torsdag 26. juni 2014

Litt rydding i garnlageret

Beste måten å rydde i garnlageret er for meg å strikke opp nøster som har lagt ei stund. No har eg fått brukt garn som eg har hatt planar for, men som likevel har blitt liggande. Eg ,må tilstå eg har strikka meir enn eg har blogga, så dette vert nok eit lite oppsamlingsheat før ferien. Ikkje alt rekk å bli tatt bilde av, noko forsvinn og raskt ut gjennom dørene.  Men under er no ein god del av det eg har laga avbilda.
Tidlegare i vår strikka eg ei lita barnekåpe med fletter til barnebarnet vårt. Denne vart godt motteke i tillegg var ho også veldig kjekk å strikka. Eg oppdaga at eg skulle ha akkurat nok tråd til ei lita kåpe til, og då vart det ei barselsgåve til ei etterlengta og kjærkomen lita jente. Ho må nok venta littt med å ta kåpa i bruk, men slike jenter veks fort.
Så strikka eg ein genser str 9 år i eit blandingsgarn av mohair og dralon. Garnet fann eg i ei korg i Livigno i Italia for to år sidan, på salg og kjempebillig. Den gang strikka eg ei hettejakke til barnebarnet, men garnet var drygt og det var ein del att. Desse 5 nøsta er no blitt ein rillegenser som skal vera gevinst på basaren til Os Husflidslag til hausten.
Nokre små restar er blitt til ei hue og ein liten hatt til yngste barnebarnet. Sjølv om det er sommar kan det vera godt å beskytte hovudet litt mot sol og vind. Denne stripete hua er restar etter gensarar med rundfelling som eg strikka til jentene i vinter.
Denne vesle hatten hekla eg av bomullsgarn frå Hillesvåg. Luxor har kabeltvinn og veldig finn glans. Kan vera passe tjukk ein "blåsbortdag" som Ole Brumm seier.
2 nøster med Malsens Tweed berre venta på å bli forvandla til vottar, Mønsteret er Bittas Mittens, eit design av Bitta Mikkelborg og Margot Viste. Mønsteret har eg strikka ein gong før, og det har fantastisk god passform. Skal nok verta ei gåve ein gong i framtida. Eller kanskje det vert ein gevinst dette og?
3 nøster Gjestal sport bommullsgarn kom i pakke i posten i fjor. Eg starta på ein liten babykjole, men fann ut den vart litt hard til gullet vårt. No er desse nøsta vorte klutar etter Bittami sine mønster, må veta. Bittami kjem med flotte mønster i klutealongen ho lagar til for oss. Nesten så  fine er desse klutane at dei ikkje kan brukast i oppvasken.
Elles har eg strikka nokre labbar igjen. Ein 100-grams bunt Meilenweit Merino frå Lana Grossa er vorten til to par labbar. Dei vaksne er Merediths Vår frå boka til Bitta Mikkelborg
Det andre paret vart eit par barnelabbar strikka av resten. Det er blitt mykje lettare å strikke opp restane etter at eg gjekk over til å strikke labbane på Magic Loop.
Til slutt vil eg vise fram pakken som kom i posten for ei kort stund sida. Wenche D hadde ein liten konkurranse der vi skulle gitte på kva ho hadde på pinnane. Og eg vart den heldige vinnaren. Og det kan eg fortelja, den dama skriv like nydelig som ho strikkar. Pakken inneheld både garn og litt strikkeutstyrsgodis. Dette er alt pakka i feriestrikkeveska mi. Kva det blir får det kanskje sjå etter kvart.

Nederst på sida vil eg nytta høvet til å ønskja alle ein riktig sommar og ferietid! Håper på godt ver og hyggelige aktivitetar for dåke alle!


tirsdag 3. juni 2014

Garngåve + rest = barnejakke

Var så heldig å få ei hespe garn i gåve seinvinters, eit deilig superwash merinogarn i lekre fargar. Merket var "Sticky peas"  og fargen heiter Dragon Flies. Garnet var kjøpt i "junaiten", så eg synest eg måtte bruke det til noko ekstra fint. Hespa vog 224 gram, så her var litt å spela seg med. 

Som bestemor er det ekstra kjekt å strikka til dei minste, slik vart det denne gangen og. Eg la opp masker i halsen og starta auke som til raglan, undervegs ville eg sjå kor drygt garnet var i bruk. Godt i gang fann eg ut at det kunne verta ei lita jakke. Så når eg kom ned under armane, strikka eg armane ferdig først, så bolen.
Jakka vart litt kort, så då kom ein rest Cascade 220 superwash til nytte. Strikka på ein liten blondekant nede og rillekantar rundt framme og i halsen.

Synes å auke med kast, slik at det vert holrad langs raglanaukinga gir ein fin effekt på jenteplagg. Vert litt feminint då, og saman med hemper sydd med knappholsting vert det ei fin avslutning og lukking på jakka. 

Slik vart jakka sjåande ut. Eg synest det er litt artig å strikke utan mønster. Tenkjer mange gonger at eg skal skrive ned kva eg gjer, men det vert med tanken. Så det vert berre ei slik jakke trur eg. Jakka veg 258 gr og er i str ca 2 år. 

Tusen takk til alle som ser innom bloggen min, eg ønskjer dåke ein fin dag. Det vert nok meir sporadisk blogging no når det er sommar og fint ver. Seier det slik sjølv om det alltid går litt i bølgjer med meg og blogginga!