torsdag 1. november 2012

3 nøster Pacolana frå Schulana

Å kjøpa litt garn utan å ha goda planar er fort gjort. I vår var eg innom Mauds garn på Lillestrøm og der hadde dei salg på Pacolana. Eit deilig og litt tjukt garn i 47% ull, 23% alpakka og 30 % microfiber. Garnet skulle strikkast på pinne 5,5 til 7 mm. 50 gr = 135 meter. Så det er altså ganske drygt i bruk.

I førre veke kom vinteren og dermed måtte huene fram. Barnebarnet på 8 år ønska seg ei baggyhue, og vi var samd i at dette lys lilla garnet kom til å verta kjempefint. Då minka det bittelitt i garnskapet mitt :)

Eg gjekk i gang og syntes hua såg ok ut i størrelsen, men ved prøving vart den alt for stor. Passar ei vaksen dame den. Opplegget då var 80 masker på p nr 5. Men designet falt i smak, det gjorde liksom ikkje noko om ho stort sett seig ned på nasa :)

Då var det berre å gå i gang med hue nr 2, og no klaffa det betre. Denne gangen la eg opp 68 masker. Begge gangane auka eg oppom bråtet kvar 5 maske med eit kast. det kastet danna byrjinga på mønsteret. Synes mønsteret gir ei flott avslutning på hua med spiralen som dannar seg. Slike detaljar slår jo ikkje alltid til når ein ikkje bruker mønster.

Eg hadde igjen ein god del av siste nøstet når huene vart ferdig, men slike restar synes eg det ofte er godt å få brukt. Har sett på pannebånda som er strikka i perlestrikk på langs, og bestemte meg for eit slikt eit. No er det ferdig og tilpassa barnebarnet på 8 år. Planen var å brodere på eit motiv med refleksgarnet men det fekk eg ikkje fint. Prøvde fleire teknikkar og broderisting, resultatet vart berre rotete i dette tjukke garnet. Løysinga vart då at av siste rest hekla eg ein liten rosett som eg sydde på med litt refleksgarn. At det virkar litt viser bilde. Tenkte dette pannebandet kan vera til adventskalenderen.

Av desse tre nøsta mine fekk eg 2 huer og eit panneband. Det er jammen bra for så tjukt garn!

2 kommentarer:

  1. Huene blei veldig fine og, nydeleg mønster.
    Ser du har fiksa opp bloggen din, den blei kjempefin! Nydeleg bilde i bakgrunnen og behageleg, avdempa farger ;)

    SvarSlett
  2. Nydelige luer!
    Og veldig smart med refleksgarn :)
    Rosetten ble bare KNALL med refleks i midten.

    SvarSlett