fredag 23. januar 2015

Adventskalender til barnebarn nr 3.

Ja eg veit det, det er lenge sidan advent starta. Men eg klarte verta ferdig med adventskalenderen til barnebarnet som fyllte fire år i desember. Storesøstra og storebroren hadde alt fått sin kalender og siste mann skulle også få sin.
 
Planen er nemlig klar, alle barnebarna skal få sin kalender av bestefar og bestemor. Eg vil og at dei skal hugse at eg sat og broderte på kalenderen, så dei må verta rundt 3 år før eg lagar dei. Kalenderen eg broderte denne gongen var kjøpt på salget etter jul for 2 år sidan. Heldigvis er det ofte gode tilbod på julebroderia i januar, dei er jo ikkje akkurat billige slike broderipakkar.
 
Kalenderen er sydd på halvlin med 2 tråder av moulinegarn og små korssting. 26 fargar gir eit fint fargespel i broderiet. Det er to motiv av det tradisjonelle slaget, er nok litt svak for fjøsnissane eg.
Øverste bildet av nissane som kokar graut 
 
 Nederste motivet av nissane som klipper ut raude hjarter og pyntar juletreet
 
 Heile kalenderen ferdig montert og klar for å henge pakkane på.
 
Det var ein kry gut som fekk sin eigen kalender og slapp dele med eldre søsken. Med namn og årstal er dette noko som skal vera kjekt å ta fram i adventstida. Og ein grei avtale med mammaen har eg og, eg kjøper inn halvparten av gåvene til kalenderen. Dette kan vera litt snop eller små ting dei elles treng. For meg er det viktig at det ikkje skal vera "julegåver" kvar dag fram til jul, men berre små oppmuntringer.
 
Så er jo saka grei, har alt kjøpt inn kalender som skal broderast til neste advent til veslejenta vår.
 
 

4 kommentarer:

  1. Så trivelig å se deg igjen :-) nydelig kalender, litt av et arbeid dette Åshild, du er så flink, pusler med det meste du :-) klem fra trøndelag

    SvarSlett
  2. Kjempefint arbeid, det er mange sting på denne flotte adventkalenderen.
    Veldig kjekt med eit personleg minne som dei har med seg i mange år framover :)

    SvarSlett
    Svar
    1. ps. Kjekt å sjå deg på Blogspot igjen, forstår det er fleire som kjem tilbake.

      Slett
  3. Grådig flott kalender. Og veldig fint at bestemor er rettferdig med sine arbeid. Føler på det eg med, at nr 3,4,5 i rekka - av barnebarn - er like viktig som den første!! Kjekt å sjå deg blogge "personleg" igjen ;)

    SvarSlett