onsdag 30. januar 2013

Babyteppe og smålabbar.

Sjølv om det er ei stund til april har eg byrja strikke til den vesle prinsessa som er i vente. Eit lunt teppe i ull er godt å kunne pakke rundt ein liten kropp heile året. Eg har strikka eit i Hjerte frå Hillesvåg ullvarefabrikk på p inne nr 3. 297 gram garn gjekk med til dette teppet, men då har det ganske god størrelse og, 90 * 70 cm.

Hjerte er eit av mine favorittgarn i superwashkvalitet. Synes det nuppar lite, er passe mjukt i bruk utan å verta slaskete og drøyt i strikk. I tillegg har det utruleg flotte fargar hos Hillesvåg, berre sjå fargekartet .
Mønsteret til teppet fann eg i Sandnesgarn sitt mønsterhefte 0514  Barn 0 - 14 år. Synes ofte at det er få plagg som kan brukast i eit hefte, men her har eg strikka fleire sett og gitt i gåve. Då brukar eg gjerne Lanett frå Sandnes. Hjertegarnet er litt tjukkare, kan brukast i staden for Sisu eller Daletta i plagg.
Elles er eg fornøyd med å ha strikka nokre små labbar av restegarn. Slike smårestar som vert lagt til side har lett for å ikkje verta brukt her i huset. No fekk eg tre par som kan gjevast i gåve eller verta gevinstar saman med noko anna på ein basar.


tirsdag 29. januar 2013

Mysterievottar.

Å delta på samstrikk er kjekt, og når du får invitasjon til å delta på noko ekstra spennande er det vanskeleg å seia nei.  Denne gongen fekk eg invitasjon til å strikka Elisabeth Zimmermann sine Mystery Mittens.

 
Mønsteret var å finne i boka hennar Knitting Around. Ei sjarmerande bok med biografisk fortelling i lett blanding med strikkeoppskrifter. Den skal eg kose meg med å lese og studere oppskriftene hennar. Ho har til dels utradisjonelle måtar å løyse oppgåvene på, noko som gir inspirasjon til eigne prosjekt.
 
Denne måten å strikke vottar på var så fasinerande at eg måtte lage eit pår til i same slengen.
 
 
Då kjem det fram kor ulik strikkefastleik kan vera i høve til det som er oppgitt på bandolæret. Dei største er strikka i Rubin frå Sparkjøp, dei fleirfarga i Viking sportsragg. Dei har begge opppgitt same strikkefastleik. No skal eg tilstå at eg brukte pinne 3 mm på dei fleirfarga og pinne nr 3,5 mm på dei grøne med striper. Men det å leine kan ikkje forklare den store skilnaden som vart i størrelsen med same masketalet? Men ein lukkeleg gut vil gjerne ha dei fleirfarga som er str 6 år. Dei med striper har ein litt god damestørrelse og vert lagt i samlekassen.

tirsdag 15. januar 2013

Litt småstrikk

Året har starta med litt småstrikk. Etter å ha gjort ferdig det store teppet i førre blogg, måtte eg ha noko lettare på nevane. Eit par labbar er ferdige, den eine strikka i romjula, den andre no på nyåret. Desse labbane er strikka i Opal Hundertwasser, 425 meter/ 100 gr på pinne nr 2,5.

Fargane på dette garnet får meg i godt humør, fargeskifta gir flott stripemønster. Her måtte eg rekke av 2 meter for å få likt mønster på begge labbane. Oppe i mitt hovud må det helst vera slik. Veit eg kanskje er litt sær på det området.

Barnebarnet ønska seg og ein liten pose til å ha rundt halsen med iPod touch'en i. Litt vimsete, slik 8-åringane ofte er, kan det vera lett for at den går i golvet med eit brak. Jenta har sjølv plukka ut garn og knappar og bestemt korleis den skal sjå ut.

Det er ei særs nøgd jente som set pris på bestemor sine strikkerier der ho ser noko spennande på TV!

fredag 11. januar 2013

Årsteppet 2012 - ein spennande along

Eit spennande og lærerikt prosjekt er no ferdig. Og eg har fått meg eit staseleg teppe.


 Eg meldte meg på ein along på Nøstet, ei lukka gruppe på gamle Trådsnella, hausten 2011. Saman skulle vi strikke eit "lappeteppe" i løpet av fjordåret. Den som inviterte til alongen var Zirkona, noko som gjorde arbeidet ekstra spennande. Ho er jo ei dame med masse kunnskap og mange idear, absolutt nok til å halde oppe spenninga gjennom heile året. Ja, eg venta like spent på desemberlappane som eg gjorde på mønsteret i januar 2012.


Den første i kvar månad fekk vi tilsendt mønster til to lappar, samstundes fekk vi og litt strikkehistorie knytta til teknikken vi skulle bruke på desse lappane. Når denne oppgåva var unnagjort la vi ut bilde i ein visningstråd. Hjelp og støtte fekk vi i månadens arbeidstråd, både av Zirkona og dei andre "årsteppestrikkerskene"


Med 24 ferdige lappar var det til å pusle dei saman slik eg ville ha dei. Ikkje heilt enkelt, det nei! Vart gjort endringar undervegs for å verta fornøyd. Her var fotoapparatet godt å ha, då kunne eg studere ulike alternativ opp mot kvarandre.


Vi stod fritt til å sy, hekle eller strikke saman lappane, også til kanten rundt kom det fleire alternativ. Eg hadde tenkt å hekle rundt kanten og starta med å avslutte lappane med ein omgang fastmasker. Men då det kom forslag om å strikke dei saman med ei flette, var det berre til å starta på nytt. Dette synest eg såg så flott ut. Gjorde min vri ved å strikka rillestrikk ved sidan av fletta. Også rundt kanten strikka eg ei flette og deretter nokre riller med kontrastfargen. Sjå detaljbilde under.


Om nokon lurer på dei vitale måla på teppet mitt er det 200 x 140 cm, veg 2080 gram. Det er strikka i Rubin frå Sparkjøp.

onsdag 9. januar 2013

Ein liten oppsummering av fjordåret!

Nytt år gir også høve til å oppsummere året som gjekk. I desember fekk eg den hyggelige meldinga at eg var blitt medlem på Strikkeblogger.no. Dette er ein kjekk stad der ein finn dei siste strikkebloggane samla og lettare kan følgja med på kva som vert vist fram. Er du nyskjerrig på kva dette er, klikk på logoen på høgre sida her!
 
 
Elles avslutta eg året med å strikka nokre trekk til tennbrikettboksar. Desse to har mønster henta frå vottemønster. Dei er strikka i Hifa3 - Embla frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Eg strikka også 2 slike som du kan sjå under med fletter i Neon frå Schackenmayer.
 
 
Ellers var eit av fjordårets prosjekt å finne ut kor mykje garn eg brukte i løpet av 2012. Dette rekna eg ut i gram og meter, det siste for morro skuld :) Kva garnet kosta vil eg aldri rekne på, alle kjekke hobbyar har sine kostnader. Ved å dele ut på det eg lagar, gleder eg fleire med min lidenskap for garn og pinnar, og det er for meg viktigare.
 
Resultatet  vart  8165 gram og 22 810 meter.
 
No sit eg og gjer innspurten på Årsteppet mitt. Dette håper eg kjem ganske snart i neste blogg!
 
 
 
Så vil eg nytta høvet til å takka dei som er innom bloggen og ønskje dei eit riktig godt år på alle måtar!