onsdag 3. oktober 2012

Nybakt meisemamma!

Mange gonger har eg høyrt om det lekre garnet frå Wollmeise, noko som har gjort meg svært nyskjerrig. Kvifor har dette garnet ein så spesiell klang? Når så ei venninne la ut info på facebook at garnet var tilgjengeleg, var eg ikkje vegen lang inn til sida deira. Om eg lot meg freiste? Ja det kan du vera trygg på. Bestilling sendt og betalt, så vente i spenning.

Endeleg kom hentelapp med innbetaling av toll. Endeleg var pakken komen. Skulle nesten hatt bilde frå postkonteret... eller bilen. For ute i bilen vart pakken raskt opna, kunne ikkje vente til eg kom heim.


Inne i den vatterte posen kom endå ein pose fram, men denne gongen med tekst på. Spennande innpakning med andre ord. Ei lita flaske med ullvaskemiddel datt og ut av pakken.

 
Med nærare inspeksjon av posen oppdaga eg at teksten er oversetting av engelske strikkomgrep til tysk! Så den må nok takast godt vare på. Kan kanskje komma vel med ein eller annan gong?

Så over til innhaldet i posen. 5 hesper med deilig ullgarn. Passe tynt til pinne nr 2.5 mm. ¤ av hespene er i ein herleg djup Lavendel og ei i ein djup turkis dei har kalla Aquarius. Litt leit at eg ikkje klarte å få fram dei utruleg flotte fargane på bildet til tross for mange forsøk i varierande lys, ute og inne.

 
Gleder meg til å strikke meg noko av dette garnet, men først må eg nyte det i hespeform. Kva det skal bli får vi koma tilbake til i seinare blogg.



3 kommentarer:

  1. Fantastiske meisar! Nå blei eg beint fram litt misunnelige her! Syntes fargane kjem ganske så bra fram, du ser den djupe, rike blåfargen godt! Spent på kva du synes om garnet når du får prøvd det!

    SvarSlett
  2. Nydeleg garn! Har og blitt frista av dette garnet, men føreløpig har eg klart å så imot ;) Blir spennande å sjå kva fint det blir av desse hesplane.
    Du har fått deg ei fin heimeside, gratulerer!

    SvarSlett
  3. Håper du blir fornøyd. Jeg ble og jublende over de flotte fargene.
    Synes egentlig garnet er tørt og fliser lett, får litt bomullsfølelse.

    SvarSlett