Kvart år når ferien er slutt, ja helst litt før, er det basaren som krev litt innsats. Og med basaren meiner eg sjølvsagt basaren i OS HUSFLIDSLAG. Å vera eigar av eige hus krev pengar til vedlikehald og opprustning. Og når ein starta med slike ting renn pengane fort ut.
Huset vårt heiter "Yrkesstova" og er bygd av barakker frå ubåthamna på Hatvik frå siste verdskrig, og vart bygd i 1946. Det fekk eit påbygg på slutten av 70-talet. Her har vi alle våre aktiviteter. Heldigvis er medlemmane flinke å støtta opp om basaren med gevinstar og loddsal. Det gjer arbeidet enklare for styret.
I år er ein av gevinstane eg bidreg med eit hentesett. Eg har strikka det i eit garn frå Hillesvåg som heiter Sol, eit deilig og tynt superwashgarn. Synes det er greit at det kan vaskast i maskin når eg ikkje kjenner mottakaren. Brukte berre 107 gr, så det er drøyt i strikk. Strikka på på pinne 2,5 mm, blir lekkert dtynt og fint til eit lite nor. Eg valgte å strikka det i ein kjønnsnøytral farge og etter eit mønster i Sandneskatalog som heiter Tema 24.
Velkommen til blogen min! Her vil eg nok mest skriva om mine handarbeidsprosjekt og det som høyrer dei til. Eg er glad i det meste som gjeld handarbeid, men strikking er nok favoritten. I tillegg til å strikka sit eg gjerne ved veven og symaskina. Eg er nok mest glad i å strikka og sy klær. I veven har det vorte mest løparar. Det hender eg broderer litt og, men det må eg tilstå ikkje er ofte. Dei fem barnebarna er nok dei som eg oftast lagar noko til.
Viser innlegg med etiketten hentesett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hentesett. Vis alle innlegg
fredag 30. august 2013
Abonner på:
Innlegg (Atom)
