mandag 15. april 2013

Babysett til ein prins!

Ja, for også prinsar skal ha fine strikkesett i gåve. Og denne gongen er det vore gode vener og naboar som skal verta besteforeldre igjen. Etter å ha fått fem friske og raske jenter er det denne gongen ein gut i vente! Stor stas denne gongen og, sjølvsagt!

For meg, som elskar å strikke babytøy var valget klart, det måtte bli noko blått denne gongen. Valget vart eit mønster frå Sandnesgarn og Rauma babygarn. Dette er eit godt garn å strikke i, jamnt og glatt. Eg kjem nok heilt sikkert til å strikke meir med dette babygarnet.
Så no ligg dette settet klart til å overrekkast når prinsen vert fødd om kanskje eit par veker!

4 kommentarer:

  1. Så nydelig mønster på jakka!
    Heldig du som har barnebarn og nabobarn å strikke til . .

    SvarSlett
  2. Kjempefint sett til den heldige prinsen :)
    Har ikkje sett dette mønsteret før, nydeleg!

    SvarSlett
  3. Lekkert babysett, fargen er jo så nydeleg dus og fin. Likte godt den artige vrien på fellinga oppe - forandring fryde - og denne vart veldig dekorativ!

    SvarSlett
  4. Ah.. så deilig det settet så ut. Det blir nok godt å ha på seg, tenker jeg! Kjempeflott var det.

    Hilsen Tina

    SvarSlett