fredag 31. januar 2014

Med labbar på pinnane!

Trur så absolutt at dette er tida for å starte med litt blogging igjen. Nesten flaut at det er så lenge sidan eg har brukt bloggen min, men slik kan det nok bli til tider. Sidan sist er både advent og jul, ja til og med januar unnagjort, og vi går våren i møte. Deilig å tenkja på at det skal spire og gro, fargane skal komma igjen etter ein ganske grå vinter utan snø.

På handarbeidsfronten har det gått mykje i labbestrikking her hos meg. Nokre par på bestilling, andre som gåver. Ja nokon hamnar til og med i kassen med ferdige produkt. Boka  "sokker" av Bitta Mikkelborg har vore ei inspirasjonskilde når eg heiv meg over lageret med labbegarn.

Sheppards sokker strikka eg i Hakkespett frå Dalegarn. Dei er i str 45, og sat so støypt på foten til mottakaren. Ein liten rest vart til eit par små barnelabbar, ei gåve eller basargevinst ein gong i framtida. Desse sokkane skal eg strikke fleire gonger, men då i einsfarga garn. Mønsteret forsvinn litt i dei spraglete fargane. Likevel er det mykje kjekkare å strikka mønster enn berre vanlege labbar.
To par av "Motorsyklistens pensokker" har eg strikka og. Det eine paret i grått forsvann ut døra før eg hugsa ta bilete av dei. men ein glad mottakar likte dei godt. Paret under er strikka i Lana Grossa Mielenweit. Eit deilig og mjukt garn av 80% Merino og 20% polyamid. 100 gram rakk til både eit par i str 38 og eit par barnelabbar str 23. Ein liten lilla rest vart til eit par i str 22.
Litt Sokkegarn frå Hjertegarn var akkurat nok til "Glød" i str 37. Vanskeleg å få fram det fine mønsteret på bilete. Dette er også eit mønster eg skal strikke fleire gonger. Dei sat så godt på foten, og strikka i tynt garn kan dei vera ok å få ned i sko og.
Og medan eg har strikka desse og ein del par til har eg øva meg på å strikka labbane på "Magic Loop". No når eg har fått dette inn i fingrane kan eg ikkje tenkja meg å strikka einsfarga labbar slik. Begge ferdig samtidig og eg slepp å telja for å få dei like store. I tillegg er det supert når eg strikkar opp restar eller lurer på om eg har nok garn.
Men eg skal tilstå eg har ikkje berre strikka labbar, men det skal de få sjå i ein anna blogg. Og eg har lova meg sjølv at det skal ikkje bli like lenge mellom bloggane framover!