fredag 3. mars 2017

Dilla på tantulltussockor

Rett over nyttår vart eg gjort merksam på ei sokkebok på Instagram. Det var Pinneguri som viste fram nokre nydelege sokkar og inviterte til samstrikk i 2017. Eit par Tantulltussockor for månaden. Det skulle bli 12 par i løpet av året. Og samstrikk det er gøy, er nok litt hekta på det eg.
Dette er boka som vart vist fram, den vart øyeblikkelig bestilt rett frå forfattaren, og med personleg helsing på kjøpet. Boka kan bestillast her. Med 27 ulike design, som freista alle sammen, var det vanskelig å vite kva eg skulle starte med. Men først måtte eg finne fram eigna garn. Ein plastboks med 550 gr Hjertegarn 4 sock fordelt på 6 ulike fargar kom opp i strikkekorga.
Første par ut var Molly
Neste par ut var Clara Sofia Saltflinga
og så Flower Power. No var eg komen så godt i gang at eg fann ut 
resten av garnet skulle bli til labbar
Deretter følgde Lemonad
og Uffe
Det begynte å minke på garnet og stripesokkane Tutti Frutti 
vart då eit naturlig valg.
Siste par ut i denne omgang er Barbro
Og enda vart det litt garn igjen som kunne brukast til eit par stripete barnelabbar. 
Ved siden av ligg restane av 550 gram sokkegarn, så denne gangen fekk eg god 
utnytting av sokkegarnet. Alltid kjekt å nytte garnet fullt ut, og den tomme
 plastboksen har alt fått nytt innhald. 
Her er alle para samla i korga som var halvfull av garn då eg starta. Enda har eg 
mange fleire sokkepar eg vil strikke, men no trur eg det vert litt anna først. 
Men som du ser er denne boka ein stor sokkeskatt!
Til slutt 2 par barnelabbar strikka på bestilling til 2 nabojenter. 
Dei er strikka i Lana Grossa Meilenweit.

Tusen takk for du har sett innom bloggen min. Håper eg har freista deg til å sjå nærare på 
boka #Tantulltussockor av Anna Bergman. Fleire bilder finn du og på Instagram med 
emneknag #tantulltussockor.

lørdag 25. februar 2017

Strikk til barnebarn.

Det kom ønske om genser til familiens yngste, ein staut kar på 6 mnd. Ønsket var ein grønnfarge som han alt hadde fått vottar i. Dette er Rauma Panda som eg hadde kjøpt sommaren 2016 på fabrikkutsalet på Veblungnes. Heldigvis hadde eg garn liggande og mønsteret vart setesdalsgenser , men uten lus. Med slike små fingrar er det så fort å hekte dei fast og trekke ut trådar.
Synes det må vera knappar på skuldera eller annan lukking i halsen på så små barnegensarar. Då blir passformen i halsen så mykje bedre.
Her er genseren slik den vart ferdig. Kunne kanskje vore nokre cm vidare i bolen, men samtidig er den tynn og god, og fyller lite under ytterplagget.
Her er genseren komen på godguten vår. Ein staut og blid sjarmør!

Barnebarna veks fort og treng av og til å fornye garderoben med strikka plagg. Eit bestemorhjerte smeltar fort når jenta på snart 4 år kjem og spør om eg kan strikke henne ei stripebukse. Eg lurte på kva ei stripebukse var, ei bukse med striper vel!

Jenta fekk vera med å kjøpe garn, første besøk på ein garnbutikk. Det gjorde sterkt inntrykk på henne, så mange nøster og ein heil vegg med knappar. Inga overrasking i at vi kom heim med lilla, rosa og kvitt sisu frå Sandnes. Synes det er eit godt garn til klær berekna til å bruke under regntøyet. 
Buksa strikka eg etter eit gammalt mønster frå Sandnes, men fasongen er vel ikkje optimal. Har alt funne eit anna mønster eg vil prøve neste gang.
Med ny bukse fann eg ut ho måtte få genser til og. Det vart då ein rosa genser med rundfelling frå eit setesdalsmønster. Jenter i den alderen er glad i rosa og både genser og bukse er i flittig bruk.
 
Men som de ser er ho fornøyd med å bli fotografert i ny genser, gladjenta vår!

Eit lite forsøk på å vise litt av det eg har strikka dette året. Tenk no er februar snart slutt, kveldane og morgonane er blitt merkbart lysare. Vi går ei deilig lysare tid i møte. Ønskjer alle ein fin vår og tusen takk for du ser innom bloggen min! 

onsdag 4. januar 2017

Fanatrøye til ein 50-åring

Årets første blogg, planen er at det skal bli mange i løpet av 2017. 
Jaja. eit nyttårsforsett skal vi vel alle ha
Så først av alt vil eg ønske alle 

EIT RIKTIG GODT HANDARBEIDSÅR I 2017


Dette året er nett starta, så fanatrøya eg viser fram her vart strikka i november/desember i fjor. 
Bror min fyllte då 50 år, og eg måtte spørja forsiktig om han ønska seg ein genser eller
 trøye i gåve frå oss. Ei trøye i litt tynt garn kunne han tenke seg, og vi kom fram til at ei fanatrøye var eit fint alternativ. 
Med utgangspunkt i boka "Fanatrøyer" vart planen lagt og garn kjøpt inn, blå og grå Sisu frå Sandnesgarn. Å få leike meg med alle dei ulike bordene som er i den boka er ein fornøyelse, 
då vert det fanatrøye med mitt særpreg. Og då er det ikkje så mange som vert heilt maken.
Nede starta eg med tvebandstrikk, også kalla tvinnarand. Denne minner om latvisk flette, men er ikkje heilt lik. I dei mørke rutene har eg strikka første omgang rett og dei tre siste omgangane vrangt. Mi erfaring er at då trekkjer ikkje ruteborda seg så mykje saman, deretter kattepote og sikksakk. I stripemønsteret med lus strikka eg berre 2 masker mellom kvar lus fordi det vert meir stabilt, ein trekkjer ikkje så lett ut trådar.
Øverst strikka eg ei litt brei 8-bladrose, dette er ei av mine favorittborder som eg har brukt mange gonger, synest den er kjempefin!
Og slik vart jakka ferdig. Doble lister med knapphol og tinnknappar med 8-bladroser.
Å strikka jakke til andre å få dei passelig stor er ikkje alltid like lett. 
Men ved å ta gode mål, rekna og telja så vart jakka absolutt passeleg og kledeleg. 
Ja litt flaks hadde eg vel og.
Må seie eg vart tilfreds med resultatet!