torsdag 2. juni 2016

Strikkejakkedilla eg?

Etter jul har eg strikka jakker med berre litt småstrikk innimellom. Og dei jakkene har eg 
strikka til meg sjølv. Eg starta med ei jakke i Wollmeise DK, og den jakka skulle ha fletter. 
Mi erfaring er at flettemømnster fører seg fint og flettene kjem klart fram når eg strikkar i 
Wollmeise DK. Eg fann eit mønster på Ravelry som eg ville strikka, då fekk eg og 
repetert litt strikkengelsk, og det kan absolutt trengast. Mønsteret heiter Adventurous.
Litt arbeid er det jo å strikke ei jakke med så mykje mønster, men denne synest eg gjekk 
ganske greit å strikke. Litt vanskelig å få fram den djupe raudfargen på bilde, også mønster og 
fasong forsvann litt.
Jakken har A-fasong og fører seg fint. Synest og ryggen har eit fint mønster.
Her er eit detaljbilde av kragen og nakken. Eg starta med å strikke kragen, plukka opp masker og strikka jakken frå halsen og nedover. Det er ein fordel når ein er usikker på om det er nok garn.

Neste prosjekt vart ei restejakke etter Pinneguri sitt mønster på Hverdagsjakka. Dette mønsteret finn du her. Dette var samstrikk i ei gruppe, utruleg kjekt å sjå alle dei ulike jakkene som vart strikka.
Mi jakke er strikka i restar etter 2 jakker eg har strikka designa av Hanne Falkenberg. Garnet er ganske tynt, så jakka er lett og god i bruk
For første gang har eg montert uten å strikke belegg, egentleg skulle eg kunne montere uten å sy 
med symaskin og. Men eg hadde litt få klippemasker så eg brukte 3-stings sikksakk før eg klipte. Synest resultatet vart bra, og jakka er alt brukt mykje,

Den siste jakka i år...... så langt..... er Sinnasaujakka, også designa av Pinneguri. Det mønsteret 
finn du også på her på Ravelry. Men eg må tilstå at litt endringar har eg gjort undervegs.
Denne gangen har eg brukt 2-trådsgarn frå Sjølingstad Uldvarefabrik, ein avdeling av Agder Museum. Eit spennande utsalg som eg var så heldig å besøke i april. Her fekk eg kjøpt både garn og mønster. Eg fall pladask for dei flotte fargane på dette garnet.
På denne jakka har eg strikka smale lister med hemper sydd med knappholssting. Dette er nok min favoritt når det gjeld montering av jakker. Det var litt vanskelig med lilla knapper, men desse grøne vart i mine auge "prikken over i'en".
Og til sist dristar eg meg til ein "selfie" for å vise at denne jakka sitte fint over skuldrane. Eg må og tilstå at eg alt har ei ny jakke til meg sjølv på pinnane, men det får vente til ein annan gong.

5 kommentarer:

  1. Whow og atter whow, for noen lekre jakker! Har nok jakkedilla meg og! Men, er jo ikke noe å skjemmes over?! ;) Veldig fin garderobe du har strikka deg!

    SvarSlett
  2. Jeg er virkelig imponert over jakken med fletter!! For et arbeid og for et flott resultat. Hverdagsjakka og sinnasauen var også fine. Jeg er godt igang med min jakke fra pinneguri, som er Ellinorjakka. Gleder meg til den er ferdig:)

    SvarSlett
  3. Imponerande arbeid!! 3 flotte jakker, spesielt flettejakken var nydeleg! Ein kan ikkje få for mange jakkar, greit å ha til ein kvar anledning.

    SvarSlett
  4. Mamma mia! Så flotte jakker altså, mye arbeid med enkelte, men du verden så fine de er :)

    SvarSlett
  5. Wow, så flink du er ! Nydelige jakke, takk for kommentar på bloggen min. Jeg har nå lagt deg til og vil følge denne fine bloggen din, med hilsen fra Beth

    SvarSlett