fredag 7. juni 2013

Pelssaugarn - eit positivt bekjentskap!

Hillesvåg Ullvarefabrikk har starta å spinne eit nytt garn dei har kalla Norsk Pelsullgarn. Her kan du sjå dei flotte fargane dei leverer dette garnet i.

Hillesvåg ullvarefabrikk presenterer garnet slik:
  • Norsk Pelsullgarn er et 2- trådet, mykt og glansfult kardegarn. Garnet er velegnet til pledd, luer, votter og andre bruksplagg.
  • Ca. 260 m pr. 100 g, Nm 5,2/2 100% Norsk Pelsull.
  • Strikkefasthet: 22 masker = 10 cm på pinner nr. 3,5 - 4.
  • Leveres i hesper à 100 g (50 g kan også leveres).
Eg likte godt ein grålilla farge og har strikka meg ein genser. dette skulle vera ein genser som var litt sid og god, rekk godt ned på låra, og som luna godt på kalde kveldar. Er fast følge i bubilen når vi er på tur.

 
Genseren er strikka uten oppskrift, og er strikka frå halsen og ned. Det er strikka ei dobbel flette for å dele den litt opp. Håpet er jo at det skal få meg til å sjå litt smalare ut, med andre ord prøvde eg meg på litt optisk lureri. Midt bak sette eg i ein knapp i nakken for litt pynt.

 
Eg strikka på pinne nr 4 mm, trur kanskje eg kunne brukt eit nr større utan at plagget vart laust i strikkinga. Norsk pelsullgarn er drygt i strikk, genseren vegberre 485 gr. Synes ikkje det er så verst for eit så stort plagg. Tråden kan gjerne virke litt stikkete i strikkinga, men etter vask vart den mjuk og fin. Når det gjeld kløing veit eg ikkje, det er ikkje noko eg er plaga med.
 


5 kommentarer:

  1. Nydeleg farge, Åshild! Og ikkje minst flott design. Kossen synes du det er å strikka ovanfrå og ned?
    Sjølvsagt har jo nå dine gode skussmål for dette garnet gjort at eg nok må ha det også i samlinga mi...

    SvarSlett
  2. Det er bare ein ting å sei, lekkert!! Nydeleg farge og fint mønster :)

    SvarSlett
  3. Kjempefin genser! Alltid like nydelig arbeid fra deg :)
    Fletten pyntet opp hele genseren -enten den er optisk lureri eller ei ;)
    Smart med pynteknapp!

    SvarSlett
  4. Genseren så veldig deilig og god ut! Kjempefin ^^

    SvarSlett
  5. Den ser bra god ut Åshild :) flott farve, så strikker du den veien? Aldri prøvd... Kjempefint håndarbeid fra deg igjen :)

    SvarSlett