mandag 8. april 2013

Nytt sidan sist

Det er lenge sidan sist eg skreiv ein blogg. Ikkje fordi eg ikkje har strikka men fordi det har skjedd så mykje anna her hos oss. Vi har hatt ein flott påskeferie på hytta vår medd besøk av datter med familie. Det store målet til barnebarna var å gå påskerennet i hyttefeltet med medalje og snopepose til alle. Til og med minstemann på 2 år, som snudde etter eit lite stykke, fekk premie. Og med det været vi fekk, vart det ei flott påske. Her ser de Hardangerjøkulen bada i sol, og slik såg vi han kvar dag heile påska.

Men det største som hende i påsken er nok at barnebarnet vi venta på kom til verda. Ei fortryllande lita jente, og alt står bra til med foreldre og barn. Det var stort å sjå ho på KK 1. påskedag, for turen heim gjekk om sjukehuset. No er ho komen heim og eg kan besøke dei fleire gonger i veka. Kjekt å ha henne så nær at eg kan få følgje utviklinga hennar. Godt å kunne kose med henne, skal verta bestemor si godjente ho og.

På strikkefronten har eg klart å gjera ferdig genseren min strikka i meisegarn i fargen lavendel. Dessverre klarer eg ikkje eg å vise fargen på bilda. Fargen er som ein lavendelåker bada i sol, slik eg opplever det i Provence, på bilda ser den meir blå ut.
Mønsteret har eg henta frå Alt om Håndarbeide nr 21. Litt tilpasning måtte eg gjera. Rundfellinga vart for kort, så då var det å rekkja opp og strikka eit stykke glattstrikk før eg strikka fellinga. Er litt spent på korleis tråden veil vera i bruk. Alltid litt spent på det når eg strikkar store plagg i tråd eg ikkje har prøvd før. Under ser du fellingane, 8 slike holrader danna rundfellinga, genseren vart fin i størrelsen og er alt tatt i bruk.
I påsken strikka eg og ei hue til eldste barnebarnet. Ho ønska seg ei lilla hue som skulle passe til boblejakken. Heldigvis hadde eg pakka eit nøste lys lilla sockegarn i strikkesekken, ja for eg hadde ein eigen sekk med handarbeidsutstyr. Har jo litt panikk for å verta arbeidslaus når eg skal vera vekke 10 dagar, heheh...
Jenta vart superfornøyd med hua, ser ho brukar den på skulen. Ja for enno er det så kaldt her at det er godt å ha ei hue på øyrene.......... men må tilstå eg lengtar etter vår og meir varme no!
Som terrassestrikk fekk eg gjort ferdig eit par labbar. Likar å strikke når eg sitt i sola, det sjølv om gradestokken kryp under 0 grader. Dei nye karbonz-pinnane var supre då. Kunne kjenna stor forskjell frå det svarte partiet og til metallspissane i kor kalde dei var. Når reklamen slår fast at desse pinnane skulle vera varme å strikka med, må eg tilstå eg rynka litt på nasa. No er eg mykje meir imponert, ja!!! Labbane er strikka i Opal, eit sokkegarn eg likar godt, både på pinnane og i bruk.
No ventar fletting av sokkeband, babystrikk og alongstrikking på meg. Skulle nok gjerne fått utvida timetalet i døgnet eller redusert trongen for søvn! Men får vel gjera det eg rekk!




6 kommentarer:

  1. Så kjekt med ei ny oppdatering frå din kant! Ser at påsken har vore fortryllande, og eg blir heilt rørt over måten du skriv om det nyankomne barnebarnet ditt på!

    SvarSlett
  2. Gratulerer så mykje som bestemor til den herlege jenta!
    Du har strikka ein nydeleg genser, ei fin felling som blei prikken over ien på genseren :)

    SvarSlett
  3. Du er så flink Åshild, flotte håndarbeider hos deg :)

    SvarSlett
  4. Gratulere med barnebarnet! Ei nydeleg tulle du held i armane! Og så mykje flott du har strikka, Åshild! Det er lekkert med Maizegarnet - godt du unte deg sjølv eit plagg med det!

    SvarSlett
  5. Hva, glemte jeg gratulere? Gratulerer så mye med den lille :)

    SvarSlett
  6. Så får du det skriftlig også: GRATULERER MED NYTT BARNEBARN!!
    Har tydeligvis vært en fin påske på alle måter :D
    Genseren din er veldig fin, synd det er så vanskelig å gjengi enkelte farger på bilder... Men veldig kjekt at du har prøvd ut mønsteret før meg, så blir det litt mindre oppigjen-rekking på meg ;)))
    Kjekk lue og kjekke sokker også!

    SvarSlett