Strikk til yngste barnebarnet er greitt når det skal ryddast i garnlageret. Kjekt å få brukt garn som har lagt ei stund eller som er igjen etter andre prosjekt. Plagg i str 3 -4 år krev ikkje så mykje garn heller.
To turkisblå nøster var igjen etter ein genser eg strikka til meg sjølv i vår, saman med to nøster i kittfarge vart det ein liten sommargenser til sjarmøren vår. 10 cm var igjen etter siste turkise stripa, så då måtte det bli lys halskant. Garnet er Sandnes tynn merino, deilig i bruk til ein liten tass.
Som fotomodell må tilbehøret på plass, guten sjølv sprang rundt for å finne caps og solbriller.
På tilbud fann eg nokre nøster Cool Wool Merino i ein sennepfarge, planen var å kombinere dei med lilla i ein genser. Denne planen vart skrinlagt, og no er dei blitt bukse og genser til sjarmøren vår. Brukte opp alt, men mangla litt på bærestykket. 2 restar med offwhite og litt beige kom her til nytte.
God i størrelsen, så her vil han kunne halde seg varm heile kommande vinter. Hans kommentar, fin bestemor 😍
Mine handarbeidsgleder
Velkommen til blogen min! Her vil eg nok mest skriva om mine handarbeidsprosjekt og det som høyrer dei til. Eg er glad i det meste som gjeld handarbeid, men strikking er nok favoritten. I tillegg til å strikka sit eg gjerne ved veven og symaskina. Eg er nok mest glad i å strikka og sy klær. I veven har det vorte mest løparar. Det hender eg broderer litt og, men det må eg tilstå ikkje er ofte. Dei fem barnebarna er nok dei som eg oftast lagar noko til.
onsdag 27. juni 2018
mandag 25. juni 2018
Sjølv om det er litt langt mellom bloggane, er pinnane stadig i bruk. Ikkje alt kjem eg på å ta bilde av, og ikkje alt er noko å vise fram heller. Det siste eg har strikka er ny bol og nye armar på ein genser til mannen. Denne genseren blogga eg om i august 2014, og den har vore flittig brukt.
Den gang brukte eg Kauni i armane og bolen, bærestykket og monteringa vart det brukt Hillesvåg Ask på. Dette var eit garnryddeprosjekt, der det var om å gjera å få brukt garn frå eige "lager". I bruk viste det seg at Kauni er eit lite slitesterkt garn, no var alle brota frynsete, det var hol på albogane og Kaunigarnet var generelt godt brukt. Så det var berre å dela opp genseren.
Heldigvis fekk eg kjøpt Ask i same farge som eg har brukt på 8-bladsrosene hos Spøt as, Amfi Flåten. Synest genseren vart nesten "god som ny".
Å rydde i restegarnet ligg tankane stadig vekk, her har eg strikka 2 par barnevottar og eit par damelabbar. Labbane er strikka i Arwetta, dei er mjuke og gode, slitesterke skal dei og vera. Kjekt å ha litt småstrikk på lur til hausten kjem.
Desse vottane har eg strikka som gevinst til basaren i Os Husflidslag, det er blitt ein tradisjon med herrevottar til den basaren.
Vil ønskje alle som ser innom bloggen god sommar, godt vær, kjekke opplevingar og god tid til strikketøyet 🤣🌞🌼

lørdag 21. april 2018
Restestrikk i ferien
Å pakke strikkeveska til ferien, og då snakķar eg om 4 veker eller meir, blir gjort med litt planlegging og litt på impuls hos meg. Må tilstå at det er betydeleg omfang på veska, sydd etter mål for å kunne plasserast under eit sete i bobilen der det var egna plass for ho. Det ho oftast inneheld er:
- strikkepinnar som eg trur eg får bruk for saman med anna nødvendig strikkeutstyr
- garn til planlagde prosjekt, det vil seie to genserar til meg sjøl. Dei skal eg komma tilbake til i ein seinare blogg.
- litt restegarn som eg kunne tenkt meg å nytta.
- litt garn frå kjøp eg angrar på får og vera med.
- gjerne noko garn som eg har kjøpt fordi det berre lokka på meg, ekstra lekker kvalitet eller farge.
No har vi vore vekke i vel fire veker, temperaturane og veret har skifta, så utelivet har vore litt begrensa. For meg, som må ha noko i fingrane, vart det mykje tid til strikking.
Av garn som eg synest er nydelig har eg strikka eit sjal. Var i utgangspunktet tenkt å strikke trekantsjal, men det vart eit langt i rillestrikk. Garnet er handfarga merino, Zitron Blickfang, eit garn som kom til sin rett i rillestrikking på pinne nr 6. Dette er eit garn eg har kjøpt i Kappeln, Tyskland for fleire år sidan og godt å få brukt.
Restar nok til eit par vottar, Dale Falk, var oppi ein liten pose. Mønsteret er eit gratismønster frå Sandnes. Eigentleg er mønsteret til kjærastevottar, men hos meg vart det ein liten damevott.
I ein pose var det fire restar med Rauma PT 5, det rakk akkuret til vottar str 3 år og to par labbar skostørrelse 29 og 36.
Eit liten rest med tynt labbegarn vart til eit par barnelabbar str 24. Her har eg notert meg ned både masketal og mål, slike restar er det alltid godt å nytta. Dette er garn med 420 m /100 gr, så det er gode labbar oppi små sko.
I haust var eg på fabrikkutsalet til Solberg spinneri. Der fall eg for fristelsen til å kjøpe Schchenmayr Bambino bomullsgarn. Det gjer eg nok ikkje igjen, synest garnet delte seg lett og var veldig statisk. No er eg fornøyd med neg sjølv, garnet er strikka opp i klutar og er komme til nytte.
Og til slutt eit bilde for korleis eg håpar neste ferie blir, det er vel dette som er draumen, kunne sitje ute i sola med strikketøyet. Håpar vi alle får mange slike dagar framover! 😊
søndag 25. mars 2018
Xstatic for me - genser med innstrikka ermer.
Eg likar så godt gensere med isatt arm, og kan dei strikkast frå toppen og ned
er det supert. Då er det lite montering og at på til kan ein tilpasse størrelsen
etter kvart som arbeidet glir framover.
Denne gangen har eg valgt eit mønster av Isabell Kraemer, kjøpt på Ravelry, med framgangsmåten "continguous set-in-sleeves". Mønsteret kan kjøpast HER. Designeren har fleire fine modellar.
Denne framgangsmåten gircei litt skrå skulder, men etter vask så er genseren
fin på. Dessverre vokste genseren litt i vask, og går litt ut i bruk, men den er behageleg i bruk. Skylda for det må eg legge på garnvalget, Malabrigo Silky Merino.
Designeren har laga ein ny vri på avfellinga, den gav ei fin avslutning.
Halsutringinga er kledeleg, litt open.
Strukturmønsteret er og med å gir liv til dei glatte partia. Vil
anbefale framgangsmåten i dette mønsteret, det har gode forklaringar.
Mønsteret er på engelsk.
Etiketter:
engelsk oppskrift,
genser,
merino-silke,
strikking,
top-down
fredag 23. mars 2018
Damejakka Trudilutt - teststrikking.
Pinneguri er ei av mine favorittdesignarar, ho lager mønster med god passform til både liten og stor. Fleire av hennar design er blant mine favorittjakker.
Denne gongen har eg fått teststrikka Damejakka Trudilutt, ho byggjer på same leist som barnejakka Trudilutt. Den teststrikka eg i fjor før mønstetet vart publisert i bladet Garn. Mønsteret til Damejakka Trudilutt kjem i salg på Ravelry etter påske, så det du får her er ein sniktitt av ein av vårens nyheiter.
Denne jakka er strikka i Rauma Finull på pinne 2,5 og 3 mm. Det kjekke er at det ikkje er så lange trådspenn at trådane må tvinnast, med unntak av litt rundt dei store rosene då. I følgje Pinneguri har ho har funne inspirasjon i boka Selbuvotter av Anne Bårdsgård.
Her er ryggen på jakka, med rosene slik eg har plassert dei. Det morosame her er at strikkaren sjølv plasserer dei store rosene, det vil gje litt variasjon i korleis dei kjem til å bli. Men rosene på albogane finn ein mål på korleis dei kan plasserast.
Denne gongen har eg montert jakka med band over klippekanten, det kjem eg gjerne til å gjera igjen. Vil kanskje då bruke eit litt stramare band, det bølga seg litt denne gangen.
Dersom du er interessert i Pinneguri sine design finn du dei på HER på Ravelry. Denne jakkka er dei mi gode, kjekke nabo som skal bruka, eg håper ho vil få stor glede av ho.
Til slutt ein stor takk til deg som ser innom bloggen, ja til og med legg igjen ei helsing. Eg ønskjer dåke alle ei god påske! Håper våren melder sin ankomst desse ftidagane.

finull,
kofte,
strikkejakke,
strikking,
teststrikking,
ull
tirsdag 13. mars 2018
Huer - lette arbeid på pinnane
Av og til er det kjekt å ha eit litt lettare arbeid på pinnane. Då tyr eg gjerne til huer, både av det lettstrikka og krevjande slaget. Dette kan vera restestrikk og bilstrikk eller kanskje som fordjupning i ein teknikk.
Som fordjupning har eg strikka ei hue i brioche, dette som oppfølging av sjalet eg viste i ein blogg tidlegare. Dette er ei hue designa av Raina K og heiter Hearts in Head. Link til mønsteret på Ravelry finn du her.
Hua er strikka i Cool Wool Merinowolle på pinne 3 mm. Det er kjekt med huer i brioche, dei kan snuast og brukast med begge sider ut. Det blir nesten som to huer i ei.
Denne sida er strikka som retta.
Men kanskje er ho like fin med denne sida ut? Det får den som ein gong skal bruke huo bestemme.
Ei anna hue som er kjekk å strikke er JC - lue. Dette oppskrifta er og på norsk, oppskrifta kan du finna her. Denne er strikka i ein rest Hjertegarn frå Hillesvåg på pinne 2.5 mm. Dettever den tredje hua av same slaget i vinter, populære herrehuer som sitt godt på hovudet.

huer,
restestrikk,
strikketeknikker,
strikking
tirsdag 20. februar 2018
Stripes Ahoy!
No lengtar eg etter vår og varmare tider. Eit vær som gjer at det er råd for meg å være litt ute og. Ein lett marineinspirert sommergenser kan vera kledeleg då. I mine tøler hadde eg ein rest marineblå silkeuld frå Henrichsens uldspinneri i Skive, Danmark og to hesper Silkeull frå nøstebarn. Å strikke frå halsen og nedover er alltid kjekt når garnet er begrensa, men må tilstå eg kjøpte 50 gr meir med ubleika garn.
Mønster fann eg på Ravelry, designeren Åsa Tricosa har ein framgangsmåte på å strikke "isett arm" uten å kutte tråden. Ho har mange fine design, så kanskje det kan bli fleire mønster herifrå med tida. På bildene såg dette flott ut og mønster til Stripes Ahoy! vart kjøpt. Å strikke etter engelsk oppskrift går no lett. Øving var det som skulle til.
Slik vart min genser. Eit lett plagg som berre veg 250 gr.
Og skuldertilpassinga er super. Den har ei god passform både på skulder, arm og bol.
Så då er det berre å vente på varmare tider! Ute ligg det tjukt med rim og dei truer med snø og slaps og!
Tusen takk til alle dåke som såg innom den førre bloggen min.
Det sette eg stor pris på!
Abonner på:
Innlegg (Atom)