mandag 3. desember 2012

Trekk til brikettboksen

Har lenge sett på dei flotte trekka som er strikka og vist fram ulike stader på nettet og tenkt at det skulle eg og prøva. No har eg strikka trekk på den første boksen og trur nok det vert fleire før jul, dersom tida strekk til då.

Denne strikka eg i Embla Hifa 3 frå Hillesvåg Ullvarefabrikk på pinne nr 3,5. Eg la opp 60 masker og strikka 5 omganger, auka så ut til 72 masker. Elgen henta eg i mønsteret til eit par herrevottar i boka "Norske vottar og vantar" til Annemor Sundbø. Eg fekk plass til 2 elgar ved å fjerne eit par kantmasker. Resten av mønsteret vart til under vegs.

For å få trekket til å sitja fint på plass oppe på boksen limte eg på nokre bitar med borrelås, den harde delen. I bunnen trekkte eg inn ein dobbel tråd og stramma passeleg inn slik at trekket sat fint inn under boksen!

3 kommentarer:

  1. Så lekker den var og så lurt med borrelås i toppen!
    Da ble jeg inspirert til et nytt strikkeprosjekt, men det spørs om ikke jeg må prøve meg på sauer i stedet for elg . .

    SvarSlett
  2. Denne var stilig, Åshild!
    Det er nesten så jeg må begynne å bruke tennbriketter så jeg kan pynte opp en boks jeg også :)))

    SvarSlett
  3. Stil over denna tennbrikkeboksen. Liker godt elgen!

    SvarSlett