torsdag 15. november 2012

Fanagenser str 2 år

Har strikka ein fanagenser str 2 år i Daletta. Genseren skal vera gåve til ein skjønn liten kar som vart eit år i går. Synes fanamønsteret er ein av klassikarane som ealltid er aktuell å strikka, både til barn og vaksne.
 
 
Her ser de genseren som eg strikka denne gongen. Ein så liten genser synes eg vert fin utan åttebladroser på armane. Rutebne har eg strikka over 3masker og 3 omgangar. I omgang 2 og 3 har eg strikka ei mørke maskene vrang. Då synes eg får ei flott djupne i denne delen av mønsteret. Mønsteret trekker seg heller ikkje så mykje saman då.
 
 
På skuldera har eg laga begg på ein sida med 3 knappholshemper og tinnknappar. Ein trang hals gjer fort at eit plagg ikkje vert brukt så mykje.

Som regel strikkar eg dette fanagensarane utan mønser. Inspirasjonen finn eg i boka Fanatrøyer frå Fana Husflidslag. Dette er eit praktverk som tar for seg registrering av den store variasjonen som har vore på Fanatrøyene frå gammalt av. Mykje av denne variasjonen har gått tapt undervegs, desverre, men eg vonar noko av det kan koma tilbake.
 
 
Boka viser stor variasjon når det gjeld stripemønster, rutemønster og border......
 
 
.......også åttebladrosene har vore svært varierte.
 
 
No gjeld det berre at genseren fell i smak hos motakarane og flittig bruk. Størrelsen er nok god. Har strikka str 2 år for slike flotte karar veks fort.
 
 
 

2 kommentarer:

  1. En nydelig genser! Du gjør alltid så pent arbeid, Åshild :)
    Skal huske tipset om vrangmasker i rutemønsteret neste gang det blir aktuelt.
    Fanatrøye-boken er bare helt super!

    SvarSlett
  2. Kjempeflott genser, og eit nydeleg utført arbeid!
    Var ikkje klar over at det var så mange varianter av border på fanagenseren.

    SvarSlett