mandag 24. mars 2014

Strikka vårkåpe

På vår vesle tur i haust kjøpte eg noko garn hos Strikk Innom som ligg utanfor Kragerø. Garnet hadde eg berre lest om, men det freista så mykje at eg overtala mannen til å kjøra ein del ekstra for at eg kunne realisera draumen om dette garnet. Er du i nærleiken, kan eg absolutt anbefale eit stopp i denne butikken med eit litt uvanleg garnutval og service langt over det som kan forventast. Jau, her vil eg gjerne tilbake her!
Her på trappa utanfor butikken, god parkering hadde ho og. Det var god råd å få parkert bubilen, noko som ikkje alltid er like lett.
Her frå ei av garnhyllene, romslig butikk med god plass gir mulighet til å riktig studere garn og kvalitetar.
Det var mange saker som gav inspirasjon - ja til og med fristelser! Her frå ei korg ved kassen. Må tilstå eg har ei av desse hespene til modning.

Lurer du no på kva garn det var? Jau det var Cascade 220 superwash i ein fin ubleika farge. Garnet er i 100 gramsnøster. Det synes eg er ein stor fordel, vert så mykje mindre trådfesting då. Det har tjukkelse og strikkefastleik omtrent som Falk og Smart, med andre ord ikkje heilt tynt men heller litt tjukt etter min målestokk.

Hadde ein liten plan, men den vart endra undervegs. No er halvparten av garnet brukt, og eg har strikka ei lita vårkåpe til barnebarnet som vert 1 år på laurdag. Mønsteret er frå Hjemmet nr 44/2009, opprinneleg eit Sandnesdesign strikka i Smart. Mamma strikka denne kåpa til eit anna oldebarn, og eg fall så pladask for kåpa at eg bestemte meg for at den skulle eg og strikka.
Her er eit nærbilde av krage og knappestolpe, synes detaljen med fletter på bråtet på armane er ekstra lekker
Her er kåpa framme, med fletter og rettstrikka felt som vert smalare oppover på bolen.
Detaljbilde frå ryggen med eit rettstrikka felt som går over i ei flette, ein lekker liten detalj på dette plagget.
Kåpa sett bakfrå på mottakaren, litt ustø enno når ho går. Har berre stabba av garde i vel ei veke, men veldig fornøyd over å kunne oppdaga "verda" oppreist og på eiga hand.
Ei lita bedårande prinsesse i den nye kåpa, er det rart eg smeltar kvar gong vi er saman. Jammen er det sant at barnebarna gir eit nytt perspektiv på livet! Og vi er heldige og har fire barnebarn.

tirsdag 11. februar 2014

Ny strikkemåte

Tusen takk til alle dåke som ser innom mine handarbeidsbloggar. Eg plukkar på, sjølv om det innimellom går litt i bølgjer med innsatsen. Ønskjer dåke ein fin dag!

Å prøva nye ting er noko som eg lett lar meg freiste til, og ein draum har vore å prøve meg på å strikke på maskin. Å kjøpa brukt maskin her ikkje vore så enkelt, dei er ofte dyre. Men med gode vener ordnar det seg. Sølvi har vore så grei at ho har låna meg si maskin, og med å bytta ein slitedel er eg no i gang. Det vil seia, det vert nok å rykka tilbake til start innimellom. I husflidslaget har vi ei kreativ og særs hjelpsom dame, ho er mentor og inspirator for dette prosjektet mitt.

Men no har eg klart å fullføra det første prosjektet mitt, og det er eg litt kry for. Eit trekantsjal til veslegullet som skal byrja i barnehage 1. mars. 2 restar med babygarn vart til dette sjalet.

Nye tøfler trengte også den vesle prinsessa vår, og eg prøvde meg på eit par nye tovetøflar etter oppskrifta til Marte Helgetun som eg har strikka før. Denne gangen brukte eg Ask Hifa 2 frå Hillesvåg ullvarefabrikk. Dessverre vart dei litt store, men då vil dei passe til hausten. Har derfor ikkje somla meg til å ta på latex under foten, men det er planen. Så då får eg prøve meg på eit anna par som kan bli passeleg no. Har ein ide som ligg på vent, så det får eg komma tilbake til.
Innimellom må eg ty til litt labbestrikking. Då vart 100 gram Fotnote frå Mauds garn til desse to para med labbar. Deilig garn av 70 % merino superwash, 15 % silke og 15 % bambus.
I tillegg held eg på med eit evighetsarbeid, men det skal dåke få ein titt poå ein annan dag.

søndag 2. februar 2014

Litt vinterstrikk.

Det kan kanskje virke som eit paradoks å strikke varme vinterting med den vinteren vi no har. Ikkje eit snøfnugg å sjå, berre tørt grass eller store dammar, Heldigvis har vi ei hytte på fjellet vi brukar innimellom. Førre helg då vi var der, var der både snø og kulde, ja til og med i meste laget. -10 grader og kuling gjorde det til ei koseleg innehelg.

Med tanken på kalde skiturer har eg strikka denne halsen til meg sjølv. Deilig og mjuk og ikkje minst varm og god. Dette garnet fekk eg i gåve på eit treff eg var på i Trondheim i fjor vår. Det er handspunne og har vore ein skatt eg måtte laga noko lekkert til meg sjølv av. Eg ville helst ikkje blanda det med kjøpegarn, synest ikkje det ville vera rett. Mønsteret laga eg etter kvart som arbeidet skreid fram. Starta oppe, strikka så nedover og auka som til rundfelling. Har alt tatt den i bruk og den er deilig på kalde og vindfulle dagar.

Mannen min ønska seg ei ny strikkehue. Tidlegare har eg strikka fleire J.C. huer, ei slik vart denne gangen og. Wenche Roald sin norske oversettelse er ei god hjelp, den finn du her. Garnet eg brukte er Hjerte frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. I det garnet og på pinne 2,5 la eg opp 140 masker.

Garn frå Hillesvåg er også brukt i desse tovevottane til min kjære. Trollgarnet derfrå er godt å tove og slitesterkt. Mønsteret eg har brukt har eg utarbeida sjølv for mange år sidan, både små og store synes det er gode vottar å bruke.

Kor mykje dei har krympa i toveprosessen visar på bilda over. 10 cm på lengda og tilsvarande på bredda gjorde dei akkurat passeleg. Då har eg vaska dei to gonger på vanleg vask på 40 grader og saman med ei dongeribukse. Slike vottar er suverene på kalde dagar når ein har vindvottar utanpå! Kvalitetsstempelet kjem frå ein erfaren kar som har vore snøholeinstruktør på Finse.





fredag 31. januar 2014

Med labbar på pinnane!

Trur så absolutt at dette er tida for å starte med litt blogging igjen. Nesten flaut at det er så lenge sidan eg har brukt bloggen min, men slik kan det nok bli til tider. Sidan sist er både advent og jul, ja til og med januar unnagjort, og vi går våren i møte. Deilig å tenkja på at det skal spire og gro, fargane skal komma igjen etter ein ganske grå vinter utan snø.

På handarbeidsfronten har det gått mykje i labbestrikking her hos meg. Nokre par på bestilling, andre som gåver. Ja nokon hamnar til og med i kassen med ferdige produkt. Boka  "sokker" av Bitta Mikkelborg har vore ei inspirasjonskilde når eg heiv meg over lageret med labbegarn.

Sheppards sokker strikka eg i Hakkespett frå Dalegarn. Dei er i str 45, og sat so støypt på foten til mottakaren. Ein liten rest vart til eit par små barnelabbar, ei gåve eller basargevinst ein gong i framtida. Desse sokkane skal eg strikke fleire gonger, men då i einsfarga garn. Mønsteret forsvinn litt i dei spraglete fargane. Likevel er det mykje kjekkare å strikka mønster enn berre vanlege labbar.
To par av "Motorsyklistens pensokker" har eg strikka og. Det eine paret i grått forsvann ut døra før eg hugsa ta bilete av dei. men ein glad mottakar likte dei godt. Paret under er strikka i Lana Grossa Mielenweit. Eit deilig og mjukt garn av 80% Merino og 20% polyamid. 100 gram rakk til både eit par i str 38 og eit par barnelabbar str 23. Ein liten lilla rest vart til eit par i str 22.
Litt Sokkegarn frå Hjertegarn var akkurat nok til "Glød" i str 37. Vanskeleg å få fram det fine mønsteret på bilete. Dette er også eit mønster eg skal strikke fleire gonger. Dei sat så godt på foten, og strikka i tynt garn kan dei vera ok å få ned i sko og.
Og medan eg har strikka desse og ein del par til har eg øva meg på å strikka labbane på "Magic Loop". No når eg har fått dette inn i fingrane kan eg ikkje tenkja meg å strikka einsfarga labbar slik. Begge ferdig samtidig og eg slepp å telja for å få dei like store. I tillegg er det supert når eg strikkar opp restar eller lurer på om eg har nok garn.
Men eg skal tilstå eg har ikkje berre strikka labbar, men det skal de få sjå i ein anna blogg. Og eg har lova meg sjølv at det skal ikkje bli like lenge mellom bloggane framover!

mandag 18. november 2013

Gåve til ei sprek dame på 50

Mi kjære søster fylte 50 år tidlegare i haust. Som gåve frå oss fekk ho tilbod om å plukke seg ut eit strikkeplagg eg kunne lage til henne. Valet hennar var ei trøye med mønster på strikka i eit ullgarn.

Då ho kom på besøk for at vi skulle sjå på kva ho kunne tenke seg, nemnde ho eit mønster som eg ein gong har brukt i ei jakke til meg sjølv. På vårmarknaden i Lærdal kjøpte eg to nøster Kauni, og dei låg framme den dagen. Det kjekke er at ho fall pladask for dei fargane, og dei kunne kombinerast med svart. Då var planen klar, og det var berre å setja i gang.

Fargane på kaunigarnet var i lilla, oransje, raudt og grønt. Eg likte kontrasten det skapte til den svarte bunnfargen som er Ask - hifa 2 frå Hillesvåg ullvarefabrikk. Det vart eit lett plagg, veg berre 420 gr. Synes ikkje det er mykje for ei dobbel jakke i voksen størrelse.

Størrelsen vart stort sett som planlagt. Kanskje armane kunne vore litt vidare øverst, men så er jakke lett å få innunder eit ytterplagg. Gledeleg å få veta at jakka alt er brukt fleire gonger sidan ho vart overlevert tidleg i haust.


fredag 1. november 2013

Smilande jente i ny skulegenser

Kvar morgon er eg så heldig at dei to eldste barnebarna kjem innom om morgon og får frukost og niste før dei går til skulen. Den eldste, som går i 4. klasse, for så lett til skulen i dag, for endeleg var genseren ho ønska seg ferdig.

Eg var så heldig å koma over nokre nøster med Sandnes Mini Alpakka til halv pris, og slike røvarkjøp kan ikkje eg gå forbi. Heime viste eg garnet til janta, som likte fargen. Ho var med å leita etter eit mønster og valde denne genseren frå Heftet 1301 2 - 12 år SISU BARN.

Mønsterfargane var ho og med å plukka ut, lysare lilla og kvitt. Har nokon vore innom døra når ho er her har ho vore rask med å visa fram arbeidet mitt. Stor var gleda i dag då ho kunne ta genseren på seg! Strålande kom ho heim og fortalde at den var så god i bruk!

No skal resten av garnet verta genser til familiens yngste, men det får eg koma tilbake til!

søndag 27. oktober 2013

Ein draum er realisert!

I mange år har eg drøymd om å kjøpe meg ei ny symaskin, ein overlock. Har høyrt andre skryta over si maskin og vorte nesten, men berre nesten, misunnelig. Ikkje det at eg syr så mykje, men planane er der. Har sydd mykje før i tida, men no er det helst litt bunader når barnebarna treng fornyast.
Men no er draumen komen i hus, eg klarte ikkje venta lenger. Turen gjekk til Tonje brodering på Hatlestad både ein og to gonger, eg hadde litt vanskeleg for å bestemme meg.  Eg trur eg kjem til å verta superfornøyd med valet mitt.

Overlocken er ikkje av dei mest avanserte eller av dei dyraste, men den kjem heilt sikkert til å dekke mine behov. For eg må tilstå at eg er flinkare til å leggja planar for kva eg vil sy enn å gjennomføre dei. Håpet er at dette skal snu no. Kanskje nokre av dei stoffa eg har kan verta brukande plagg i staden for skapfyll?

Må tilstå det er litt kjekkare å sy når vranga får eit meir profesjonelt utsjåande med reine fine saumar utan frynser. Utsida har alltid vorte bra, men å klippe frynser og sikksakke er ikkje blant favoritoperasjonane.

På arbeidsbordet låg det ein halvferdig kjole, der hadde den lagt sidan i februar. Men no har eg klart å gjera den ferdig. Og må tilstå eg er veldig fornøyd med den. Sitter bra og er behageleg på. Pynta den opp med litt store knappar for å feste lommene til kjolen i staden for ein stikning. Og fargen, ja den vart jo sjølvsagt lilla.