fredag 31. januar 2014

Med labbar på pinnane!

Trur så absolutt at dette er tida for å starte med litt blogging igjen. Nesten flaut at det er så lenge sidan eg har brukt bloggen min, men slik kan det nok bli til tider. Sidan sist er både advent og jul, ja til og med januar unnagjort, og vi går våren i møte. Deilig å tenkja på at det skal spire og gro, fargane skal komma igjen etter ein ganske grå vinter utan snø.

På handarbeidsfronten har det gått mykje i labbestrikking her hos meg. Nokre par på bestilling, andre som gåver. Ja nokon hamnar til og med i kassen med ferdige produkt. Boka  "sokker" av Bitta Mikkelborg har vore ei inspirasjonskilde når eg heiv meg over lageret med labbegarn.

Sheppards sokker strikka eg i Hakkespett frå Dalegarn. Dei er i str 45, og sat so støypt på foten til mottakaren. Ein liten rest vart til eit par små barnelabbar, ei gåve eller basargevinst ein gong i framtida. Desse sokkane skal eg strikke fleire gonger, men då i einsfarga garn. Mønsteret forsvinn litt i dei spraglete fargane. Likevel er det mykje kjekkare å strikka mønster enn berre vanlege labbar.
To par av "Motorsyklistens pensokker" har eg strikka og. Det eine paret i grått forsvann ut døra før eg hugsa ta bilete av dei. men ein glad mottakar likte dei godt. Paret under er strikka i Lana Grossa Mielenweit. Eit deilig og mjukt garn av 80% Merino og 20% polyamid. 100 gram rakk til både eit par i str 38 og eit par barnelabbar str 23. Ein liten lilla rest vart til eit par i str 22.
Litt Sokkegarn frå Hjertegarn var akkurat nok til "Glød" i str 37. Vanskeleg å få fram det fine mønsteret på bilete. Dette er også eit mønster eg skal strikke fleire gonger. Dei sat så godt på foten, og strikka i tynt garn kan dei vera ok å få ned i sko og.
Og medan eg har strikka desse og ein del par til har eg øva meg på å strikka labbane på "Magic Loop". No når eg har fått dette inn i fingrane kan eg ikkje tenkja meg å strikka einsfarga labbar slik. Begge ferdig samtidig og eg slepp å telja for å få dei like store. I tillegg er det supert når eg strikkar opp restar eller lurer på om eg har nok garn.
Men eg skal tilstå eg har ikkje berre strikka labbar, men det skal de få sjå i ein anna blogg. Og eg har lova meg sjølv at det skal ikkje bli like lenge mellom bloggane framover!

mandag 18. november 2013

Gåve til ei sprek dame på 50

Mi kjære søster fylte 50 år tidlegare i haust. Som gåve frå oss fekk ho tilbod om å plukke seg ut eit strikkeplagg eg kunne lage til henne. Valet hennar var ei trøye med mønster på strikka i eit ullgarn.

Då ho kom på besøk for at vi skulle sjå på kva ho kunne tenke seg, nemnde ho eit mønster som eg ein gong har brukt i ei jakke til meg sjølv. På vårmarknaden i Lærdal kjøpte eg to nøster Kauni, og dei låg framme den dagen. Det kjekke er at ho fall pladask for dei fargane, og dei kunne kombinerast med svart. Då var planen klar, og det var berre å setja i gang.

Fargane på kaunigarnet var i lilla, oransje, raudt og grønt. Eg likte kontrasten det skapte til den svarte bunnfargen som er Ask - hifa 2 frå Hillesvåg ullvarefabrikk. Det vart eit lett plagg, veg berre 420 gr. Synes ikkje det er mykje for ei dobbel jakke i voksen størrelse.

Størrelsen vart stort sett som planlagt. Kanskje armane kunne vore litt vidare øverst, men så er jakke lett å få innunder eit ytterplagg. Gledeleg å få veta at jakka alt er brukt fleire gonger sidan ho vart overlevert tidleg i haust.


fredag 1. november 2013

Smilande jente i ny skulegenser

Kvar morgon er eg så heldig at dei to eldste barnebarna kjem innom om morgon og får frukost og niste før dei går til skulen. Den eldste, som går i 4. klasse, for så lett til skulen i dag, for endeleg var genseren ho ønska seg ferdig.

Eg var så heldig å koma over nokre nøster med Sandnes Mini Alpakka til halv pris, og slike røvarkjøp kan ikkje eg gå forbi. Heime viste eg garnet til janta, som likte fargen. Ho var med å leita etter eit mønster og valde denne genseren frå Heftet 1301 2 - 12 år SISU BARN.

Mønsterfargane var ho og med å plukka ut, lysare lilla og kvitt. Har nokon vore innom døra når ho er her har ho vore rask med å visa fram arbeidet mitt. Stor var gleda i dag då ho kunne ta genseren på seg! Strålande kom ho heim og fortalde at den var så god i bruk!

No skal resten av garnet verta genser til familiens yngste, men det får eg koma tilbake til!

søndag 27. oktober 2013

Ein draum er realisert!

I mange år har eg drøymd om å kjøpe meg ei ny symaskin, ein overlock. Har høyrt andre skryta over si maskin og vorte nesten, men berre nesten, misunnelig. Ikkje det at eg syr så mykje, men planane er der. Har sydd mykje før i tida, men no er det helst litt bunader når barnebarna treng fornyast.
Men no er draumen komen i hus, eg klarte ikkje venta lenger. Turen gjekk til Tonje brodering på Hatlestad både ein og to gonger, eg hadde litt vanskeleg for å bestemme meg.  Eg trur eg kjem til å verta superfornøyd med valet mitt.

Overlocken er ikkje av dei mest avanserte eller av dei dyraste, men den kjem heilt sikkert til å dekke mine behov. For eg må tilstå at eg er flinkare til å leggja planar for kva eg vil sy enn å gjennomføre dei. Håpet er at dette skal snu no. Kanskje nokre av dei stoffa eg har kan verta brukande plagg i staden for skapfyll?

Må tilstå det er litt kjekkare å sy når vranga får eit meir profesjonelt utsjåande med reine fine saumar utan frynser. Utsida har alltid vorte bra, men å klippe frynser og sikksakke er ikkje blant favoritoperasjonane.

På arbeidsbordet låg det ein halvferdig kjole, der hadde den lagt sidan i februar. Men no har eg klart å gjera den ferdig. Og må tilstå eg er veldig fornøyd med den. Sitter bra og er behageleg på. Pynta den opp med litt store knappar for å feste lommene til kjolen i staden for ein stikning. Og fargen, ja den vart jo sjølvsagt lilla.

lørdag 26. oktober 2013

Superlett genser til meg sjølv

Eg kjøpte strikkegarn i Stockholm i fjor haust som skulle verta noko til meg sjølv. Garnet heiter BC Alpaca Flamè og består av 59 % alpaca, 19% ull, 15% acryl og 7 % polyamid.

Garnet er eit effektgarn med varierande tjukkleik og tvinn. Dette gir eit litt ujamnt strikk,
ser nesten ut som mønsterstrikk.

300 gram skulle vera rikeleg til eit plagg til meg. Dette synest eg høyrde lite ut,
så eg valde å starta ved halsen, strikke raglanarmar og så bolen til slutt. 
Ønske var å få ein "oversized" tunikagensar med 3/4 lange armar, og det fekk eg.
Veg berre 215 gram og då er den stor og god.

Har også vaska genseren, som alt er brukt mange gonger. Synes at den vart heller større
enn mindre i vask. Så no vaskar eg den på ullvask og 30 gr i maskina.
Genseren er lun og god i bruk, litt gjennomsiktig så eg må nok ha ein topp under.

Har også strikka eit par labbar til eit barnebarn, han fekk sjølv velge garn frå "lageret" mitt.
 Labbane er strikka i Lanagrossa Meilenweit. og veg 51 gr i skostr 35. Eit drygt og godt garn.
Fargen på bilete er ikkje heilt rett, dei er meir grå med turkise striper.

torsdag 10. oktober 2013

Kjole med mariusmønster.

Det er alt for lenge sidan eg laga ein blogg, no får eg sjå om eg ikkje kjem i gang att. Får starte med å vise kjolen eg har strikka til minste gullet vårt.
Utgangspunktet var nokre nøster med babygarn kjøpt i Flensburg i sommar. 2 nøster beige og 2 nøster ubleika babygarn. Merket var Lana Grossa "Cool Wool Baby". Garnet er godt å strikka og drøyt i bruk, Kjolen veg berre 115 gr i str 1 år. Superwash er garnet og, det gjer stellet lettare for travle småbarnsmødre.

Eg veit mammaen liker dei tradisjonelle norske mønstera, og mine tankar for då til ein eigen variant av MARIUSMØNSTERET. Utgangspunktet fann eg i denne boka:
Eg ville ikkje strikka den vanlege varianten, men laga min eigen vri. Bærestykket på denne kjolen synest eg så fint, men likar godt ein kjole utan armar. Då kan dei ofte bruka den mykje lenger. Lettare å pynta den opp eller vera kvardagsleg, alt kva dei brukar til av strømpebukser og toppar.
Valet vart då å strikka mariusmønsteret nede med det runde bærestykket oppe. Utgangspunktet tok eg i denne kjolen med setesdalsmønster men gjorde ein del endringar.
  • Felte 18 masker 3 gonger oppover mønsteret for å få eit litt utskrått
  • Strikka riller ved opplegget på armane og som avslutning  
  • Hekla tungekant nede på skjørtet for at den ikkje skulle bretta seg opp.

Vart jo fornøyd med resultatet då, må eg tilstå. Litt stor, men kan brukast også no. Var så heldig å ha prinsessa på besøk ein dag, måtte då prøva kjolen på for å sjekke størrelsen. Tilbehøret var ikkje plukka med omhu, men greit nok synest eg.

Er ho ikkje eit sjarmtroll?

fredag 30. august 2013

Babysett - gevinst til basaren 2013

Kvart år når ferien er slutt, ja helst litt før, er det basaren som krev litt innsats. Og med basaren meiner eg sjølvsagt basaren i OS HUSFLIDSLAG. Å vera eigar av eige hus krev pengar til vedlikehald og opprustning. Og når ein starta med slike ting renn pengane fort ut.

Huset vårt heiter "Yrkesstova" og er bygd av  barakker frå ubåthamna på Hatvik frå siste verdskrig, og vart bygd i 1946. Det fekk eit påbygg på slutten av 70-talet. Her har vi alle våre aktiviteter. Heldigvis er medlemmane flinke å støtta opp om basaren med gevinstar og loddsal. Det gjer arbeidet enklare for styret.

I år er ein av gevinstane eg bidreg med eit hentesett. Eg har strikka det i eit garn frå Hillesvåg som heiter Sol, eit deilig og tynt superwashgarn. Synes det er greit at det kan vaskast i maskin når eg ikkje kjenner mottakaren. Brukte berre 107 gr, så det er drøyt i strikk. Strikka på på pinne 2,5 mm, blir lekkert dtynt og fint til eit lite nor. Eg valgte å strikka det i ein kjønnsnøytral farge og etter eit mønster i Sandneskatalog som heiter Tema 24.