Mønsteret som vi plukka ut er henta frå SandnesGarn sin temakatalog nr 24 med hentesett og babytepper. I mønsteret var settet strikka i litt sterk rosa, eg har strikka det i ein dus litt gammalrosa farge. Likte fargen betre og betre etter kvart som eg såg den i strikk, trur den vert lekker på ei lita jente. Mønsteret var greit å strikka, men litt småendringar har eg no gjort som vanleg. La opp eit mønster ekstra på mønsterfeltet som eg felte ved overgangen til rettstrikk. Mønsteret hadde også isett arm med strikka armtopp, eg bytta den ut med ei raglanfelling. På babyjakkar synes eg raglan- eller rundfelling absolutt gir best passform.
Også labbane var veldig vide rundt leggen. Her tok eg bort ein mønsterraport ( 13 masker), då synest eg dei såg mykje passelegare ut. No gleder eg meg til å sjå settet på, men vi må nok smørje oss med tolmod. Prinsessa vår har det nok absolutt best der ho er i mamma sin mage ei stund enno!
Dosse meg så skjønt sett! Rektig lekkert!
SvarSlettNydeleg sett du strikka. Ser det er det same eg laga til det yngste barnebarnet vårt ;) Tenker de gleder dykk til ei ny lita prinsesse :)
SvarSlettÅh! Så utrolig nusselig, kjenner jeg blir babysyk! Kjempefint var det.
SvarSlettHentesettet er bare KNALLsøtt!!!
SvarSlettSå utrolig nydelig! Jeg venter ei lita jente selv i slutten av Februar, du tar vel ikke bestilling?Jeg kunne virkelig tenkt meg å kjøpe et slikt sett :-) Ta kontakt viss du vil og har tid. Linnfinnbakk@gmail.com
SvarSlett