onsdag 28. oktober 2015

Strikkatrøye i Symre frå Telespinn

Var så heldig å verta invitert til eit treff med strikkeglade dager i juni. Det vart då arrangert tur til Telespinn. Det er ein fantastisk stad der mohairgeitene går og beiter rundt spinneriet. Snakk om kortreist garn. Riktig trivelig hadde vi det med omvisning, deilig lunsj og garnsnoping!
Selvfølgelig vart det med deilig garn heim og. Kjøpte inn garn til ei strikkatrøye (dialekt for kofte eller strikka jakke). Symre som er eit godt mohairgarn blanda med litt ull, eg har strikka det på pinne 2,5 og 3. Hadde valgt meg ut 5 fargar som kunne brukast saman. Mønster fann eg liksom ikkje som var heilt som eg hadde tenkt, men tok utgangspunkt i Annakofta. Masketalet stemte ikkje, så det måtte justeringar til. Mønsteret strata eg på 3 gonger før eg vart fornøyd. og då dikta eg mønsteret sjølv og brukte kjente border.
Boka om Fanatrøyer er til god nytte, der er det åttebladsroser i rikt monn saman med mange andre brukandes border.
 Fargane er ganske klare og kom ikkje heilt til sin rett på bilda, Knappane er 10-øringar som eg fekk av ei veninne i vår. Synest dei passa perfekt.
Her er jakka ferdig! Det vil seie ho var ferdig i byrjinga av september og har vore flittig brukt etter det! Ei jakke som veg berre 540 gram er lett og god i bruk. Varm er ho og. Vi har hatt ein fin haust og då er strikketrøyer blant favorittplagga mine.


7 kommentarer:

  1. der, vart eg følgar av deg atte!! Du datt ut litt, då me skifta til woolspire! Men, så til saken; Detta må jo være Åshild-trøya?? Så herlig og fin! Perfekte fargar til strikkedama!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Linda! Kjekt at du igjen vil følgja med. Woolspire vart vel ikkje det vi vart forespeila i det heile. Ja dette er ei jakke som er mi på alle måtar, ikkje minst fargemessig.

      Slett
  2. Det er jo Symre du har strikket i jo. Jeg har 500 gram i 3 div farver, og det er jo utrolig drøyt garn, var det ikke i overkant av 300 meter på et hespe tro? skal tro om det blir nok til ei jakke - kortjakke kanskje.... Ble nydelig jakke til deg, flotte farver til deg dette Åshild :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Rigmor! Ja det er nok om du ikkje skal ha den så lang. Eg har strikka ei jakke som er god i størrelsen og har brukt 540 gram.

      Slett
  3. Så flott jakke, og det ser ut som eit herlegt garn :)

    SvarSlett
  4. Du er dyktig, Åshild! Jakken din blei flott i fine farger og border.
    God helg!

    SvarSlett
  5. Nydelig jakke, Åshild.
    Synes det er en evighet siden vi var på tur. Mitt garn ligger nok ennå på vent...

    SvarSlett