onsdag 4. november 2015

Strikka boblehuer og tovevottar

Ei venninne i husflidslaget introduserte meg for huer i boblestrikk. Denne teknikken synest eg såg festlig ut og måtte prøvast. Har oppdaga at det finnes mønster på både engelsk og norsk til desse huene. Det norske kan du finna her, det er MALSEN OG MOR som raust deler dette mønsteret. Den engelske versjonen kan kjøpast på Ravelry, sjå her.

Mi første boblehue strikka eg i 2 fargar. Det vil seia at 1. og 6. omgang vart strikka i kontrastfarge. Eg brukte PT 5 Sport på pinne 3 og 3,5 mm. Eg måtte ta oppatt litt og gløymde auke ut andre gongen, 
huo vart dermed litt liten og passar nok ei lita tulle på ca 1 år.

Fann ut at eg og skulle strikke huo i einsfarga garn i voksen størrelse. Her brukte eg 
Sandnes Alpakka på pinne 3 og 3,5 mm. La opp 112 masker som eg auka ut til 120. Størrelsen er god så eg håper eg finn nokon som kan tenke seg å bruke denne huo. 
Boblestrikk er kjekt å strikka men eg trur at det egnar seg best i fargar som det er lett å sjå maskene og telja omgangane på. Kjem nok gjerne til å strikka fleire slike huer.
Tovevottar er tingen for kalde fingrar. Dette stod klart på ønskelista for familiens femåring. Dei måtte vera blå, for det er tøffast. Bestemor bestemte at nokre striper gjer at dei er lettare å kjenna igjen og halde saman som par. Første forsøket passa storebroren på 9 år perfekt, til stor sorg for minstemann.
Då er det berre ein ting for bestemor å gjera, hiva seg på strikkepinnane å laga eit par til som er litt mindre. Dei vart slik dei skulle! Vottane er strikka i Ask - Hifa 2 på pinne nr 5 etter eie mønster. Dei er tova på 40 grader saman med ei dongeribukse.

Til slutt må eg visa fram ei gåve eg fekk frå ei venninne. Ei SYPIKE, noko som er eit nytt bekjentskap for meg. Flott nålepute på toppen og feste til å skru fast på eit bord. Tenker a denne skal bli flott feste for både brikkevevinga og sokkebandknyttinga som eg held på med.

Tusen takk for rosande ord på bloggen, kjekt med ei tilbakemelding. Takk til deg som kikkar innom uten å leggja igjen noko, du er like verdsatt du og! 

Ønskjer alle ein fin handarbeidsmånad i november. Rart å tenkja på at det går raskt mot jul og advent. Eit år går så fort!

onsdag 28. oktober 2015

Strikkatrøye i Symre frå Telespinn

Var så heldig å verta invitert til eit treff med strikkeglade dager i juni. Det vart då arrangert tur til Telespinn. Det er ein fantastisk stad der mohairgeitene går og beiter rundt spinneriet. Snakk om kortreist garn. Riktig trivelig hadde vi det med omvisning, deilig lunsj og garnsnoping!
Selvfølgelig vart det med deilig garn heim og. Kjøpte inn garn til ei strikkatrøye (dialekt for kofte eller strikka jakke). Symre som er eit godt mohairgarn blanda med litt ull, eg har strikka det på pinne 2,5 og 3. Hadde valgt meg ut 5 fargar som kunne brukast saman. Mønster fann eg liksom ikkje som var heilt som eg hadde tenkt, men tok utgangspunkt i Annakofta. Masketalet stemte ikkje, så det måtte justeringar til. Mønsteret strata eg på 3 gonger før eg vart fornøyd. og då dikta eg mønsteret sjølv og brukte kjente border.
Boka om Fanatrøyer er til god nytte, der er det åttebladsroser i rikt monn saman med mange andre brukandes border.
 Fargane er ganske klare og kom ikkje heilt til sin rett på bilda, Knappane er 10-øringar som eg fekk av ei veninne i vår. Synest dei passa perfekt.
Her er jakka ferdig! Det vil seie ho var ferdig i byrjinga av september og har vore flittig brukt etter det! Ei jakke som veg berre 540 gram er lett og god i bruk. Varm er ho og. Vi har hatt ein fin haust og då er strikketrøyer blant favorittplagga mine.


tirsdag 22. september 2015

Handarbeidet treng og oppbevaring

Eg likar svært dårleg å ha handarbeidet i plastposar. Nei tøynett, korger og vesker er mykje kjekkare å bruke og eg synest og det ser koselegare ut. Eg må og tilstå eg er ekstra svak for korger, og då meiner eg korger i alle storleikar. Og vert korga full kan det vera ein god grunn for å kjøpe ei ny, å rydda er liksom litt bortkasta tid.



Denne korga kjøpte eg i sommar i Romania. Langs vegen er det små butikkar og det eg nesten vil kalla skur som sel korger og anna handarbeid. Vi stoppa på ein slik stad og eg fall for denne korga. Mannen sine innspel om at ho ville ta plass i bubilen resten av ferien vart glatt overhøyrt, "ikkje noko problem... ho kan stå i dusjen..... eller under bordet..... eller berre ved sida av senga mi.... Som dåke sikkert skjønar så vart korga mi og eg passa godt på henne dei 3 vekene som var igjen av turen vår.


Vel heime fylte eg henne med handarbeid, ja ho rommar godt det eg held på med. Likevel var eg ikkje heilt fornøyd, tråden og strikketøyet hang seg liksom litt fast rundtom i dei tynne endane som kjem fram. Løysinga fann eg i går, då sydde eg eit for og sydde det fast for hand rundt korga. Fleire løysingar vart vurdert, men eg fann ut at den fine flettekanten måtte visast fram. 
Stoffet kjøpte eg og i ferien og det har ein nydeleg lys eplegrønn farge som desverre ikkje kom fram på bildet. Å sy sjølve foret var fort gjort, då var det litt meir arbeid å få det på plass på ein så lite synleg måte som mogeleg,


Og no kan eg fint samle handarbeida mine i korga mi. Og i kveld skal eg ha ho med på strikkeklubb med kjekke venninner! Men kva som er oppi korga det får eg visa ein annan dag.

mandag 7. september 2015

Førebuing til sommarens store feiring

Det er veldig lenge sidan eg har laga ein blogg, så no må eg komme i gang igjen. Etter 17. mai var det liten tid til strikking, då var det symaskina som vart brukt. Tenkte eg kunne vise litt kva eg då hadde å kosa meg med..... ja kanskje stressa litt med og!

I sommar var vi så heldige at vi var med å feira bryllup i Cluj-Napoca i Romania. Det var sonen vår som gifta seg med sin kjære sambuar som er frå Cluj-Napoca i Romania. Når det er bryllup på gang så må garderoben vera i orden. Som brudgommens mor ønska eg meg ein ny festkjole. Dei to barnebarna som skulle vera brudepiker var eg og så heldig å få sy kjoler til. I tillegg retta eg brudekjolen så den skulle sitja perfekt.
 Jentene skulle få enkle kjolar som ikkje var for varme. Bruden fekk bestemme hovudlinjene korleis kjolane skulle sjå ut og eg laga til mønster og gjorde sømtekniske val. Stoffet vi valgte fekk vi på Stoff & Stil. Eg synest dei vart søte, med fin hårpynt og sølvsko og fine blomster. Den vesle sjarmerande jenta i forgrunnen var og brudepike men ikkje med lik kjole til dei 2 andre
Min kjole måtte og vera luftig. Romania kan vera varm i juli, og varmt fekk vi det ( 33 grader ). Eg hadde stoff liggande på vent til ein passande anledning. Stoffet har ei venninne kjøpt til meg i Uganda. Silke med innvevde gullblomster. Med eit så fint stoff måtte fasongen vera enkel, det vart det vi på 70-tallet kalla prinsessesnitt. Var så heldig at eg fann ein butikk i Åsane som selde klassiske Burdamønster, berre til å tilpasse og klippe ut. Stoffet var superglatt, men eg vart rimelig fornøyd med resultatet. Bildet er ikkje frå bryllupet men frå prøving heime på kjøkkenet.
Brudens kjole er kjøpt brukt og den måtte syast inn og leggjast opp. Å sy inn var litt styr sidan eg måtte ta ut glidelåsen (opp til 4 lag stoff) og sy inn i sida der den var. Men både bruden og eg var fornøyd til slutt. Sløret som kom saman med kjolen var langt, men vi vart enig om at eit kort slør var eigentleg meir kledeleg il denne kjolen. Då var det til å klippe av nederste delen og lage eit nytt slør. Synest det vart veldig fint. Den vesle jenta er datter deira, ho synest nok foreldra var veldig fine denne dagen.
 Til sist eit lite bilde av farkosten dei køyrde rundt i på hotellområdet under fotoseansen med fotograf. Vi hadde ie fantastisk flott feiring med både rumenske og norske gjester, ja vi feira opp til fleire dagar. Eit minne for livet!

tirsdag 2. juni 2015

MAI - ein bunadsmånad

Sjølv om vi no har kome til juni må det bli ein liten bunadsblogg.  Mai er tradisjonelt månaden der arbeid med bunadane er ein del av kvardagen. Det vil seie at i år vart også noko gjort i april slik at datter vår med familie var klar til konfirmasjonsfeiring. Når dei er så heldige å verta invitert til fest er det kjekt å få bruke bunadane meir enn berre 17. mai.

Med 4 barnebarn som alle har bunad og foreldra deira som og kan ikle seg festantrekket er det litt å putle med. Det vil seie at datter vår vaskar og steller skjortene sjølv, resten er det vel stort sett eg som syter for er klart. Og det som då må sjekkast er om skjørt skal flyttast på vesten og om buksene passar eller må leggast ned? Er skjortene lange nok på armane? Er det noko som må lagast nytt? Må sonen vår pusse sølvknappane sjølv, alle 54?

Eg er så heldig å ha ting som går i arv og som både eg har brukt og som datter og sonen vår brukte som barn, så ikkje alt er nytt til barnebarna. Stas å veta at det som dei fleste brukar er sydd av mamma eller meg. Berre svigersonen måtte kjøpe bukse, vest og jakke på Husfliden. Sunnmørsbunaden var det ikkje kurs i her på Os. For dei andre bunadane er Os-bunader alle.
I år laga eg belte til tulla vår på 2 år. Dette er ein kopi av beltet eg har arva etter m farmor då eg var jente. Synest det er litt kjekt at dei to jentene våre har like belter. Beltet er sydd på stramei i halve korssting og med ei perle i kvart sting.
Barnebarnet på 9 hadde vakse ut av sokkane sine, så då måtte det strikkast nye. Heldigvis har Rauma laga til eit hefte med bunadssokkar og der var det oppskrift til barnestrømper og. Stas å få like sokkar som onkel har til sin bunad.
Nokre skrytebilder må eg og ha med. Her er dei fire barnebarna klar til å gå i tog etter å ha ete frukost hos oss. Alltid kjekt å starte dagen saman, 4 generasjoner som trives i lag, det gir gode minner for liten og stor.


Her har barnebarna fått med seg foreldra. Er det rart eg synest eg er heldig og har ein flott familie som att på til bur så nære at vi kan vera saman ganske så ofte?



onsdag 6. mai 2015

Ei finsleg FANATRØYE

Svigerdatter vår ønska seg ei strikketrøye og valet falt på ei Fanatrøye. Som så mange ganger før fann eg inspirasjon i denne boka som er laga av Fana Husflidslag.


Det som er gledeleg er at boka no er kommen i nytt opplag og kan bestillast her:

Bestill boken på fanatroyer@gmail.com og betal samtidig kr 400 (kr 300 + porto kr 100) til fanatrøyekontoen 3418 21 06021. Vi sender den så snart vi har registrert betalingen. Husk å oppgi adresse og telefonnummer.
Kontaktpersoner for salget er Karen Agathe Myrmehl, tlf 41521145, og Randi Stoltz, tlf. 95046773. Oppskrifter på bånd finner du på www.randistoltz.com under "Grindvev".



Eg har strikka jakka i Sandnes Mini Alpacca på pinne 2,5mm. Oppskrift hadde eg ikkje, så jakka vart til etter kvart som arbeidet gjekk framover. Nederst laga eg ein liten blondekant før eg strikka åttebladrosene. Ruteborda nederst sløyfa eg denne gangen.

Samme blondekanten og Åttebladrosa strikka eg nederst på armane. Etter å ha sydd for oppklipping og utringing i halsen strikka eg ein liten dobbel kant. Maskene plukka eg opp ved å ta ei maske i tre omganger og så hoppe over den fjerde omgangen. Lista strikka eg på pinne 2 mm. Eg sydde hemper i knappholsting, det gir stødige hemper som ikkje strekkjer seg,

Etter inspirasjon frå fleire her på nettet strikka eg armen saman med bolen ved å felle berre på armen etter å har felt litt på begge sider. Dessverre vart armtoppen litt høg, men det kan heldigvis ordnast ved å sy eit lie legg heilt øverst,

Slik ser jakka ut når ho heng på kleshengaren. På mottakaren sitt ho kjempefint, og eg håper ho får mykje glede av denne trøya.

Tusen takk for deg som ser innom bloggen! Det set eg stor pris på.

søndag 26. april 2015

Overraskande knappegåve.

Nye bekjentskaper er alltid spennande og samtalane kan fort komme inn på kva vi likar å halda på med. Eg var så heldig å verta kjent med May Helen Bleie. Ei flott og kreativ jente som det er ein fryd å vera saman med. At ho er knapt halvparten så gammal som meg er uvesentleg når samtalen glir lett. 

May Helen  lagar smykker i sølv under merket Zilver-Neckless, blant anna så formar ho om sølvbestikk til lekre smykker. Eksempel på dette finn du på heimesida hennar eller på facebook.

Eg var frampå og lurte på om ho hadde prøvd seg på å laga knappar av gamle myntar. Slike knappar synes eg høyres flotte ut, og eg kunne godt tenkt meg nokre slike. Vi snakka litt fram og tilbake om fasong og påsying, kva som ville vera beste løysinga. Så kom helga og vi tok fri!
Men det vil vel vera feil å seie at May Helen hadde tatt fri? For mandag morgon fekk ei fin lita øskje som det klirra i når eg løfta på ho. Øskja skjulte ein skatt, 22 knappar av gamle myntar, blanke og fine, klar til å syast i eit plagg som dei passar på.
25-øringar, 10-øringar, 2-øringar og 1-øringar, blanke og med flotte detaljar slik myntane var før i tida. På undersida er det lodda på fine auge i sølv til å sy knappane fast med. Mange prosessar skal fullførast før resultatet vert slik som dette.
Det er mange strikkeplagg som vil kunne kle slike knappar. Eg er enno på planleggingsstadiet kva eg skal bruke mine til.

Men ønskjer du deg slike knappar av myntar du har liggande i tølene dine eller kanskje du vil kjøpe knappar? Då må du ta kontakt med May Helen med å klikke på ei av linkane lenger oppe i teksten.
Sjølv ønska ho seg rosa og svarte selbuvottar hos meg, før ho starta med knappeproduksjonen. Første knappen som er sydd fast er no sydd på den høgre votten hennar. med ei hempe på den venstre kan ho knappe saman vottane slik at dei held saman slik par skal!

Til slutt eit lite tankekors. Familiens 9-åring stod og betrakta knappane. Eg tok opp ein 1-øring og fortalde at om vi hadde 100 slike så kunne vi få veksle dei i ei krone. Slike småmyntar er jo heilt ukjente for dagens born.