I dag vil eg dele mine garnkjøp i går ettermiddag. Eg var så heldig å få Sølvi på besøk med blomster og tebrød på dagen i går. Slike besøk er utruleg kjekke, og sidan eg skulle ta livet litt med ro etter ein bagatellmessig operasjon, gjorde selskapet ekstra godt. Sølvi fortalde at ho skulle på lagarsal på Landås og då vart freistnaden for stor. Den som heiv seg med var meg! "Eit godt teikn på at du er frisk" var kommentaren frå gemalen. Ja for det er vel den stillinga han har når det gjeld garn og strikking. Han har berre eit ord for slik galskap" Strikkomani" Kanskje han har rett i at eg er "strikkoman"? Det gode er at eg er ganske sikker på at eg ikkje lir av den sykjo åleine.
På Landås fann vi raskt fram, og her var det mykje som freista! Shetlandull og silke, kvar for seg og i blanding. Fargar som kunne verta lekre plagg og tilbehør. Gode tilbod og meir eksklusive garn. Ja her vert det nok meir handel når eg treng meir garn....... eller kanskje før.
Lekre fargar og garnkvaliteter i oversiktlige hyller, då lar eg meg lettare freiste!
Shetlandsull i herlige fargar, tynt og lekkert! Det skal eg nok prøve med tid og stunder.
Herlig silkegarn med glans og nydelig tvinn i to tjukkelser! Kunne nok verta nydelege sjal
av dette garnet.
Her er mine kjøp! 2 nøster Malsens Tweed som skal verta pulsvantar og Sarah Tweed til jakke. Sarah Tweed er eit blandingsgarn av 50 % morbærsilke, 10 % bourettesilke og 40 % ull frå BC GARN. Det er litt mørkare enn bildet viser, blåsvart med blå spetter.
Ikkje berre var det lekkert garn å få kjøpt, men uvanleg hyggeleg selskap fekk vi av fleire strikkeglade damer. Ideer, tanker om kvaliteter og fargar vart flittig diskutert. Det var nesten som vi vart kasta ut ved stengetid.
Tusen takk til Sølvi som inspirerte meg til å komma meg ut av huset, Malsen og Mor som inviterte og til dåke hyggelige damer som eg møtte!
Lar du deg freiste til handel hos Malsen og Mor finn du nettbutikken her.
ååå så herlig å få sjå!! Godt eg fekk pakka i posten frå Projo i dag, ellers hadde misunnelsen stått i taket. Men, unne deg gleda over fint garn. God bedring!!!
SvarSlettEia var eg der.... Sååå mykje flott garn! Fine hesper og nøster som blei med deg heim :) God bedring!
SvarSlettGosj! Åh, som jeg skulle like et aldri så lite garnvarp akkurat no! Litt lei og kjei siden jeg har blitt aldri så lite slått ut - no medisiner med bivirkninger, sliter litt... Så nydelig garn da Åshild, ser helt nydelig ut! Nei no lengter jeg etter et sjabbetreff, søren så bra at Greta kommer hjem fra syden i morra, skal forbarme meg over henne no :) Så ser jeg Linda frister med Projo, hm, skal ta en titt der også, pluss let opp Wollmeise sin nettbutikk. Blir alene i kveld, sambo`n ska på fjellet - tenker jeg går litt bananas på en nettbutikk her inne....innmari lyst i hvertfall :) takk for titten Åshild, og kjempekos å høre fra deg :)
SvarSlett