torsdag 22. november 2012

Ei ny favorittjakke

I sommar var vi i Københamn, og då måtte eg naturligvis besøke ein spennande garnbutikk. Valget falt på "Sommerfuglen" som ligg sentralt og er lett å nå. Det er alltid spennande å finna noko vi ikkje finn på alle garnbutikkar heime, og det gjorde eg denne gangen og.

Valet mitt vart ei jakke frå Hanne Falkenberg. Eg synes ho har mange flotte modellar, mitt val vart modellen Dacapo i raudt og blått. Det som var ekstra kjekt var at modellen var oppstrikka og eg fekk prøva den på. Vanskeleg med fargevalet var det og, noko var utseld andre ikkje tilgjengelege. I utgangspunktet var det ikkje i raude nyansar eg ville strikke denne jakken, men no er eg superfornøyd. Jakken er superlett, veg berre 390 gr garn. Lite montering er det og. Berre å sy saman armane. Resten er strikka saman.

Her ser de jakken på hengar farmme..........

.............og her er den bak. Synes den er litt flott med den blå rilla som går frå midt i nakken og rundt til framstykket.

Framgangen på modellen er ganske enkel. Strikka først ryggstykket, så armane som vart strikka fast på ryggstykket. Deretter strikka eg framstykket som vart felt saman med armen framside, littt slik som i kontstrikk. Til slutt vart halskanten strikka. Hanne Falkenbrg har ein eigen måte å strikke kantmasker på som eg ikkje har prøvd før. dette gir veldig fine kantar som held godt fasongen på plagget.

Så verst i størrelsen vart den ikkje heller. Kjem nok til å verta mykje brukt!

onsdag 21. november 2012

Ei ferdig vevrenning - og draumen om nye arbeider

Veving er noko av det eg har tatt til med dei 2 siste åra. Eg har ein vev heime og så er eg aktiv i vevgruppa i Os husflidslag. Sidan eg aldri har lært å veva og ikkje har gått noko kurs er det mykje å finna fram til. Mønster, utstyr, teknikkarog ikkje minst ord og uttrykk. I fjord sette eg opp ei raud og beige renning heime. Denne vart i lengste laget, men no har eg fått klipt ho ned. Det gjennstår oppdeling og falding av løparane no.


Her ser det korleis resultatet vart før falding og rulling. Mønsteret til desse løparane kjøpte eg hos Seljord garn- og vevsenter, der kjøpte eg og cottolin til renninga. Dei er servicevennlege og hjelpsomme. Kan trygt anbefale å kjøpe hos dei. Til innslag har eg stort sett brukt lin av litt ulik type, kun¨til den siste som er litt beige på venstre sida er det brukt bomull. Synes lin gir flotte løparar med glans og fin overflatte og som ligg godt på bordet.


På ein Monica.vev i vevgruppa har eg vevd eit sjal i hundetann-mønster på 4 skaft. Her er det renning til fleire sjal, så eg må nok vente litt før eg får gjort det ferdig med frynser og toving. Då skal det nok komme eit bilde av det ferdige resultatet og meir informasjon.


I går fekk ein spennande konvolutt i posten, ei vevbok kjøpt på nettet. Her er det mykje spennande. Gleder meg til å komma så langt i mine prosjekt at eg kan setja opp noko frå denne boka. Er glad for at handarbeidsbøker kan lesast som underhaldning for oss som har mykje å læra. Ein eller annan gong får eg håpe at dette kan eg meistre :)

torsdag 15. november 2012

Fanagenser str 2 år

Har strikka ein fanagenser str 2 år i Daletta. Genseren skal vera gåve til ein skjønn liten kar som vart eit år i går. Synes fanamønsteret er ein av klassikarane som ealltid er aktuell å strikka, både til barn og vaksne.
 
 
Her ser de genseren som eg strikka denne gongen. Ein så liten genser synes eg vert fin utan åttebladroser på armane. Rutebne har eg strikka over 3masker og 3 omgangar. I omgang 2 og 3 har eg strikka ei mørke maskene vrang. Då synes eg får ei flott djupne i denne delen av mønsteret. Mønsteret trekker seg heller ikkje så mykje saman då.
 
 
På skuldera har eg laga begg på ein sida med 3 knappholshemper og tinnknappar. Ein trang hals gjer fort at eit plagg ikkje vert brukt så mykje.

Som regel strikkar eg dette fanagensarane utan mønser. Inspirasjonen finn eg i boka Fanatrøyer frå Fana Husflidslag. Dette er eit praktverk som tar for seg registrering av den store variasjonen som har vore på Fanatrøyene frå gammalt av. Mykje av denne variasjonen har gått tapt undervegs, desverre, men eg vonar noko av det kan koma tilbake.
 
 
Boka viser stor variasjon når det gjeld stripemønster, rutemønster og border......
 
 
.......også åttebladrosene har vore svært varierte.
 
 
No gjeld det berre at genseren fell i smak hos motakarane og flittig bruk. Størrelsen er nok god. Har strikka str 2 år for slike flotte karar veks fort.
 
 
 

søndag 4. november 2012

"Sjørøverhue"

Barnebarnet på 6 år kom ein dag og ønska seg ei sjørøvarhue. Bestemor, svak som ho er for slike ønskje, sa sjølvsagt ja. Då byrja jakta på eit mønster. Eg fekk kopiert eit motiv frå ein sjørøvargenser som eg kunne brodert på ei einsfarga  hue.


Byrja så å bla i "Fru Soleng" sine mønsterbøker. Og der fann eg eit mønster som kunne brukast. "Ser du bestemor, det der er figuren på sjørøvarflagget? "
Utfordringa her var at det ikkje var oppgitt strikkefastleik på plagget. Men bygd på erfaring og garnkjennskap valde eg å strikka hua i noko Dale Daletta som låg i garnkorga. Brukte p 2 og 3. Kunne med fordel brukt 2,5 på belegget. Strikka 2 ekstra omganger over bretten, der eg på den lyse strikka inn reffleksgarn saman med ullgarnet.


Når hua var ferdig vart ho raskt overlevert, og som de sikkert ser er det ein blid gut som har fått seg ny hue! No er det årsteppet og Hanne Falkenberg-jakka mi som er på pinnane!

torsdag 1. november 2012

3 nøster Pacolana frå Schulana

Å kjøpa litt garn utan å ha goda planar er fort gjort. I vår var eg innom Mauds garn på Lillestrøm og der hadde dei salg på Pacolana. Eit deilig og litt tjukt garn i 47% ull, 23% alpakka og 30 % microfiber. Garnet skulle strikkast på pinne 5,5 til 7 mm. 50 gr = 135 meter. Så det er altså ganske drygt i bruk.

I førre veke kom vinteren og dermed måtte huene fram. Barnebarnet på 8 år ønska seg ei baggyhue, og vi var samd i at dette lys lilla garnet kom til å verta kjempefint. Då minka det bittelitt i garnskapet mitt :)

Eg gjekk i gang og syntes hua såg ok ut i størrelsen, men ved prøving vart den alt for stor. Passar ei vaksen dame den. Opplegget då var 80 masker på p nr 5. Men designet falt i smak, det gjorde liksom ikkje noko om ho stort sett seig ned på nasa :)

Då var det berre å gå i gang med hue nr 2, og no klaffa det betre. Denne gangen la eg opp 68 masker. Begge gangane auka eg oppom bråtet kvar 5 maske med eit kast. det kastet danna byrjinga på mønsteret. Synes mønsteret gir ei flott avslutning på hua med spiralen som dannar seg. Slike detaljar slår jo ikkje alltid til når ein ikkje bruker mønster.

Eg hadde igjen ein god del av siste nøstet når huene vart ferdig, men slike restar synes eg det ofte er godt å få brukt. Har sett på pannebånda som er strikka i perlestrikk på langs, og bestemte meg for eit slikt eit. No er det ferdig og tilpassa barnebarnet på 8 år. Planen var å brodere på eit motiv med refleksgarnet men det fekk eg ikkje fint. Prøvde fleire teknikkar og broderisting, resultatet vart berre rotete i dette tjukke garnet. Løysinga vart då at av siste rest hekla eg ein liten rosett som eg sydde på med litt refleksgarn. At det virkar litt viser bilde. Tenkte dette pannebandet kan vera til adventskalenderen.

Av desse tre nøsta mine fekk eg 2 huer og eit panneband. Det er jammen bra for så tjukt garn!

mandag 29. oktober 2012

Oppbevaring av magebelter

Å veta kva garn er laga av og kva det er brukt til er viktig. Dei fleste garn har på seg magebelte eller lapp der det står om garnet. Her finn ein og korleis eit plagg skal stellast, strikkefastleik, kva det inneheld, antall meter mm.

Som regel heng eg med eit slikt magebelte på eit plagg når eg gjev det bort for å sikre at mottakar får denne informasjonen. Men sjølvsagt hender det at både dei og eg lurer på korleis plagget skal stellast? Å stole på at eg skal hugse slikt har efg funne ut er "toppen av optimisme".

 
No har eg funne mi løysing på dette. Eg har kjøpt meg eit fotoalbum på europris med plastlommer. Her skriv eg inn litt informasjon, gjerne kor mykje garn eg har brukt, om eg likte garnet, kor det er kjøpt ol.
 
 
Så no vonar eg og trur eg skal klare å halda betre oversikt. Men det er det vel berre tida som vil vise?

fredag 26. oktober 2012

VM- genser 2013

Reklame for Dale sin VM-genser 2012 fanga barnebarnet fort. "Bestemor kan du strikke ein slik genser til meg? Men den må ha glidelås? Kan du det?" Når 6-åringen ser på meg med sine blå augo er det greit å svara ja!

Guten er det varme slaget, så eg ville strikka genseren i Daletta. Eg kom heim og viste han garnet, men då lyste skuffelsen i augo. Fargen var ikkje den rette, den skulle vera mellombrun og svart, nett som Petter Northug sin.

Brun var ikkje å få i Daletta, så eg gjekk nokre rundar med meg sjølv og guten. Enden på den visa vart at eg bytta tråden inn i Sisu.  Så genseren er strikka i sisu svart og brunbeige. Barnemønstera er eigentleg berre i Falk, noko som eg for tjukt og varmt til guten vår. Eg har difor strikka masketalet på damegenseren i XS med lengdene til 8 år, og utan felling og auking i sida.


No er genseren ferdig strikka og montert, akkurat i tide til at vinteren kom.Litt arbeid er det på dette mønsteret, men når resultatet er bra kan eg ikkje klaga. Likar eigentleg ikkje glidelås på strikkaplagg, men dette er så kort at det gjekk fint å få inn i listene. Fin i størrelsen vart den, og guten som eigentleg ikkje er så glad i ullgensarar har lova å bruke den flittig!