kveldar. Er fast følge i bubilen når vi er på tur.

 
Genseren er strikka uten oppskrift, og er strikka frå halsen og ned. Det er strikka ei dobbel flette for å dele den litt opp. Håpet er jo at det skal få meg til å sjå litt smalare ut, med andre ord prøvde eg meg på litt optisk lureri. Midt bak sette eg i ein knapp i nakken for litt pynt.

 
Eg strikka på pinne nr 4 mm, trur kanskje eg kunne brukt eit nr større utan at plagget vart laust i strikkinga. Norsk pelsullgarn er drygt i strikk, genseren vegberre 485 gr. Synes ikkje det er så verst for eit så stort plagg. Tråden kan gjerne virke litt stikkete i strikkinga, men etter vask vart den mjuk og fin. Når det gjeld kløing veit eg ikkje, det er ikkje noko eg er plaga med.
 


torsdag 6. juni 2013

Sanquharstrikk - ein spennande along!

I ei gruppe på nettet fekk vi invitasjon til å vera med på ein along i Sanquharstrikk. Det vil seie vi fekk ikkje berre invitasjon til å vera med å strikke, vi fekk også lærdom om denne gamle engelske strikketradisjonen frå Sanquhar i Skottland. Dette er ein levande tradisjon tilbake til 1700-1800 talet som no er vorte meir kjent utover regionen den høyrer heime. På nettet kjem det fram litt forskjellig når ein googlar "Sanquhar knitting".

Slike utfordringar som dette er det vanskelig for meg å motstå, og eg melde meg sjølvsagt på! Denne gangen fekk vi nokre ferdige mønster men også grunnmønster som vi kunne bruke på vår måte.

Eg bestemte meg for å strikke hanskar. Her hadde vi link til eit mønster, men det viste seg å ha alt for mange masker til at dei ville passe mi hand. Årsaka til det er nok fleire.
  • trur dette kanskje var mønster på herrehanskar
  • dei hadde brukt veldig tynne pinnar og tynt garn
  • strikkefastleiken tilsa eit antall masker på 10 cm som eg ikkje ville kome i nærleiken av
Løysinga var å bruke dette mønsteret som inspirasjon til å strikke mine eigne hanskar. Dei skulle strikkast på pinne nr 2 og med Inca alpakkagarn frå Rauma.

 
Så langt kom eg før eg av ulike grunnar la strikketøyet til side. I ein lang periode beundra eg alle dei flotte Sanquharstrikka huene, labbane, vottane, pannebanda og hanskane som vart gjort ferdig rundt om i landet. Då var det berre å finna tilbake energien og setja i gang. No er også mine hanskar ferdig - litt etter fristen.
 

 
Hanskane fekk ei fin passform, er supermjuke og sikkert varme. Likevel håper eg det vert lenge til eg får bruk for dei, no vil eg ha sol og varme!

 
Sidan eg strikka inn bokstavane mine, får eg behalde desse sjølv. Fleire har ytra ønskje om eit par som dette, men trur det vert desse eg kjem til å strikka. Kanskje det vil verta noko anna i Sanquharstrikk - det vil tida vise.

onsdag 5. juni 2013

Eg er ikkje gått i hi!

Sjølv om det kanskje kan sjå slik ut her på bloggen min. Litt handarbeid, litt hage, barnebarn og mykje reising har det vore i det siste!

Var jo så heldig å vera med på teppetreffet i Trondheim i byrjinga av mai, ei stor oppleving å møta "nye og gamle" strikkevenner frå store deler av landet. Her fekk eg hente inspirasjon og kunnskap, fekk sjå fleire tepper i verkelegheita og ikkje minst få eit andlet og stemme til avarten som vi elles berre ser. Ja dette var stor stas.
Litapita hadde laga eit framifrå program saman med Margrethe, ikkje minst synes eg besøket på museet på Selbu var flott. Her var det mykje flott og gamalt selbustrikk å sjå. Spennande med slike besøk saman med andre strikkentusiaster. Litt vanskeleg å få vist det skikkeleg fram her sidan det meste låg bak "glas og rame".
Men det var ikkje berre selbustrikk som var utstilt. Dei hadde og ei omfattande gryteklututstilling i eit gamalt og sjarmerande kjøkkenmiljø.
 
Vi, det vil seia Sølvi, Linda og eg,  utvida besøket med eit par dagar hos Rigmor på Hegra. Også det var kjempekjekt. Latteren runga og praten gjekk, anten vi nytte finværet ute eller sat inne. Også ho hadde ordna eit flott besøk for oss, besøk hos Atelier Oddrun. Her gjorde eit besøk i geitefjøset der ho hadde mohairgeitene sine stort inntrykk.
Sjarmerande dyr med ein herleg pels. Garn fekk eg og kjøpt, både frå Telespinn og frå rokken til Oddrun. No ligg det til modning, men kanskje vert det laga noko som kan visast fram her etter kvart.
Geitebukken hadde nokre imponerande horn. Dei vaks heile livet og han var ganske så brei, så han må nok passe på så han ikkje vert sitjane fast.
 
På handarbeidsfronten er det no litt forskjellig eg har halde på med. Måtte ta eit skippertak og gjera ferdig 2 par sokkeband som eg hadde lova i god stund. Sokkabanda er fletta i 3-tråd frå Rauma ullvarefabrikk. Vart ferdig i veka før 17. mai, så no er det 2 staute ungdommar som kan pynte seg i bunad når høve byr seg.
 

Ein nevø fekk jente nr 2 eit par dagar før vår vesle tulle vart fødd. Må tilstå det var stas for mine foreldre med 2 oldebarn på 2 dagar. Til denne vesle jenta har eg strikka ein liten mariuskjole. Her har eg brukt Hjertegarn frå Hillesvåg. Måtte gjera nokre enringar på mønsteret. Blir nokre gonger oppgitt over kor lite dei tilpassar mønsteret til dei ulike størrelsane. Eg vil påstå det er meir enn 3 omgangar skilnad på høgda frå under armen og opp på str 1 år og str 10 år? Men no er eg kjempefornøyd med kjolen og gleder meg til å overrekke den.
 
Dette var ei lita oppdatering. Håper det ikkje skal drøya så lenge til neste blogg