fredag 28. desember 2012

Vevd sjal i hundetannmønster!

I haust vov eg eit sjal på ein monicavev vi har i husflidslaget si vevegruppe. Å skulle bruke hendene til å betjene skafta er ei vanesak, synes nok at det er lettare med trøer på ein vev med kontramarsj. Men resultatet er eg fornøyd med.
Sjalet er vevd i Ask Hifa 2 frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Mønster tok vi frå eit pleddmønster i "Den store vevboka" og tilpassa det bredda vi ønska på sjalet. Det skulle tovast lett så eg vov det godt og langt ca 285 uten frynser då det kom ut av veven.
Ut av veven skulle det gjerast klart for toving , men då måtte frynsene tvinnast først! Og det var ekstra spennande denne gangen. Eg hadde nettopp fått pakke i posten frå Amerika. Batteridrevet frynsetvinnar eller Fringetwister som det heiter over dere, kjøpt på Ebay. Her ser det denn i bruk.

Eg tvinna då 2 frynser om gangen. Tvinninga vart gjerne i meste laget, så dei tova ikkje særleg. Men det gjer ikkje så mykje så lenge dei vart nokonlunde like. No er sjalet blitt gåve, og eg er byrja tenke på å veva fleire sjal!

4 kommentarer:

  1. Så flott sjalet ditt ble!! Kjekt å se det ferdig :)
    Artig frynsetvinner! Tenker det gikk kjapt og greit å lage frynser med den.

    SvarSlett
  2. Berre så imponert, Åshild! Flotte fargar i veven og!!

    SvarSlett
  3. Sjalet blei nydeleg!
    Eg lærte å veva på skulen i ungdommen, det var veldig kjekt.
    Men det har ikkje blitt meir etterpå, dessverre.

    SvarSlett
  4. Du er så flink Åshild :) nydelig

    SvarSlett