mandag 12. mai 2014

Mai er bunadsmånaden.

Sist veke vart det ikkje strikka mange masker her i huset, enda kor det klør i fingrane etter å ta strikkepinnane fast. Nei den veke gjekk med til å sy ferdig bunaden til barnebarnet på 8  år. Eg spurde fleire gonger om han ville ha bunad, og det ville han. Eg likar ikkje å gå i gang med slikt storarbeid om ikkje stasplagget vil verta brukt.

Prosjektet vart starta i haust, då eg gjekk på kurs i bunadsmontering i Os Husflidslag. Med god instruksjon gjekk eg i gang med å sy ny bunadsvest og bukse til guten. Den han hadde brukt, gjekk no i arv til broren på 3,5 år. Og dette skulle vera ein bunad som er heilt lik den dei vaksne brukar, ikkje noko forenkla variant nei! Det vil seie at eg ikkje syr jakke, men resten er greit.

Så lenge ein går på kurs går det stort sett greit, både med eggebånd, mellomfòr, passepoilerte lommer og hestehårsduk. Slike kurs er også svært sosiale, det er kjekt å verta kjent med nye folk. Auka kunnskap om bunadane i bygda får ein og, så eg stortrives når dette står på.

Men det er eit men og. Eg vart ikkje heilt ferdig. Bunaden mangla knapphol, knappar og siste "finishen", og det er den eg sat med i førre veke. Det er aldri eit godt teikn når det freistar meir å ta støvsugaren fatt enn å setja seg ned med handarbeidet. For det er handsydde knapphol det er snakk om, 36 stykker i talet. Mange av dei har til og med regels i ein kontrastfarge, men skal det vera  - ja så skal det vera !!!!
Her ser de detaljbilde av knapphola og knappane ved kne. Grøne knapphol med raud regels. 4 på kvar for, det nederste er bretta opp slik at det er litt å veksa i. Godt å veta at når buksa skal leggjast ned så er det berre å spretta falden, og dampa. Buksa er nemleg falda 2 gonger alt.
Vesten er raud med grønt midtstykke. Det skal illudere at det er 2 vestar, ein raud og ein grøn, slik dei brukar i Fana. Knappar og knapphol er det på begge deler. Klokkelomma har ein grøn rolourkant rundt lommeklaffen. Bortsett frå oppe på buksa er alle knapphol sydd i kontrastfarge til stoffet, det krev ekstra nøyaktigheit,
Kragen har grøne spissar og grøn rolourkant, dei nøyaktige stikkningane frå spiss til spiss kan heldigvis syast på maskin. Ryggen er fiskebeinsvevd kraftig ubleika bomullstoff.

Buksa er det vi kallar ei "lokabrok", utan gylf men med klaff som vert knappa opp med 5 knappar. Under klaffen er det 2 passepoilete lommer, det treng ein gut for å sikre at "ispengane" er trygge 17. mai.

Slik ser vest og bukse ut på gute/herrebunad frå Os i Hordaland. Bunaden er av dei som kom til rundt 1900 og har mange fellestrekk med andre herrebunader på desse trakter. Eigentleg burde dåke fått sett bunaden på. For skjorta er og ferdig, sokkar og sokkeband har han frå før, så alt er klart. Kanskje eg kan lure meg til eit bilde på 17. mai.

Tusen takk til alle dei som er så kjekke å les bloggen min, no skal eg kose meg med strikketøy og ein kopp te. Ønskjer dåke ein fin dag!

6 kommentarer:

  1. Herlighet så flott ein gutebunad! Du er skreddar eller iallefall mester til å gjere fint arbeid! Stolt må bestemor og barnebarn være med GOD GRUNN!

    SvarSlett
  2. Så utruleg flott an blei! Tenke det er godt å vera ferdig.
    Eg likar best herrebunadar med nikkers eller knebukse til, då skiljer det seg verkeleg ut frå svarte dressar!

    SvarSlett
  3. Virkelig et praktfullt plagg. Og praktfullt arbeid!!!
    Jeg håper du får anledning til å ta bilde på 17.mai :)

    SvarSlett
  4. For ein flott bunad du har sydd, og eit nydeleg arbeid!!
    Litt av ein jobb med alle knapphulla, og fine blei dei!
    Tenker det blir ein stolt liten herremann på 17. mai :)

    SvarSlett
  5. Nydelig Åshild, vakker bunad og vakkert håndarbeid. Du er dyktig.

    SvarSlett
  6. Du o du, så flott Åshild :) du er bare så dyktig! Kjempefin - og nå kan du senke skuldrene :)

    SvarSlett