onsdag 27. juni 2018

Restestrikk til yngstemann

Strikk til yngste barnebarnet er greitt når det skal ryddast i garnlageret. Kjekt å få brukt garn som har lagt ei stund eller som er igjen etter andre prosjekt. Plagg i str 3 -4 år krev ikkje så mykje garn heller.

To turkisblå nøster var igjen etter ein genser eg strikka til meg sjølv i vår, saman med to nøster i kittfarge vart det ein liten sommargenser til sjarmøren vår. 10 cm var igjen etter siste turkise stripa, så då måtte det bli lys halskant. Garnet er Sandnes tynn merino,  deilig i bruk til ein liten tass.

Som fotomodell må tilbehøret på plass, guten sjølv sprang rundt for å finne caps og solbriller.

På tilbud fann eg nokre nøster Cool Wool Merino i ein sennepfarge, planen var å kombinere dei med lilla i ein genser. Denne planen vart skrinlagt, og no er dei blitt bukse og genser til sjarmøren vår. Brukte opp alt, men mangla litt på bærestykket.  2 restar med offwhite og litt beige kom her til nytte.

God i størrelsen, så her vil han kunne halde seg varm heile kommande vinter. Hans kommentar, fin bestemor 😍

mandag 25. juni 2018

Sjølv om det er litt langt mellom bloggane, er pinnane stadig i bruk. Ikkje alt kjem eg på å ta bilde av, og ikkje alt er noko å vise fram heller. Det siste eg har strikka er ny bol og nye armar på ein genser til mannen. Denne genseren blogga eg om i august 2014, og den har vore flittig brukt.

Den gang brukte eg Kauni i armane og bolen, bærestykket og monteringa vart det brukt Hillesvåg Ask på. Dette var eit garnryddeprosjekt, der det var om å gjera å få brukt garn frå eige "lager". I bruk viste det seg at Kauni er eit lite slitesterkt garn, no var alle brota frynsete, det var hol på albogane og Kaunigarnet var generelt godt brukt. Så det var berre å dela opp genseren.

Heldigvis fekk eg kjøpt Ask i same farge som eg har brukt på 8-bladsrosene hos Spøt as, Amfi Flåten. Synest genseren vart nesten "god som ny".


Å rydde i restegarnet ligg tankane stadig vekk, her har eg strikka 2 par barnevottar og eit par damelabbar. Labbane er strikka i Arwetta, dei er mjuke og gode, slitesterke skal dei og vera. Kjekt å ha litt småstrikk på lur til hausten kjem.

Desse vottane har eg strikka som gevinst til basaren i Os Husflidslag, det er blitt ein tradisjon med herrevottar til den basaren.

Vil ønskje alle som ser innom bloggen god sommar, godt vær, kjekke opplevingar og god tid til strikketøyet 🤣🌞🌼