mandag 7. september 2015

Førebuing til sommarens store feiring

Det er veldig lenge sidan eg har laga ein blogg, så no må eg komme i gang igjen. Etter 17. mai var det liten tid til strikking, då var det symaskina som vart brukt. Tenkte eg kunne vise litt kva eg då hadde å kosa meg med..... ja kanskje stressa litt med og!

I sommar var vi så heldige at vi var med å feira bryllup i Cluj-Napoca i Romania. Det var sonen vår som gifta seg med sin kjære sambuar som er frå Cluj-Napoca i Romania. Når det er bryllup på gang så må garderoben vera i orden. Som brudgommens mor ønska eg meg ein ny festkjole. Dei to barnebarna som skulle vera brudepiker var eg og så heldig å få sy kjoler til. I tillegg retta eg brudekjolen så den skulle sitja perfekt.
 Jentene skulle få enkle kjolar som ikkje var for varme. Bruden fekk bestemme hovudlinjene korleis kjolane skulle sjå ut og eg laga til mønster og gjorde sømtekniske val. Stoffet vi valgte fekk vi på Stoff & Stil. Eg synest dei vart søte, med fin hårpynt og sølvsko og fine blomster. Den vesle sjarmerande jenta i forgrunnen var og brudepike men ikkje med lik kjole til dei 2 andre
Min kjole måtte og vera luftig. Romania kan vera varm i juli, og varmt fekk vi det ( 33 grader ). Eg hadde stoff liggande på vent til ein passande anledning. Stoffet har ei venninne kjøpt til meg i Uganda. Silke med innvevde gullblomster. Med eit så fint stoff måtte fasongen vera enkel, det vart det vi på 70-tallet kalla prinsessesnitt. Var så heldig at eg fann ein butikk i Åsane som selde klassiske Burdamønster, berre til å tilpasse og klippe ut. Stoffet var superglatt, men eg vart rimelig fornøyd med resultatet. Bildet er ikkje frå bryllupet men frå prøving heime på kjøkkenet.
Brudens kjole er kjøpt brukt og den måtte syast inn og leggjast opp. Å sy inn var litt styr sidan eg måtte ta ut glidelåsen (opp til 4 lag stoff) og sy inn i sida der den var. Men både bruden og eg var fornøyd til slutt. Sløret som kom saman med kjolen var langt, men vi vart enig om at eit kort slør var eigentleg meir kledeleg il denne kjolen. Då var det til å klippe av nederste delen og lage eit nytt slør. Synest det vart veldig fint. Den vesle jenta er datter deira, ho synest nok foreldra var veldig fine denne dagen.
 Til sist eit lite bilde av farkosten dei køyrde rundt i på hotellområdet under fotoseansen med fotograf. Vi hadde ie fantastisk flott feiring med både rumenske og norske gjester, ja vi feira opp til fleire dagar. Eit minne for livet!

3 kommentarer:

  1. Det er så flott å få sjå foto frå bryllup!! Og hjelpe meg så dyktig du er med saum! Dei flotte kjolane! Imponert, eg Åshild! Du kledde godt den unike kjolen du har sydd deg!

    SvarSlett
  2. Fantastisk arbeid du har gjordt med alle kjolane her!! Du skulle vore med i symesterskapet som går på TV nå ;)
    Brudeparet var så fine, og dei søte brudepikene med så fine kjolar. Din kjole var bare lekker, nydeleg stoff og fasong til deg! Du har all grunn til å vera fornøgd!
    Takk for hyggeleg kommentar på bloggen min!

    SvarSlett
  3. Oj! Nydelige jenter i de fineste kjolene - og den kjolen du selv har sydd Åshild, så kjempelekkert alt sammen! Dette kan du, bare sååå lekkert! Må si som Wenche, jeg også tenkte på symesterskapet da jeg så kjolen din, også silke da, er ikke det litt glatt å sy på tro? Du er kjempeflink altså. En herlig blogg fra ei som jeg har savna :) ha en riktig fin dag Åshild - kos å se deg her inne igjen

    SvarSlett