Jammen blir det lenge mellom bloggane for tida, sjølv om eg stadig held på med mine handarbeid. Men til tider skjer det mykje anna i livet, og bloggen kjem då langt ned på prioriteringslista. I vår har eg vore 3 veker på rehabilitering på LHL - Nærland. Eit godt og lærerikt kurs som eg absolutt påverkar livet mitt framover på ein positiv måte. Vakkert er det og på Jæren, men ganske så flatt.
Har mange gonger tenkte på mi kjære mormor som flytta frå flate Jæren og til ein dal mellom bratte fjell på Sunnmøre, det må ha vore ei stor forandring.
I godt selskap vart det kaffi og lefse på Hå Gamle Prestegard, det smakte fortreffelig!
Utsikten var heller ikkje å forakte med Obrestad fyr i bakgrunnen.
Men med tre veker på tur vart det og strikka litt. Ikkje alt hugsa eg å ta bilde av før det vart
gjeve bort eller seldt. Noko vart no med heim og, blant anna strikka eg eit trekantsjal
til mamma. Ho hadde fødselsdag då eg var borte, og eg fekk lyst til å overraske henne med
dette sjalet strikka i Zitron-filisilk. Eit tynt garn i silke/merinoblanding og 600 meter på 100 gr.
Den andre helga eg var på Nærbø var eg invitert til Hjelmeland til ei venninne. Her hadde eg
ei herlig helg med handarbeid i fokus, god oppvartning er det alltid hos Wenche. I så godt
selskap kom eg godt i gang med dette sjalet, og eg vart ferdig før eg reiste heim.
Mønsteret er eit gratismønster frå Ravelry og kan finast her

På bildet under er det eit detaljbilde av mønstert.
Elles har eg fortsatt med garnryddinga mi. Og då er det særskilt enkle nøster og restar som
eg gjerne vil nytte. Har strikka tovevottar i restar av Hoefeldt_Lund 2-trådet spelsaugarn.
Dette er berre smårestar etter mange par einsfarga vottar, men litt for godt garn å ikkje nytta.
Datter våre ville gjerne ha dei, og dei er alt tatt i bruk.

Skilnaden i størrelsen på tova og utova vottar er ganske stor.
Oppskrifta på desse har eg laga sjølv. Den er nedskriven i stikkordsform på Ravelry, du finn den her.
Labbar er og lett å ty til for meg, har veldig ofte nokre på pinnane. Magic loop er ein grei måte å strikke labbar på, det å få begge ferdig samstundes likar eg.
Labbane under strikka eg til ei vennine som hadde fødselsdag. Dei er strikka i Sandnes Sisu etter dette mønsteret. Litt greit å strikke etter engelske mønster innimellom. Eg treng halde "strikkeengelsken" ved like.
Då eg var på Nærland vart eg invitert med på litt shopping første helga. Fredag var vi til Klepp og laurdag var det fabrikkutsalet til Sandnes garn som stod for tur. Ja og så ein stoffbutikk som hadde salg på metervarer. Blei nokre meter med bomullstoff med heim, hadde eg berre visst kva eg skal sy av dei. Har no litt planar og det skal dåke få sjå med tid og stunder.
Må tilstå at det er kjedeleg å ha så full koffert og reisa med tog og buss at ein må velge garn med
hard hand. Men Sisu til halv pris fekk vera med i posen, og då kom desse labbane på pinnane.
dei er alt overlevert ein nabo som ønska seg tynne heimestrikka labbar.
Veldig kjekt med dei som ser innom bloggen min! Det set eg pris på.
Veldig veldig kjekt å lesa og sjå blogg frå deg att! Og så mykje fint du har strikka. Sjalet tar krona da!! Godt at du fekk så fint opphald på Jæren.
SvarSlettSå kjekt å se deg her igjen :) og så mye fint du har laget, du Åshild, dette må du lære meg, og forstå disse sjalmønstrene, jeg kommer til kort der, det er noe jeg gjør feil, fatter ikke.... Helt nydelig, vakkert, sjalet du har strikket - som alt annet, lugger og votter :) du e så allsidig du :)
SvarSlettEr glad på dine vegne at Jæren-oppholdet var så vellykket! Men det var kjekt å få deg hjem igjen også, da ;)
SvarSlettAlltid like fint håndarbeid fra deg! Sjalet er rålekkert! Og tusen takk for de flotte labbene som jeg var så heldig å få :D
Takk for sist, Åshild, det var koseleg med besøk! Sjalet blei nydeleg, eg var så heldig å få sjå det under arbeid. Fine sokkar og votter og, du ligg ikkje på latsida! Kjekt å lesa blogg frå deg igjen.
SvarSlettSå mye fint du viser frem her! Sjalet var rett lekkert! Så tynt garn har jeg ikke strikket med enda, men jeg har som mål å strikke et slikt lett og delikat sjal i år, så får vi se om jeg rekker det :)
SvarSlett