tirsdag 3. juni 2014

Garngåve + rest = barnejakke

Var så heldig å få ei hespe garn i gåve seinvinters, eit deilig superwash merinogarn i lekre fargar. Merket var "Sticky peas"  og fargen heiter Dragon Flies. Garnet var kjøpt i "junaiten", så eg synest eg måtte bruke det til noko ekstra fint. Hespa vog 224 gram, så her var litt å spela seg med. 

Som bestemor er det ekstra kjekt å strikka til dei minste, slik vart det denne gangen og. Eg la opp masker i halsen og starta auke som til raglan, undervegs ville eg sjå kor drygt garnet var i bruk. Godt i gang fann eg ut at det kunne verta ei lita jakke. Så når eg kom ned under armane, strikka eg armane ferdig først, så bolen.
Jakka vart litt kort, så då kom ein rest Cascade 220 superwash til nytte. Strikka på ein liten blondekant nede og rillekantar rundt framme og i halsen.

Synes å auke med kast, slik at det vert holrad langs raglanaukinga gir ein fin effekt på jenteplagg. Vert litt feminint då, og saman med hemper sydd med knappholsting vert det ei fin avslutning og lukking på jakka. 

Slik vart jakka sjåande ut. Eg synest det er litt artig å strikke utan mønster. Tenkjer mange gonger at eg skal skrive ned kva eg gjer, men det vert med tanken. Så det vert berre ei slik jakke trur eg. Jakka veg 258 gr og er i str ca 2 år. 

Tusen takk til alle som ser innom bloggen min, eg ønskjer dåke ein fin dag. Det vert nok meir sporadisk blogging no når det er sommar og fint ver. Seier det slik sjølv om det alltid går litt i bølgjer med meg og blogginga!

3 kommentarer:

  1. Leser hvert ord - tror nok vi er fler i samme "båt" :) jeg trives jo i dette blogglandia jeg også, men merker jo at når lyset og varmen kommer, da blir det mer utendørs. Nydelig og fin jakke du har strikka Åshild - du kreative sjel :) ha fine dager du med, kos deg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for gode ord! Du er no til inspirasjon du med dine strikkerier veit du.

      Slett
  2. Du fekk til ein rektig søt jakke! Lurt å starta fra halsen, då får du nytta garnet maksimalt ;)
    Ser det er mindre blogging hjå dei fleste på denne tida, me må jo nyta det flotte været!

    SvarSlett