fredag 21. september 2012

Vevde løparar til basaren

I mange år har det vore ein draum å få ned veven som eg har hatt liggjande på loftet. No er den komen i kjellerstova og står med maaaaange meter med renning! har klipt ned noko av det eg har vove, det vart vel ca til 3 løparar. Den første vart falla og gjort klar til basaren i husflidslaget.



Mønsteret og tråd har eg kjøpt frå Sejord vev- og garnsenter. Der er servicen god og dei er hjelpsomme mot ein nybyrjar. Renninga er Cottolin, ei blanding av bommull og lin, og innslaget er lin. Synes slike løparer vert så blanke og fine når dei er dampa opp. Stødige er dei og, så her skal det nok vevast fleire slike!
 
Her er eit detaljbilde av mønster, ulike sjateringar i raudfargane får mønsteret godt fram!
 
 
I tillegg til løparen over gav eg og inn ein ull-løpar med julemotiv. Denne løparen kallar vi berre for nissaløparen. Den har eg vove i vevgruppa i husflidslaget, vi er så heldige å ha ei vevgruppe i Yrkesstova. No startar vi oppatt på mandag etter sommaren, det vert kjekt å komma i gang igjen!
 






Her ser de detaljbilder frå mønster i endane. dei er ulike, med nissekoner i eine enden og nissar i den andre. Må sei eg streva litt med den første nisseløparen min. Det er litt lett å slå vevskeia litt hardt. Men denne gongen er eg mykje meir fornøyd med resultatet. Dei stod ikkje lenger i bue etter dampinga.  På mandag skal vi lage ny renning til slike løparar.
 

 
 
Denne løparen er vevd i garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk. der har dei mykje fint garn og ikkje minst ei flott og hjelpsom betjening. Fargevalet er nydeleg og dei er gode på innfarging av like parti. Å gå langs hyllene deira er alltid inspirerande!

torsdag 20. september 2012

Labbar kjem godt med!

Labbar, som vi kallar det, er eit greit bilstrikk når vi er ute på tur synes eg. Det er også greit å ha nokre par på lur til små gåver, mange som set pris å få eit par. Denne gangen vart det to par i damestørrelse.

Garnet  til desse hadde eg i tølene mine. Alltid godt å flytta garnet frå garnskapet og opp i kassen med ferdige produkt. Må sei at begge garna er dryge i bruk, har berre brukt 147 gr til 2 par!

Garnet til desse var ei gåve i juni. Austermann step, med Aloa Vera og Jojobaolje. Med 420 meter pr 100 gr blir det tynne labbar som er lett å få ned i sko og støvlar. Mønsteret heiter Nine-to-five og er eit gratismønster på Ravelry, mønsteret finn du  her
Garnet er behagelig å strikke og vert nok super i bruk. Men eg håper no enda at det vert ei stund til vi får bruk for ullsokkar!

Desse er strikka i ONline supersocke 100 flower-color med Aloevera og jojobaolje. Like tynt som på det andre paret, 420 meter/100 gram. Heldigvis fekk eg stripene til å stemm e sånn ca, eg er nok litt pirkete slik! Desse vert lagt i boksen til bruk eller gåve

onsdag 19. september 2012

Velkommen til Åshild sine handarbeidsgleder

Her vil eg dele det er kosar meg med på handarbeidsfronten. Litt spennande å byrja med blogging, men nedlegginga av Trådsnella på 123 Norge gjer at eg no vil prøva meg her.

Hausten er komen og vi har hatt ein liten haustferie. Ei veke i bubilen med besøk i Stockholm og Oslo gav og litt garn og utstyr til mine handarbeidssysler. I Gamlebyen i Stockholm  fann eg fleire butikkar som selde garn. Då er det fort gjort å få brukt nokre kroner på noko eg ikkje finn over alt. Det vil sei, trur kanskje tida går fortare for meg enn for dei som eventuelt ventar utanfor butikken.


Strikkegarn fann eg i 3 forskjellige butikkar. Garnet til venstre fann eg ein butikkk som heitte Happy Color. Dette er rein silke, så kva det skal bli får eg tenke på ei stund. Garnet i midten kjøpte eg i ein butikk som heitte Sticka i Østerlånggatan. Det er eit blandingsgarn med mest alpaca, nok til ei jakke eller genser til meg sjølv. Garnet til venstre kjøpte eg i same gata hos Anntorps vev, eit svensk ullgarn som er handfarga.


I Mariestad låg det eit turistkart som reklamerte for eit ullspinneri i Ullervad, Kampes spinneriprodukterAB, her var det mykje "godis" i hyllene. Eg kjøpte litt vevutstyr som var betraktelig billegare enn her heime. Dette besøket skulle nok vore planlagt mykje betre, då skulle eg kjøpt så mykje meir!

Vi opplever mykje på ei god veke på vegen, her er det kun mine handarbeidskjøp som kjem fram. handarbeid gjorde eg og denne veka, men det får koma i ein seinare blogg!