Var jo så heldig å vera med på teppetreffet i Trondheim i byrjinga av mai, ei stor oppleving å møta "nye og gamle" strikkevenner frå store deler av landet. Her fekk eg hente inspirasjon og kunnskap, fekk sjå fleire tepper i verkelegheita og ikkje minst få eit andlet og stemme til avarten som vi elles berre ser. Ja dette var stor stas.
Litapita hadde laga eit framifrå program saman med Margrethe, ikkje minst synes eg besøket på museet på Selbu var flott. Her var det mykje flott og gamalt selbustrikk å sjå. Spennande med slike besøk saman med andre strikkentusiaster. Litt vanskeleg å få vist det skikkeleg fram her sidan det meste låg bak "glas og rame".
Men det var ikkje berre selbustrikk som var utstilt. Dei hadde og ei omfattande gryteklututstilling i eit gamalt og sjarmerande kjøkkenmiljø.
Sjarmerande dyr med ein herleg pels. Garn fekk eg og kjøpt, både frå Telespinn og frå rokken til Oddrun. No ligg det til modning, men kanskje vert det laga noko som kan visast fram her etter kvart.
Geitebukken hadde nokre imponerande horn. Dei vaks heile livet og han var ganske så brei, så han må nok passe på så han ikkje vert sitjane fast.
På handarbeidsfronten er det no litt forskjellig eg har halde på med. Måtte ta eit skippertak og gjera ferdig 2 par sokkeband som eg hadde lova i god stund. Sokkabanda er fletta i 3-tråd frå Rauma ullvarefabrikk. Vart ferdig i veka før 17. mai, så no er det 2 staute ungdommar som kan pynte seg i bunad når høve byr seg.
Ein nevø fekk jente nr 2 eit par dagar før vår vesle tulle vart fødd. Må tilstå det var stas for mine foreldre med 2 oldebarn på 2 dagar. Til denne vesle jenta har eg strikka ein liten mariuskjole. Her har eg brukt Hjertegarn frå Hillesvåg. Måtte gjera nokre enringar på mønsteret. Blir nokre gonger oppgitt over kor lite dei tilpassar mønsteret til dei ulike størrelsane. Eg vil påstå det er meir enn 3 omgangar skilnad på høgda frå under armen og opp på str 1 år og str 10 år? Men no er eg kjempefornøyd med kjolen og gleder meg til å overrekke den.
Dette var ei lita oppdatering. Håper det ikkje skal drøya så lenge til neste blogg
Kjekt med eit lite tilbakeblikk på turen vår ;)
SvarSlettNydeleg kjole du har strikka til den lille prinsessa.
Tenkte nett på deg idag - og så kom du med blogg. Alltid flotte arbeider du levere, Åshild. Kjempefint treff med hadde. Eg kosa meg sååå mykje. Nydelig Marius-kjole.
SvarSlettSå sprekt at dere fikk til et slikt teppetreff etter all den jobben dere har hatt med årsteppene.
SvarSlettSkulle gjerne ha vært med på den turen, men det ble aldri noe årsteppe på meg.. . .
Flott Mariuskjole -fint med kanting rundt ermehullet :)
SvarSlettOg så var det kjempekjekt med tilbakeblikk fra Trondheimsturen!!!
Glemte å nevne at sokkebåndene ble knallfine!
SvarSlettDu unge herrene må være kjempefornøyde med disse :)