På gamle trådsnella vart eg introdusert for omgrepet "meisemamma"? Kva det var gjekk ikkje opp for meg med ein gong, men så fann eg nettadressa til denne nettbutikken Wollmeise. Og for eit fargespekter som møtte meg, og eg er glad i dei klare og sterke fargane. Garn til 2 tunikaer ( + litt ekstra) har eg kjøpt på nett frå dei, like fornøyd kvar gong.
Via FB-sida deira fekk eg veta at dei skulle ha salg i påskeveka, garn med litt feil fargesjateringar til redusert pris! For dei fargar garnet dei sel sjølv, og dei stiller store krav til det produktet dei skal levera. Starta umiddelbart å drøyma om å få nå dette salget, tenk kva eg då kunne kjøpa utan frakt og toll?
Påskeferien i år har vore utvida med ei veke, og den skulle vi nytta til å reisa med bubilen sørover Tyskland, og München og Bodensjøen var nokre av måla våre. Og Pfaffenhofen låg då på ruta, i alle fall ikkje langt unna. Eg vil ikkje sei eg "bad på mine kner" men eg la nok inn eit ganske sterkt ønske om at dette var viktig for meg!
Tysdag i påskeveka kom vi fram til menighetshuset dei hadde leigd til salet. Her var det slett ikkje godt å få parkere ein stor bobil, smale trange gater i ein liten landsby? Med feilparkert bil bak presten sin bil sette mannen seg til å venta på meg. Uten kommentar om at dette var vanskeleg, eg var nok mykje meir bekymra enn han over denne parkeringa?
Inne vart eg møtta av mange hyller fulle av garn i dei flottaste fargar sortert etter fargar og kvalitetar.
Å ta bilder her av hyllene utan å berre få ein masse ryggar som stod og studerte garn var ikkje lett, kvaliteten vart derfor litt "so som so". Men drøym dåke litt vekk likevel, det gjorde alle dei som var der? Og her var det masse folk, det verka som dei kom i grupper saman og at dette var ei kjærkommen utflukt saman med likesinna. Må tilstå eg følte meg litt åleine og fortapt innimellom alle hyllene, eg snakkar desverre ikkje tysk. Lærte litt på ungdomskulen for 40 år sidan - men det er gått i gløymeboka.
Likevel har eg ein stor skatt i denne posen. 5.5 kg meisegarn, fordelt på litt ulike kvalitetar.
Her ser du haugen av meisegarn saman med litt anna garn kjøpt i Flensburg på vegen heim.
Sokkegarnet TWIN som er deilig å strikke med vart brukt alt på turen, 3 par labbar er ferdige. Ei hespe på 150 gr rakk til 2 par damelabbar. Brukar pinne 2,5 til dette garnet.
Av PURE som er eit reint merinogarn skal det bli jakker og gensarar. Har ein plan for det meste av garnet og litt som kan nyttast i kombinasjon om det vert at restar. Dei vart nok plukka ut frå fargespekteret i dei har. Her er det mykje garn, 150 gr i kvar hespe . Pinne 2,5 og 3
I DK, som kan strikkast på pinne 4 kjøpte eg til 2 jakker, ei til meg sjølv og ei til datter vår. Synes du det er få hesper, kan eg sei at det er 200 gr i kvar, så det er meir garn her enn det ser ut som.
Trur dei fleste som er garnavhengig forstår at dette var eit vellukka besøk? På grunn av parkeringa fekk eg nok ikkje ro på meg til å nyta besøket slik eg burde, men eg vart litt overraska når manne utbraut "er du alt ferdig, eg tenkte eg skulle sjå på noko meir eg." Kan nok bli garnsalg fleire gonger på meg. Det vil seie eg handla no litt meir garn på turen og, det får koma i ein seinare blogg.
WOW!!! For et fantastisk syn. Ja, eg ser at eg definitivt må vurdera ein Tysklandstur!
SvarSlettÅh, tenker det samme jeg også, tenk om vi kunne vært noen og fått til en gruppetur - sukk! :)
SlettÅ, men du er heldig!! "Guriland" så flott garn du kjøpt deg! Takker og for interessant lesing - fin blogg!
SvarSlettDer skulle vi ha vøri . .Heldige du som fikk gubben din med på tur til garnhimmelen. Gleder meg til å se hva du kommer til å sitte i solveggen å strikke. Kanskje blir det noen innslag i veven også?
SvarSlettÅåh, så heldig du var!! Alt det flotte garnet du fekk med deg heim, gleder meg til å sjå kva fint det blir av det ;)) Veldig kjekt å lesa :)
SvarSlettSå kjekt å få høre fra turen! Og det er veldig mye fint garn du har fått med deg hjem :)
SvarSlettJeg er så heldig at jeg har fått tatt en aldri så liten titt ned i posen, og en kjapp kose-klemme-test.
Garnet kjentes nydelig ut. Nå gleder jeg meg til å se alt det fine du skal lage :)
Afff, "bare" litt grønn av misunnelse Sølvi ;) var sikkert mye mykt her :)
Slett:-) Hyggelig lesning Åhild. Mye flott garn som dine flinke og flittige hender tryller om de de nydligste plagg.
SvarSlettHyggelig lesning Åshild, nydelig garn som dine flinke og flittige hender tryller om til de nydligste plagg :-)
SvarSlettDu madre mia, for et syn! :) et herlig syn! Gosh, kom ikke og si at du skal på salg i Bergen med det første ;) ;) hihi.... Hmm, her blir det nok mye lekkert tipper jeg - nydelige farver og garn og se Åshild - skjønner du / dere, har hatt en flott tur :)
SvarSlett