Ei venninne tipsa meg om eit flott vognteppe/babyteppe i eit Raumahefte, eit teppe med mange fletter. Tusen takk for tipset Rigmor! Dette var midt i blinken for svigerdatter vår, ho synes flettestrikk er nydelig. Mønsteret er i mønsterheftet Baby 075 R.
Den vordende mamma, som det heiter, fekk vera med å plukke ut garn til teppet. Det er strikka i dobbelt garn, ein tråd Rauma babygarn og ein tråd Plum på pinne nr 4. Størrelsen på teppet vart god, så det kan nok og brukast i bilstolen og til koseteppe. Ganske raskt å strikka med så tjukke pinnar til tross for alle flettene, til dels på alle pinnane på retta skulle det flettast eller masker flyttast.
Her er eit detaljbilde av flettemønsteret. Flettene er dei same som den søte genseren på framsida av mønsterheftet. Kanskje eit prosjekt seinare? Fargen er nok litt meir rosa enn her på bildet, den vil bli lekker på den flotte mørkbrune vogna dei har kjøpt. Gleder meg til eg kan ut å trille den vesle prinsessa om ei stund, blir nok ikkje før godt ut på våren.
Velkommen til blogen min! Her vil eg nok mest skriva om mine handarbeidsprosjekt og det som høyrer dei til. Eg er glad i det meste som gjeld handarbeid, men strikking er nok favoritten. I tillegg til å strikka sit eg gjerne ved veven og symaskina. Eg er nok mest glad i å strikka og sy klær. I veven har det vorte mest løparar. Det hender eg broderer litt og, men det må eg tilstå ikkje er ofte. Dei fem barnebarna er nok dei som eg oftast lagar noko til.
mandag 11. mars 2013
Siste babyprosjekt i denne omgang!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dette ble helt nydelig Åshild :) kjempelekkert! Gøy å strikke ja?
SvarSlettDet er bare helt nydelige arbeider som kommer fra din hånd, Åshild!
SvarSlettFlettemønsteret var lekkert. Dette teppet kommer sikkert i bruk både titt og ofte ;)