fredag 11. januar 2013

Årsteppet 2012 - ein spennande along

Eit spennande og lærerikt prosjekt er no ferdig. Og eg har fått meg eit staseleg teppe.


 Eg meldte meg på ein along på Nøstet, ei lukka gruppe på gamle Trådsnella, hausten 2011. Saman skulle vi strikke eit "lappeteppe" i løpet av fjordåret. Den som inviterte til alongen var Zirkona, noko som gjorde arbeidet ekstra spennande. Ho er jo ei dame med masse kunnskap og mange idear, absolutt nok til å halde oppe spenninga gjennom heile året. Ja, eg venta like spent på desemberlappane som eg gjorde på mønsteret i januar 2012.


Den første i kvar månad fekk vi tilsendt mønster til to lappar, samstundes fekk vi og litt strikkehistorie knytta til teknikken vi skulle bruke på desse lappane. Når denne oppgåva var unnagjort la vi ut bilde i ein visningstråd. Hjelp og støtte fekk vi i månadens arbeidstråd, både av Zirkona og dei andre "årsteppestrikkerskene"


Med 24 ferdige lappar var det til å pusle dei saman slik eg ville ha dei. Ikkje heilt enkelt, det nei! Vart gjort endringar undervegs for å verta fornøyd. Her var fotoapparatet godt å ha, då kunne eg studere ulike alternativ opp mot kvarandre.


Vi stod fritt til å sy, hekle eller strikke saman lappane, også til kanten rundt kom det fleire alternativ. Eg hadde tenkt å hekle rundt kanten og starta med å avslutte lappane med ein omgang fastmasker. Men då det kom forslag om å strikke dei saman med ei flette, var det berre til å starta på nytt. Dette synest eg såg så flott ut. Gjorde min vri ved å strikka rillestrikk ved sidan av fletta. Også rundt kanten strikka eg ei flette og deretter nokre riller med kontrastfargen. Sjå detaljbilde under.


Om nokon lurer på dei vitale måla på teppet mitt er det 200 x 140 cm, veg 2080 gram. Det er strikka i Rubin frå Sparkjøp.

8 kommentarer:

  1. Guriland -det er så flott at jeg finner ikke ord!
    Veldig lekkert med lys bunnfarge :)
    Synes det gjorde seg godt med kant i kontrastfarge.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med flott resultat! Det blei nydeleg med flette rundt heile teppet og avsluttinga med kontrastfarge var prikken over ien :)
    Eg har og tenkt på flette rundt kanten, det var kjekt å få sjå.

    SvarSlett
  3. Du har fått ferdig ett nydelig teppe.
    Det blir spennende å se alle de ulike teppene .

    SvarSlett
  4. Åh du verden, for et teppe, kjempeflott Åshild :)

    SvarSlett
  5. Det er nå Karmøybuen må leita fram ekstra i hukommelsen, itte godord som duge! Heilt alldeles fabelaktig flott teppe!! Gratulera med ferdig gåve til deg sjølv!

    SvarSlett
  6. Gratulerer med ferdig teppe!
    Jeg er kjempeimponert. Mange spennende detaljer og en fin helhet når teppet er ferdigmontert.
    Dere har sannelig lagt ned masse arbeid i årsteppe, men også lært masse.
    Et minne som kan gå i arv i generasjoner.

    SvarSlett
  7. Åh, eg bare elske fargane i teppet ditt!! Var så fint med det grøne!

    SvarSlett